Hopp til innhold

Tidlegare fylkestopp godtek ikkje dommen

Ber Gulating lagmannsrett behandle utruskapssak på nytt.

Magnus Engh Juel og Stig Nybø

ANKAR: Politiadvokat Magnus Engh Juel (t.v.) og forsvarar Stig Nybø under hovudforhandlinga i Sogn og Fjordane tingrett. No kan det bli ei ny runde i retten for den utruskapstiltalte tidlegare fylkestoppen.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Mannen vart i tingretten dømd til to år i fengsel for omfattande økonomisk utruskap mot Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Han vart også dømd til å betale 2,7 millionar kroner i erstatning .

– Dommen er feil. Han har erkjent utruskap for kring 200.000 kroner. Utover det har han ikkje vedgått noko som helst, seier forsvarar Stig Nybø og stadfestar at dommen blir anka.

800 beslag

Mannen stod tiltalt for økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner. Frå 2011 kjøpte mannen utstyr til seg sjølv og familien på fylkeskommunen si rekning . Også Florø fotball brukte av utstyret.

Heime hos mannen, på hytta og på fleire ulike adresser gjorde politiet til saman 800 beslag i saka som vart meld politiet i 2015.

800 beslag i straffesak mot utru fylkestopp.

STORE BESLAG: Då saka var i tingretten fylte politiet sine beslag eit heilt rom på tinghuset i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Då mannen møtte i Sogn og Fjordane tingrett før sommaren, bad politiet om fengsel i tre år utan vilkår for mannen. Påstanden var også opp til fire millionar kroner i erstatning.

Ikkje sikra ny vurdering

Ankefristen for dommen gjekk ut i går. Nybø seier klienten hans er budd på å ta påkjenninga med ei ny runde i retten.

– Det er verre å bli uskuldig dømd enn å måtte ta ei ny runde, seier advokaten.

Han er også budd på at det ikkje er sikkert at saka kjem opp til ny behandling. Berre dommar med strafferamme på over seks år slepp automatisk igjennom til ny behandling.

– Vi har håp om at den slepp igjennom. Han er uskuldig dømd, seier Nybø.

Det har så langt ikkje lukkast NRK å få kommentar frå påtalemakta.