Hopp til innhold

Næringslivet i Stryn mobiliserer for den vidaregåande skulen

Næringslivet i Stryn seier det er totalt uaktuelt at Stryn vidaregåande skule blir lagt ned.

Arild Bødal

UAKTUELT Å STÅ I RO OG SJÅ PÅ: Bedriftsleiar Arild Bødal i Stryn, seier det er uaktuelt å stå og sjå på at skulen blir lagt ned.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK (MMS-foto)

Eit hundretals menneske samla seg i Stryn torsdag. Ulike delar av næringslivet fortalte kor viktig den vidaregåande skulen er for næringslivet i kommunen.

Knut-Henning Hjellbakk

INITIATIVTAKAR: Knut-Henning Hjellbakk

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK (MMS-foto)

I fjor sette ein ned ei gruppe som skulle utvikle samarbeidet mellom skulen og næringsliv i Stryn.

– Rapporten til Norconsult har aktualisert prosjektet endå meir. No er det naturlegvis full gass, seier prosjektleiar Knut-Henning Hjellbakk.

I fjor kom konsulentselskapet Norconsult med ein rapport, der dei blant anna føreslo å leggja ned halvparten av dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane.

– Totalt uaktuelt

Stryn vil som dei fleste andre kommunar som har ein vidaregåande skule, kjempe med nebb og klør for å behalda skulen i sin kommune.

– Me i Stryn er kjende for å utvikle eit sterkt næringsliv. Både innanfor fylket, og også på landsbasis, er me kjend for å ha mange sterke bedrifter og sterke merkevarer, seier bedriftsleiar Arild Bødal.

– Me kjem aldri til å sitja i ro og sjå på at eit scenario slik Norconsult sin rapport peikar på, bli ein realitet. Det kan både fylkeskommunen, politikarar og innbyggjarar merke seg: det er totalt uaktuelt.

Han seier det handlar om å vise kor viktig ein desentralisert skulestruktur i Sogn og Fjordane er for å vidareutvikla fylket.

– I løpet av dei neste 15-20-åra, so går ikkje elevtalet ned i Hornindal og Stryn. Me vil vidareutvikle skulen til det samfunnet treng i framtida, seier han.

Fylkespolitikarane merkar presset

Jenny Følling

MERKAR PRESSET: Jenny Følling

Foto: Arne Stubhaug / NRK

To av dei som skal ta den vanskelege avgjerda, er fylkespolitikarane Jenny Følling, fylkesvaraordførar (Sp) og Norvall Nøringset, leiar hovudutval for opplæring (Sv).

– Eg merkar presset gjennom media. Det er tydeleg at kommunane som har vidaregåande skular diskuterer korleis dei skal angripe dette og få fram sine synspunkt, seier Følling.

– Eg tykkjer det er kjekt at mange engasjerer seg, det er positivt og førebels er det uproblematisk å forhalde seg til, seier Nøringset.

Følling seier at ho opplever at folk skjønar at det må gjerast endringar, men at ingen vil at det skal gjerast hjå dei.

Norvall Nøringset

MERKAR PRESSET: Norvall Nøringset

Foto: Vegar Erstad / NRK

– Det er den utfordringa me har no, seier ho.

– Elevane må i fokus

– Skulane er først og fremst for elevane. Elevfokuset syns eg er litt fråverande i ein del av dei lesarinnlegga eg ser. I morgon skal eg møta med ein representant for korleis ein skal få elevane på bana for ikkje å drukne i næringsliv i politiske grupperingar og ordførarar, seier Nøringset.

Dei neste åra skal det skal reduserast 40 elevgrupper.

– Eg er skeptisk til at politikarar og næringslivsfolk gløymer å sjå utgangspunktet for debatten; at me får 600 færre elevar dei neste 10 åra, 80 millionar mindre å drive skulane for, og dei veit inderleg godt at det kostar å drive skular, seier Nøringset.

Ordførar i Stryn, Sven Flo (Høgre), meiner fylkespolitikarane nyttar feil strategi.

– Me har ei folketalsutvikling og elevtalsutvikling som er heilt annleis enn det rapporten seier. Skal me halda fram å veksa, so må me ha ein vidaregåande skule.