Hopp til innhold

Svindla utviklingshemma bror – slepp truleg å sone

Vanleg straff for verjer som underslår verjemåla sine er ubetinga fengsel. Likevel la aktor ned påstand om betinga fengsel for kvinna som er tiltalt for å ha underslått sin psykisk utviklingshemma bror.

Sogn og Fjordane tingrett, Sogndal

RETTSSALEN: I siste dag av rettssaka mot kvinna som har underslått over ein halv million frå sin psykisk utviklingshemma bror, bad aktor om at ho får sleppe å sone straffa.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Ut ifrå alvoret i det ho har gjort, så er det altfor mildt. Og så registrerer eg at aktor har vektlagt andre ting i påstanden, seier Anette Stegegjerdet Norberg, advokat og verje for den fornærma mannen.

Tysdag var siste dag i rettssaka mot kvinna i 60-åra som er tiltalt for å ha underslått nesten 600.000 kroner frå sin psykisk utviklingshemma bror, som ho var verje for.

Ifølgje tiltalen skal underslaget ha skjedd frå 2010 til 2016.

Av omsyn til helsa hennar meiner påtalemakta at kvinna må få sleppe å sone straffa om ho ikkje gjer nye brotsverk.

Anette Stegegjerdet Norberg

VERJE: Anette Stegegjerdet Norberg er advokat og verje for den fornærma broren.

Foto: Runa Victoria Engen

Må betale tilbake

Samstundes krev aktor Ronny Iden at kvinna betalar broren ei erstatning på kring 550.000 kroner. Det trur ikkje Norberg skjer før ho ser det.

– Eg er veldig fornøgd med at aktor valde å behalde den påstanden. Det har vore det viktigaste for den fornærma også, men eg må nok vente til eg ser betalinga, før eg trur på det, seier ho.

Var bevisstheitsforstyrra

Rettssaka starta i mars, og kvinna sa seg då skuldig. Sidan kom det fram informasjon som gjorde at retten ønskte at to sakkunnige skulle undersøka om kvinna var strafferettsleg tilrekneleg.

I rettssalen i Sogndal starta dagen med at dei to sakkunnige la fram sine funn.

Dei konkluderte med at ho er strafferettsleg tilrekneleg, men understreka likevel at det var litt tvil knytt til om ho kan ha hatt ein mindre sterk bevisstheitsforstyrring i periodar.

Samstundes fortel dei sakkunnige at i periodane ho har vore innlagt med bevisstheitsforstyrring, ville ho ikkje vore i stand til å gjera det ho er tiltalt for – som å ta ut pengar i minibank eller overføra pengar i nettbanken.

– Informasjonen om helsetilstanden hadde avgjerande betydning for at vi ikkje kravde ubetinga fengsel , seier aktor Iden.

Stor påkjenning

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: Per Kjetil Stautland, forsvararen til kvinna, er tilfreds med aktor sin påstand.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Forsvarar for kvinna, Per Kjetil Stautland, er fornøgd med at aktor tek omsyn til helsa til klienten hans

– Saka er ei ekstrem påkjenning for min klient. Ho gjev uttrykk for ein sterk anger på det ho har gjort.

I tillegg fortel Stautland at det har vore belastande at syskena har teke avstand frå ho.

– Det er ein stor tragedie for ho, seier han.