Hopp til innhold

Ordførar forsvarar pengebruken

Dei siste åra har det blitt investert rundt 290 millionar kroner i idrett- og kulturanlegg rundt Firda vidaregåande skule på Sandane. Sjølv om nedleggings-spøkjelset no trugar fleire skular i fylket, forsvarar Gloppen-ordføraren pengebruken.

Ola Tarjei Kroken viser rundt på Trivselsbadet

STOLT: Dagleg leiar ved Trivselsbadet, Ola Tarjei Kroken, er tydeleg stolt over anlegget som stod klart i slutten av august.

Gravemaskiner og arbeidsfolk er no i sving med siste del av den storstila utbygginga rundt den vidaregåande skulen på Sandane.

Ein idrettshall på 4000 kvadratmeter skal stå klar neste år. Like ved ligg allereie nytt kulturhus og ein ny symjehall. Til saman skal det brukast 290 millionar kroner her, halvparten er det fylkeskommunen som står for. Den andre halvparten er det Gloppen kommune og ordførar Anders Ryssdal som må betale.

– Dette vil bety mykje for kommunen, seier Ryssdal om idrettshallen og dei nye anlegga i Trivselshagen.

Stolt over populært anlegg

Dagleg leiar for Trivselshagen, Ola Tarjei Kroken, viser NRK stolt rundt i det nye Trivselsbadet på Sandane. Anlegget vart opna i slutten av august og det har allereie vist seg å vere eit populært tilbod.

– Sidan vi opna dørene har det vore 19.000 besøkjande innom, så vi må vel kunne seie at det har vore bra brukt, gliser Kroken.

Han legg ikkje skjul på at han er stolt over det dei har fått til.

– Det er eit privilegium å få jobbe med dette. Det er eit kjempeflott anlegg og vi har fått veldig mykje folk som brukar det, seier han.

Klar samanheng med skulen

Også ordførar Anders Ryssdal likar godt det han ser. Inne i symjehallen kosar folk seg, og ordføraren seier det gjer godt å sjå at innbyggjarane trivst.

– Dette er eit tipp topp moderne anlegg, og det får besøk av både folk frå Gloppen og regionen rundt, seier han.

Satsinga på tilbod innan idrett og kultur på Sandane har ein klar samanheng med Firda vidaregåande skule, fortel Kroken.

– Firda vidaregåande har vore ein drivkraft for lokalmiljøet i mange år. Samarbeidet mellom skulen og lokalmiljøet er ein føresetnad for å få dette opp å gå, seier leiaren for Trivselshagen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Anders Ryssdal og Ola Tarjei Kroken

FORNUFTIG: Både ordførar Anders Ryssdal og Ola Tarjei Kroken forsvarar pengebruken på idrett- og kulturtilbod rundt den vidaregåande skulen på Sandane.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Kan måtte leggje ned fleire skular

Men sjølv om det no altså er brukt 290 millionar kroner på idrett og kulturanlegg rundt Firda vidaregåande, kan det bli færre potensielle brukarar i åra som kjem.

Politikarane jobbar no nemleg med å finne ut korleis strukturen for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane skal vere i framtida. Elevtalet går ned og det blir mindre pengar å bruke på den vidaregåande skulen og strukturelle grep meir eller mindre tvingar seg fram.

Eit konsulentselskap la fram tre forskjellige kuttmodellar, medan Frp la fram sin eigen modell. I Frp sin modell blir det lagt opp til at Firda vidaregåande skule skal leggjast ned.

Då planutvalet i Sogn og Fjordane diskuterte saka nyleg bestemte dei seg for å vrake Frp sitt forslag. Dei vil i staden sjå vidare på dei tre forslaga frå konsulentselskapet, i tillegg til ein fjerde modell der det ikkje blir gjort endringar i organiseringa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Trivselsbadet på Sandane

IDRETT OG KULTUR: Det er ei rekkje tilbod som no er samla i rundt Firda vidaregåande skule. Her ser du Trivselsbadet utvendig. Like ved ligg Trivselshagen, og ein har no starta bygginga av ein ny idrettshall.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Meiner skulen må ha gode anlegg

I modellane frå konsulentselskapet blir det lagt opp til at Firda vgs. skal bli ein fylkesskule, mellom anna vil den kunne bli den einaste skulen i fylket som har utdanningstilbod innan idrett og media og kommunikasjon.

Anders Ryssdal vil ikkje forskottere kva politikarane bestemmer seg for, men meiner heilt klart at dei 290 millionane som er brukte på anlegg rundt skulen er verdt det.

– Norconsult, som har laga denne rapporten, meiner det skal vere fylkesdekkjande linjer her, som til dømes musikk, dans og drama og idrett. Då må det vere kvalitet på anlegget, og det gjeld både Firda vgs. sine anlegg og dei andre anlegga rundt om kring, seier Ryssdal.

– Veldig fornuftig

Han set stor pris på at fylkespolitikarane har spytta inn så mykje pengar i satsinga på Sandane og meiner det er mange som nyt godt av satsinga på idrett og kultur. Samtidig forstår han at fylkespolitikarane no må gjere grep sidan

Dagleg leiar for Trivselshagen, Ola Tarjei Kroken, er til liks med ordføraren trygg på at både idrett og kulturtilboda vil bli brukte av mange i åra framover.

– Eg er heilt sikker på at det kjem til å bli brukt.

– Eg meiner dette er veldig fornuftig og det bidreg til gode tilbod for både ungdom, vaksne og eldre.