Hopp til innhold

Verje: Bedragerisaka burde vore avdekka tidlegare

Kvinna var hjelpeverje for bror sin. No meiner politiet at ho tok 600.000 kroner av kontoane til broren og brukte pengane på seg sjølv. – Saka burde vore avdekka langt tidlegare, meiner den nye verja.

Anette Stegegjerdet Norberg

NØSTA OPP: Som ny verje for den hjelpetrengande mannen nøsta Anette Stegegjerdet Norberg opp i bedragerimistanken mot mannen sin tidlegare verje.

Foto: Runa Victoria Engen

Mannen sin nye verje, advokat Anette Stegegjerdet Norberg, seier det er ei alvorleg og trist sak.

Saka skal opp i Sogn og Fjordane tingrett i mars 2019.

– Slikt er forferdeleg å bli utsett for. Klienten min har behov for hjelp i det daglege, og då er ein prisgjeven at den som hjelper er tilliten verdig. At det blir eit slikt omfang, og over så mange år, er alvorleg, seier ho.

Over fleire år

Det var andre pårørande til som fatta mistanke til underslaget og kontakta fylkesmannen, som har tilsynsansvar for verjene. Dei engasjerte igjen den tidlegare politiadvokaten som ny verje og for å kartleggje om det var grunnlag for å melde saka til politiet.

Ifølgje tiltalen skal kvinna i 60-åra frå Sogn og Fjordane ha gjort uttak, overført pengar og kjøpt varer frå broren sin konto.

Politiet antar at det dreier seg om eit underslag på om lag 600.000 kroner over fleire år.

– Vi meiner tilliten som vedkommande hadde som verje er misbrukt. Ho har lurt til seg eit betydeleg beløp, seier Jørn-Lasse Førde Refsnes, politiadvokat i Vest politidistrikt.

Usamde om storleik

Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes

ALVORLEG SAK: Politiadvokat Jørn-Lasse Førde Refsnes viser til at kvinna har brote ein særleg tillit.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Politiet meiner saka er grov fordi mannen har særlege behov og ikkje er i stand til å ta vare på dei økonomiske interessene sine sjølv.

– Beløpets storleik er i seg sjølv nokså stort, og brotet på tillit som verje er skjerpande, seier Førde Refsnes.

– Tiltalte har gitt forklaring for politiet og har erkjent underslaget, men det har vore usikkerheit rundt kor stort beløp det dreier seg om.

Burde vore avdekka tidlegare

Verken kvinna sin advokat eller aktor i saka har vore tilgjengeleg for kommentar.

1. juli 2013 vart det lokale ansvaret for verjetrengande overført frå kommunane til staten. Underslaget vart oppdaga nokre år seinare.

Norberg meiner underslaget burde vore avdekka på eit langt tidlegare tidspunkt.

– Tilsynet med verja har svikta når underslaget ikkje blir fanga opp av tilsynsmyndigheita, men av pårørande, seier Norberg.

– Kan ha gjort feil

Juridisk sjef hos fylkesmannen, Anne Kristin Eitungjerde, seier dei gjerne skulle ha avdekka saka tidlegare.

– Men vi meiner at vi hadde den oppfølginga ein kunne venta vi skulle ha i denne perioden, seier ho og likevel er open for at dei også kan ha gjort feil.

– Vi vil gjerne lære av denne saka om det er slik at vi har gjort feil. Det som er tryggande for vår del og saka si del, er at alle papir er sendt vår overordna instans, Statens sivilrettsforvaltning, og vi ventar på tilbakemelding, seier Eitungjerde.