Hopp til innhold

Fylkestopp dømt til to års fengsel og til å betale 2,7 millionar i erstatning

Den tidlegare fylkestoppen og idrettsleiaren kjøpte inn utstyr til seg sjølv og fotballaget for fleire millionar kroner.

800 beslag i straffesak mot utru fylkestopp.

STORE BESLAG: Då saka var i tingretten fylte politiet sine beslag eit heilt rom på tinghuset i Førde.

Foto: Bård Siem / NRK

Det var før jul i 2014 at fylkesrådmann Tore Eriksen fekk mistanke om at den tidlegare leiaren hadde gjort seg skuldig i økonomisk utruskap.

Mannen vart suspendert, før han til slutt fekk sparken. Den tidlegare leiaren har mellom anna brukt offentlege midlar til å kjøpe inn kostbart utstyr som vart brukt av ein lokal fotballklubb.

Ifølge tiltalen er det snakk om datautstyr, film- og lydutstyr, gåvekort, verktøy, dronar, trenings- og friluftsutstyr, byggemateriale, mobiltelefonar, sjampanjekjølarar og ei røykmaskin.

Må betale millionar i erstatning

Sjølv har han erkjent straffeskuld for eit beløp på mellom 150.000 og 200.000 kroner, altså 3,5 millionar mindre enn tiltalen. No har Sogn og Fjordane tingrett dømd han til å betale ei erstatning på 2,7 millionar til fylkeskommunen.

Saka mot mannen dreier seg om kjøp han har gjort frå 2011 og fram til fylkesrådmann i fylkeskommunen Tore Eriksen melde mistanken til politiet den 8. januar 2015.

Politiet meinte at mannen skulle dømmast til tre års fengsel. I retten la dei fram over 800 gjenstandar dei meinte mannen hadde skaffa seg på uærleg vis.

Mange beslag

Den 22. januar vart mannen sin bustad ransaka.

Det blei gjort beslag av diverse utstyr frå radioar, mobilladarar, høgtalarar og liknande. Mykje av utstyret er ifølge dommen kjøpt inn på fylkeskommunen si rekning.

I tillegg til bustaden til fylkestoppen, der blant anna soverommet var søkt gjennom, vart den private hytta, bilen, og idrettsanlegget vedkommande er knytt til, ransaka. Vedkommande har vore styremedlem i ein fotballklubb i Sogn og Fjordane.

I retten vart det vart lagt fram store mengder fakturaer, e-postutvekslingar, fylkeskommunale budsjett, og andre dokument i retten. Eitt av dei var eitt dokument over innkjøp gjort av den tiltalte mellom 2011 og 2014.

Skuffa over dommen

Forsvarar for mannen, Stig Nybø, seier at dei er skuffa over tingretten si avgjerd, ikkje minst fordi mannen er dømd på fleire punkt enn det han vedgjekk skuld for.

– Det første vi må gjere er å setje oss ned og lese dommen og gå grundig gjennom den. Vi må sjå grunngjevinga som retten har hatt, og bestemme oss ut i frå det, seier Nybø.

– Kva punkt i dommen vil du peike på, som du meiner er feil?

– Det går på det generelle. For dommen går over alt han har gjort, på eit vis. Det er vanskeleg å seie eksakt kva som er feil. Vi meiner det generelt sett er feil, for å seie det slikt.

Aktor i saka, politiadvokat Magnus Engh-Juel, vil førebels ikkje kommentere dommen.