Hopp til innhold

Norsk Hydro inn i skulekampen

Storkonsernet Norsk Hydro vil ha eit ord med i laget om skulestrukturen i Sogn og Fjordane.

Hilde Merete Aasheim

BEKYMRA: Konserndirektør Hilde Merete Aasheim i Norsk Hydro.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

I eit brev til Sogn og Fjordane fylkeskommune skriv konserndirektør Hilde Merete Aasheim frå hovudkontoret i Oslo at konsernet er bekymra for konsekvensane dersom Høyanger vidaregåande skule eller Årdal vidaregåande skule blir lagde ned.

Vi er svært bekymret for at mange familier ikke kan eller vil bosette seg i Høyanger eller Årdal dersom de nærmeste videregående utdanningstilbudene vil befinne seg langt unna. Vi har allerede fått konkrete tilbakemeldinger fra Hydro-ansatte med barn som etter hvert skal begynne på videregående skole, at de er bekymret for om de kan fortsette å bo der de gjør, og om de kan fortsette å jobbe i Hydro.

Tilråding 16. mai

Den 16. mai skal fylkesrådmannen legge fram si tilråding til kva vidaregåande skular som skal leve vidare og kva skular som må leggast ned. Sidan Norconsult la fram sin rapport 23. oktober 2012 har det pågått ein intens debatt.

Høyanger vidaregåande skule er ein av skulane som er mest utsette, og det har vore eit stort engasjement i Høyanger for å verne om skulen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal

VIKTIG FOR HYDRO: Årdal vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Rundt 1000 tilsette

I brevet legg Aasheim vekt på at Hydro har rundt 1000 tilsette i Sogn og Fjordane, og at verka i Årdal og Høyanger har mykje å seie for verdiskaping og sysselsetting i fylket.

Hydro har rundt 10 lærlingar frå Høyanger vidaregåande skule og 15-20 frå Årdal vidaregåande skule. Konsernet skriv at det kan få store negative konsekvensar for metallverka i Sogn dersom dei lokale vidaregåande skulane blir lagde ned.

(Artikkelen held fram under biletet)

Halvor Molland

- SKULANE ER VIKTIGE: Informasjonsdirektør Halvor Molland.

Foto: Nina L. Dauge / NRK

– Attraktive lokalsamfunn

Informasjonsdirektør Halvor Molland i Hydro seier at dei har stor respekt for den politiske prosessen rundt skulestrukturen i Sogn og Fjordane, men at dei har nytta seg av retten til å kome med innspel.

– Hydro ynskjer å satse på å vidareutvikle verksemda vår i Norge og i Sogn. Ein av føresetnadene for å drive godt og kostnadseffektivt er tilgang på kompetent arbeidskraft.

– Vi er opptekne av at Årdal og Høyanger skal vere attraktive og framtidsretta lokalsamfunn som er i stand til å halde på og tiltrekke seg nye innbyggjarar, og i den samanhengen er skuletilbodet viktig.

(Artikkelen held fram under biletet)

Høyanger vidaregåande skule

VIKTIG FOR HYDRO: Høyanger vidaregåande skule.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Ein av mange faktorar

– I brevet skriv de at det kan få store negative konsekvensar for metallverka i Sogn dersom dei vidaregåande skulane i Årdal og Høyanger blir lagde ned. Betyr de at dette kan vere avgjerande for om de vil satse på desse stadene eller ikkje?

– Det er nok ikkje denne saka som kjem til å avgjere det. Men dette er ein av mange faktorar som kan trekkje i ein positiv eller negativ retning.

Petter Sortland

GLAD FOR STØTTA: Ordførar Petter Sortland i Høyanger.

Foto: Privat

– Viktig drahjelp

Ordførar Petter Sortland i Høyanger er glad for brevet frå Norsk Hydro.

– Det er veldig flott, og det er viktig for oss å få slik drahjelp. Norsk Hydro er eitt av dei største konserna i Norge, og det er ikkje berre Årdal og Høyanger som har nytte av verksemda deira. I Luster har dei fleire arbeidsplassar, og det er mange i nabokommunane som har arbeid i Årdal og Høyanger.

Kor stor vekt trur du fylkespolitikarane vil legge på eit slikt innspel?

– Dei bør legge litt vekt på det. Det er ikkje lenge sidan fylkespolitikarane samla seg om ein resolusjon der dei bad Hydro satse i Sogn. Skal ein ha eit samarbeid må dei ta slike konkrete utsegner på alvor.

I tillegg til fråsegna frå Norsk Hydro sentralt har den lokale leiinga ved metallverka i Årdal og Høyanger og kome med sterk støtte til dei vidaregåande skulane i industrisamfunna.

Fabrikksjef Wenche Eldegard i Hydro Høyanger Metallverk skriv i ei fråsegn at verket har godt samarbeid med Høyanger vidaregåande skule, og at utan skulen vil verket ha utfordringar med å tiltrekke seg dei medarbeidarane dei treng for å kunne vere ei kompetanseverksemd.