Hopp til innhold

Rassiaen slo ned som ei bombe i fotballklubben

Rettssaka mot styremedlem i ein fotballklubb i fylket starta i dag. Mannen, som jobba som toppleiar i fylkeskommunen, er tiltalt for grov økonomisk utruskap av 3,7 millionar kroner.

Illustrasjonsbilde idrett

– EIT SJOKK: Det vart ikkje ein vanleg dag for leiinga i fotballklubben då politiet kom og ransaka klubblokala. (Illustrasjonsfoto).

Foto: Colourbox.com

Ein januardag i 2015 var som ein heilt vanleg dag for fotballklubben. Men så skulle alt bli snudd på hovudet. Politiet stod i døra med ransakingsordre, og klubblokala vart saumfarte av ei rekkje politifolk.

– Det kom som eit sjokk på oss. Utstyret vi hadde lånt vart beslaglagt. Det same vart ein del utstyr som vi aldri ville hatt bruk for, som var mellomlagra hos oss, fortel styreleiaren i fotballklubben.

Den mistenkte vart arrestert, og ein etter ein av toppane i klubben måtte inn til avhøyr. Politiet ville vite kvifor mykje utstyr som høyrde til fylkeskommunen var å finne i klubblokala.

Grov økonomisk utruskap for 3,7 millionar

Mannen som no er tiltalt hadde tidlegare ei sentral leiarstilling i fylkeskommunen, og politiet meiner han har kjøpt inn mykje utstyr til bruk for fotballklubben på fylkeskommunen si rekning.

Ein del av utstyret skal vedkomande også ha teke i bruk sjølv, meiner politiet. Noko av utstyret skal ha stått lagra på staden der klubben held til.

Vedgår lån

Styreleiaren vedgår at klubben i ein periode lånte ein del utstyr som vedkommande styremedlem i fotballklubben hadde kjøpt inn til fylkeskommunen. Bakgrunnen var ein vasslekkasje på stadion, som øydela mykje av det kommunale lydutstyret. Kommunen hadde heller ikkje pengar til å erstatte dette innan rimeleg tid.

– Det var mellom anna eit miksebord, høgtalarar, forsterkarar, mikrofonar og streamingutstyr, seier styreleiaren.

Men stussa du ikkje over at fylkeskommunen kunne låne ut så mykje utstyr til fotballklubben?

– Det var ein soleklar avtale at klubben berre skulle låne utstyret. Det er ikkje uvanleg at offentlege instansar låner ut utstyr til frivillig idrettsarbeid, seier han.

Sit framleis i fotballstyret

Styreleiaren påpeikar at vedkomande så langt ikkje er dømd for noko og at han slik sett er uskuldig.

– Han har i ei årrekkje gjort ein stor jobb for fotballen, og difor sit han framleis i styret, seier han.

Styreleiaren karakteriserer det fotballklubben har lånt av fylkeskommunen som bagatellmessige ting.

– Det er vanvitig sløseri av offentlege midlar å kalle inn heile ti vitne frå fotballmiljøet, seier han.

Forutan styreleiaren er fleire tidlegare og noverande styremedlemmer i fotballklubben kalla inn som vitne. Det same er hovudtrenaren i klubben. Også fylkesrådmannen og mange leiarar i fylkeskommunen skal vitne.

Hardt ut mot tiltalen

Tiltalte sin advokat, Stig Nybø, har tidlegare karakterisert den alvorlege tiltalen som «hinsides» all sunn fornuft.

– Han har vedgått å ha gått utanfor sine fullmakter for eit beløp på om lag 150.000 kroner. Dette er noko heilt anna enn dei store beløpa i tiltalen, seier advokaten.