Hopp til innhold

To meter høgt ugras spreier seg over heile Vestlandet

JØLSTER (NRK): Det svartelista ugraset parkslirekne er nesten umogleg å bli kvitt når det først har slått rot. No kan klimaendringar bidra til at planten breier om seg på Vestlandet.

Aud Næss

LEI: Aud Næss i Jølster i Sunnfjord synest parkslirekne er ein plagsam vekst.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

– Her var alt rydda vekk i fjor. Som du ser så er den tilbake for fullt, seier Aud Næss i Jølster i Sunnfjord.

Ho er ein av dei som slit med å bli kvitt ugrasplanten parkslirekne. Den fuktige sommaren vi hadde på Vestlandet i år har gitt gode vekstforhold for den svartelista planten, som spreier seg som aldri før.

– Vist eg for eksempel bryt av ein bit av denne planten og kastar han frå meg ein stad, så kjem det fort ein ny koloni, seier Næss

Stadig betre kår for planten

Parkslirekne er ein hurtigveksande plante som kan bli opp til 2,5 meter høg. Og den trivst spesielt godt langs kysten.

Inger Auestad

STOR FRAMVEKST: Førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Inger Auestad, fortel at førekomsten av parkslirekne har auka kraftig dei siste åra.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

– Han likar seg veldig godt der det er mildt og vått, så Vestlandet er perfekt. Når det no blir våtare og villare ser det berre ut til at han trivst endå betre, seier førsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet, Inger Auestad.

Ho har studert framveksten av parkslirekne i Noreg og har sett at førekomsten av planten har vorte mykje større dei siste åra.

– Det har vore ein eksplosiv auke i talet på førekomstar dei siste 10–15 åra, seier Auestad.

Spreiinga av parkslirekne

UTBREIING: Kartet viser stadar der arten parkslirekne har slått rot.

Foto: Artsdatabasen

Kjem opphavleg frå Japan

Auestad fortel at parkslirekne opphavleg kjem frå Japan. Forskaren meiner klimaet i delar av Japan ikkje er så ulikt slik ein har det på Vestlandet.

– Han vart innført som ein prydplante på 1800-talet, fordi folk tykte han vart stor og flott. Det er jo eigentleg ein ganske flott plante, seier Auestad.

Sjølv om nokre tykkjer den særeigne planten ser fin ut, seier Auestad at han fører til ein god del ulemper der han slår rot.

– Parkslirekne fortrenger alt anna der han får feste. Gras og plantar hamnar i skuggen av den svære planten og veks ikkje vidare.

Ugrasplanten parkslirekne

SPREIER SEG: Det skal berre ein liten planterest til frå ugrasplanten parkslirekne før det kan kome ein ny koloni av den svartelista planteveksten.

Foto: Kaia Johnsen Viki / NRK

Må brennast

Jølster kommune har fått midlar frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og freistar no å ta grep for å kome problemplanten til livs. Dei har mellom anna gjort systematiske registreringa av førekomstar av planten slik at ein kan unngå spreiing når ein gjer kantslått og anna arbeid.

Men det er ein vanskeleg vekst å få styr på. For den spreier seg veldig lett. Difor seier kommunen at planten må brennast eller leverast på ein godkjent miljøstasjon på stadar merka med farleg avfall. For Aud Næss vil det ta fleire år å bli kvitt den svartelista planten i hagen.

Dette er verdas verst plante, seier Næss.

Parkslirekne

KOLONI: Planten veks fort fram og er vanskeleg å bli kvitt.

Foto: Sigbjørn Larsen / NRK