Hopp til innhold

Kvinne tilstår underslag frå psykisk utviklingshemma bror

SOGNDAL (NRK): Ei kvinne frå Sogn erkjenner straffskuld for å ha underslått pengar frå den psykiske utviklingshemma broren sin, som ho var verje for.

Sogn og Fjordane tingrett, Sogndal

SOGN OG FJORDANE TINGRETT: Tingretten sine lokale i Sogndal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Min klient har hatt eit avgrensa nettverk utanom familien sin, og har stolt fullt og heilt på familien, seier Anette Stegegjerdet Norberg, som er mannen sin advokat og nye verje.

Anette Stegegjerdet Norberg

NY VERJE: Anette Stegegjerdet Norberg er advokatverje for den fornærma mannen.

Foto: Runa Victoria Engen

Nesten 600.000 kroner

Onsdag starta rettssaka i Sogn og Fjordane tingrett i Sogndal. Ei kvinne i 60-åra er tiltalt for å ha underslått 598.300 kroner frå den psykisk utviklingshemma broren sin som ho var verje for.

– Han tykkjer dette er ein veldig vanskeleg situasjon å vera i. Ikkje minst fordi verja er ein person han har hatt veldig tillit til, seier Norberg.

– Kva syns han om at det er ein av hans næraste tillitspersonar som har gjort noko slikt mot han?

– Han syns det er veldig urettferdig.

Søskena oppdaga det

Det var då dei to andre søskena i søskenflokken fekk innsyn i kontoen til broren at underslaget vart oppdaga. Dei konfronterte den no tiltalte søstera med det, og tok samstundes kontakt med Fylkesmannen.

Fylkesmannen avslutta verjemålet, og advokat Anette Stegegjerdet Norberg tok over verjemålet. Ho undersøkte pengebruken frå kontoane hans, og melde fornærma si søster til politiet.

Per Kjetil Stautland

FORSVARAR: Per Kjetil Stautland er forsvarar for den tiltalte kvinna.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Den tiltalte kvinna sa seg skuldig då rettssaka starta. Forsvararen til kvinna, Per Kjetil Stautland, sa at den summen som står i tiltalen ikkje nødvendigvis er den summen tiltalte erkjenner, sjølv om ho har sa «ja» til skuldspørsmålet.

– Det er vanskeleg for tiltalte å hugse desse ulike transaksjonane som jo går tilbake til 2010. Det er både små og store transaksjonar, seier Stautland.

– Mitt utgangspunkt er at ein må høyre bevisføringa tiltalte gjer så godt ho kan for å opplyse saka. Når bevisførsel er forbi må vi vurdere kva påtalemakta har bevist som sikkert omfang av dette underslaget, legg han til.

132.000 til slektning

Aktor gjekk gjennom kontoutskrifter som syner at kvinna har overført pengar til seg sjølv, og i nokre tilfelle til andre slektningar, samt kjøp av mat og klede, oppussing og andre ting.

– Det har blitt gjort 85 overføringar i perioden tiltalen gjeld, samt 414 tilfelle av bruk av kort i butikk, sa aktor i si innleiing.

I 2016 overførte ho 132.000 kroner til ein slektning som trengde pengar.

– Eg var favoritten hans

Den tiltalte kvinna forklarte at ho var favoritten til broren, og at dei hadde eit veldig godt forhold. Mykje av det som var kjøpt som aktor ramsa opp, var det broren som fekk nytta av.

– Eg gav han ofte bankkortet slik at han skulle få kjøpa seg noko i kiosken. Det var veldig gjævt for han, sa kvinna frå vitneboksen.

Ho fortalde at mange av kjøpa var gjort for broren. Kle, møblar, musikk og film. Men også at ho har brukt pengane til å betala gjeld for seg sjølv.

Oppussinga forklarte ho med at broren ikkje hadde god nok plass inne på badet hennar då han var på besøk, så ho lånte pengar av han for å utvida det.

– Alvorleg tap for broren

Aktor har lagt ned ei påstand om 550.000 kroner i erstatning. Ho skal ha betalt tilbake om lag 50.000 kroner, difor er erstatningssummen og summen ho er tiltalt for å ha underslege ulik.

For broren har det fått alvorlege konsekvensar å mista så mykje pengar.

– Han har hatt eit mål om sparing over mange år, slik at den dagen han fekk ønskje eller behov om å kjøpa eigen bustad, så kunne han bruka arva sin på det. Det er klart at når minst 550.000 er vekke frå kontoen, så merkar han det godt, seier Stegegjerdet Norberg.

Rettssaka held fram torsdag.