NRK Meny
Normal

Dom: Toppklubb brukte store mengder utstyr kjøpt ulovleg på fylkeskommunen si rekning

Stadionutstyr i hundretusenkroners-klassen som 1. divisjonsklubben Florø fotball brukte, kom frå ein tidlegare medlem i styret, som no er dømd til fengsel i to år for økonomisk utruskap mot arbeidsgjevaren sin, Sogn og Fjordane fylkeskommune: – Omfanget er langt mindre, seier styreleiar.

Tore Havn

KREVJANDE: – Florø fotball har handla i god tru når dei har lånt utstyret, seier styreleiar Tore Havn i Florø sportsklubb, som Florø fotball er underlagt.

Foto: Bård Siem / NRK

Fotballsensasjonen Florø har fossa oppover i det norske seriesystemet. Men kvardagen i fotballklubben har samstundes vore razzia, politietterforsking og dom mot ein tidlegare fylkeskommunesjef som har vore medlem i Florø fotball-styret. Styreleiaren i Florø fotball er mistenkt for heleri.

– Han som er dømd, er gått ut av styret. Styreleiaren som er mistenkt, meiner vi har opptredd ryddig. Inntil han eventuelt blir sikta og dømd, oppfattar vi han som uskuldig, seier styreleiar Tore Havn i Florø sportsklubb, som Florø fotball er underlagt.

Havn står i dei tomme og stille klubblokala på Florø stadion. På veggane heng jubelbilete. Klubben er ein av dei store suksessane i norsk fotball dei siste åra: I fjor haust rykte dei opp til 1. divisjon, og no kjempar dei om kvalifiseringsplass for eliteserien.

Men Havn er alvorstung, av fleire grunnar:

  • 7. september blei ein tidlegare toppsjef i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som òg har vore medlem i styret i Florø fotball, dømd til to år i fengsel for grov økonomisk utruskap. Retten meiner han har brukt tre millionar kroner av fylkeskommunen sine pengar til å kjøpa store mengder dyrt og profesjonelt utstyr.
  • Ein del av utstyret, som fylkestoppen ifølgje dommen har kjøpt for fylkeskommunen si rekning, har Florø fotball fått bruke, som lydanlegg, dyre og profesjonelle filmkamera og kostbart utstyr til å strøyma fotballkampar.
  • Styreleiaren i Florø fotball blir etterforska av politiet mistenkt for heleri.

NRK har snakka med Stig Nybø, advokaten til den dømde toppsjefen i fylkeskommunen. Verken Nybø eller den dømde ønskjer å kommentera saka. Den dømde har ikkje bestemt seg for om han vil anka dommen frå Sogn og Fjordane Tingrett. Ankefristen er 26. september.

Den mistenkte styreleiaren i Florø fotball ønskjer ikkje å kommentera saka og viser til Tore Havn.

– Langt mindre omfang

Opprullinga starta for alvor 21. januar 2015: Den dagen stod politiet på døra med ransakingsordre. Omhyggjeleg finkjemma politifolka klubblokala ved Florø stadion:

Florø-Sogndal - jubel på tribuna

FOTBALLEVENTYR: Det har vore mykje å jubla for på Florø stadion dei siste åra, ikkje minst då Florø fotball rykte opp til 1. divisjon i fjor haust. Den sterke utviklinga i klubben har fått mykje merksemd.

Foto: Alf Vidar Snæland
  • Utstyr, som klubben hadde lånt eller mellomlagra, blei beslaglagt.
  • Éin etter éin måtte toppane i klubben inn til avhøyr. Politiet ville vite kvifor utstyr som høyrde til Sogn og Fjordane fylkeskommune, var å finne i klubblokala.

Den eksakte prislappen på utstyret som Florø fotball har disponert, går ikkje fram av dommen, men til dømes har dei brukt:

  • Avansert kommunikasjonsutstyr for fotballdommarar til 132.130 kroner.
  • Dommen viser at den tidlegare toppsjefen mellom anna har kjøpt utstyr til film, strøyming, foto og redigering til 1.889.832 kroner. Noko av dette utstyret har Florø fotball fått bruka, men dommen seier ikkje kor mykje eller over kor lang tid det er blitt brukt.

Styreleiar Havn meiner omfanget er langt mindre:

– Utstyret som fotballklubben har brukt, har vore merka med Sogn og Fjordane fylkeskommune, og klubben har handla i god tru når dei har lånt det. Det har ikkje vore tankar om at utstyret skulle ha vore kjøpt inn på vegner av klubben, seier Havn.

I dommen er det gjeve att e-postar og smsar mellom den dømde og andre personar i fotballklubben i Florø. Retten meiner desse korrespondansane viser korleis den domfelte kjøpte utstyr til klubben på Sogn og Fjordane fylkeskommune si rekning.

Over 800 beslag i sak mot utrutiltalt eks-fylkestopp.

OMFATTANDE: Eit rom i Sogn og Fjordane tingrett var under rettssaka i juni fullt av utstyr som den tidlegare fylkestoppen hadde kjøpt inn på Sogn og Fjordane fylkeskommune si rekning. Noko av utstyret har Florø fotball fått bruka. Den dømde må betala 2,7 millionar kroner i erstatning til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Heleri-mistanke

Styreleiaren i Florø fotball er mistenkt for heleri.

Etter det NRK kjenner til utgjer den ovanfor nemnde sms- og e-postutvekslinga ein del av grunnlaget for at politiet starta etterforsking av styreleiaren i Florø fotball.

Politiadvokat Jørn Lasse Refsnes i Vest politidistrikt stadfestar at styreleiaren framleis er mistenkt, og at saka ikkje er avslutta. Ei viktig årsak til at politiet ikkje har konkludert i saka, er ifølgje Refsnes at politiet har venta på dommen, som kom 7. september.

Styreleiaren ønskjer i dag ikkje å kommentere saka. Men då NRK snakka med han i juni i år, stilte han seg heilt uforståande til mistanken.

Magnus Engh Juel og Stig Nybø

PÅTALEMAKTA: Magnus Engh Juel (t.v.) var aktor i rettssaka mot den dømde toppsjefen i Sogn og Fjordane fylkeskommune, som gjekk over 13 dagar i Sogn og Fjordane tingrett frå 14. juni til 4. juli 2017.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Styreleiaren fortalde den gongen at han heile tida hadde vore i god tru, og at ein vasslekkasje gjorde at klubben i ein periode i 2014 måtte låna ein del utstyr frå fylkeskommunen, men at dette berre var eit mellombels lån, og at det aldri var på tale at å overta permanent.

– Stilte spørsmål, men fekk ikkje svar

Hausten 2013 rykte dei lokale talenta i Florø fotball opp i 2. divisjon. Den hausten var det fleire styremøte i fotballklubben. På dagsorden stod mellom anna nytt utstyr, som Florø stadion trong:

Det var snakk om lydutstyr til speakerbu, data/rutere, utstyr til strøyming, mikrofonar og sambandsutstyr. Når desse spørsmåla kom opp, gav tiltalte uttrykk for at han kunne skaffe det utstyret som var aktuelt.

Dom, Sogn og Fjordane tingrett, 7. september 2017

I dommen kjem det fram at ein tidlegare styremedlem i Florø fotball fekk inntrykk av at den dømde prøvde å dyssa det ned, når det blei spurt om kven som skulle betala for utstyret.

Til NRK fortel den tidlegare styremedlemmen no at ingen av dei andre i styremøtet stilte oppfølgingsspørsmål om kven som betalte for utstyret. Dette stussa han over.

NRK har snakka med fire som sat i styret i denne perioden. Den mistenkte styreleiaren ønskjer ikkje å kommentere saka. Den dømde fortel via advokaten sin at han ikkje hugsar noko av at det i styret blei stilt spørsmål om kven som betalte for utstyret.

Også dei to siste styremedlemmene fortel til NRK at dei ikkje hugsar noko av dette.

– Personleg tragedie

På Florø stadion blar styreleiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane fotballkrets i den 26 sider lange dommen:

Robert Endestad

ALARMKLOKKER: – Viss lånet av utstyr har vore i så stort omfang som dommen viser, burde det kanskje ha gått nokre varselklokker i klubbleiinga, men lånt av utstyr er kutyme i klubbar over heile landet, seier Robert Endestad i Sogn og Fjordane fotballkrets.

Foto: Bård Siem / NRK

– Det er ikkje bra at slikt skjer, men dette er fyrst og fremst ei personleg tragedie for den dømde. Klubben er ikkje tiltalt enno, så det er personen vi må ta vare på, og han må stå for det han har gjort.

– Burde ikkje leiinga i Florø fotball ha stilt spørsmål ved kven som betalte for utstyret dei fekk låna?

– Jo, det kan du sjølvsagt seie, men eg trur alle som er med i fotballen over heile landet, låner utstyr av arbeidsgivar, svarar styreleiar Endestad.

Fotballforbundet gav medieråd

Norges fotballforbund (NFF) er orientert om dommen og Florø fotball si rolle. Kommunikasjonsdirektør Svein Graff fortel at han har gitt medieråd om korleis Florø fotball og Sogn og Fjordane fotballkrets skal handtere dommen. Graff seier han har råda dei til å vera opne om kva som har skjedd:

Svein Graff

INFORMERT: – Vi har stor forståing for at Florø fotball opplever det som vanskeleg og belastande å bli trekt inn i denne saka, seier kommunikasjonsdirektør Svein Graff i Norges fotballforbund.

– Det er viktig å streke under at berre ein person er dømd, og det held NFF seg til. Slik vi kjenner saka, er det ikkje grunnlag for å forfølgje andre, men vi må respektere at politiet gjer dei undersøkingane dei meiner er naudsynte i saka, seier Graff.

– Handla i god tru

Tilbake i klubbhuset i Florø meiner styreleiar Tore Hamn i Florø sportsklubb at Florø fotball ikkje har vore så sterkt involvert i saka som dommen gir inntrykk av:

– Slik eg har fått informasjon om, har utstyret stått på klubbhuset berre ein kort periode, og omfanget er langt mindre enn det har vore referert til.

Men dommen fortel ei anna historie: I april 2014 tok den dømde med seg eit vitne i saka til klubbhuset, der den dømde, ifølgje vitnet, viste fram store mengder nytt utstyr:

(...) mykje PA-utstyr (lydutstyr, red.merk.) med høgtalarar, miksebord og forsterkarar, trådlause mikrofonar og mottakarar, flight-kassar (kassar til å transportere utstyr i), tromlar med kablar, datautstyr og nettverksutstyr. (...) rommet på ca. 20 kvadratmeter var fullt av utstyr.

Dom, Sogn og Fjordane tingrett, 7. september 2017

I dommen står det at retten ikkje er i tvil om at det utstyret som var i klubblokala til Florø fotball, og som den dømde viste fram, er utstyr som den dømde hadde kjøpt inn for fylkeskommunen si rekning.

Baksida av suksessen

Havn blei styreleiar i Florø Sportsklubb i 2015 etter at saka blei rulla opp av politiet. Havn stolar på at styreleiaren i Florø fotball ikkje har gjort noko gale:

Tore Havn

I GOD TRU: – Den mistenkte styreleiaren i Florø fotball har ikkje hatt tankar om at det var det offentlege som hadde kjøpt inn utstyret som skulle brukast av klubben, seier Tore Havn, styreleiar i Florø sportsklubb.

Foto: Bård Siem / NRK

– Eg har heile tida oppfatta at han har handla i god tru og at han har opptredd ryddig, seier han.

To og eit halvt år har gått sidan politiet stod på døra med ransakingsordre på Florø stadion. Like fullt har den sportslege oppturen i fotballklubben halde fram.

Men samstundes som Florø er med i kampen om ein kvalifiseringsplass for eliteserien, kan politiet ikkje seia kor tid dei vil konkludera i etterforskinga etter styreleiaren i klubben.

Havn peikar på at klubben har innført nytt system, som skal syte for at klubben har oversikt over alt utstyr dei låner, slik at dei veit kven dei låner av og at det blir levert tilbake til rett tid.

For idrettsmiljøet i Florø er saka trasig, men Havn seier at sportsklubben sitt namn og rykte ikkje vil bli skada.

– Nei, eg trur ikkje saka påverkar omdømet til klubben. Det er heilt vanleg at klubbar som er drivne på dugnad av frivillige, låner utstyr av sponsorar og andre, seier Havn.

Vegopning på Bergum i Førde kommune