NRK Meny
Normal

Sverige stikk av med støttekroner til kraftutbygging

Etter innføringa av kraftsamarbeidet med Sverige har over 80 prosent av investeringane hamna hos naboen.

Eiriksdal kraftverk

INVESTERER I SVERIGE: Sverige og Norge samarbeider om kraftutbygging, men dei har ulike rammevilkår på utbygginga. Det gjer at mange norske investorar vel å investere i Sverige i staden for i Norge.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

Sverige stikk av med nesten alle støttekronene etter avtalen om kraftverksutbyggingar. Berre kvar sjette investering etter at elsertifikatordninga vart innført, har hamna i Norge.

Olav Osvoll

VI BETALAR: Det er feil at norske folk skal betale for kraftutbygging i Sverige, meiner Olav Osvoll i Sunnfjord Energi.

Støtteordninga er eit samarbeid med Sverige og det er forbrukarane i dei to landa som saman betalar for ordninga.

– Rammevilkåra er betre i Sverige, og skattereglar og avskringsreglar gjer at investorane heller vil investere i Sverige enn i Norge, så det er ein stor tankekross i augneblinken. Akkurat no betalar nordmenn for investeringar i Sverige, seier produksjonssjef i Sunnfjord Energi, Olav Osvoll.

Forbrukarane får rekninga

Elsertifikatordninga kom i gang i 2012 etter ein avtale med Sverige om å auke produksjonen av grøn energi. Men sidan då har fem gonger så mykje kraft blitt bygd ut i Sverige som i Noreg.

Det er forbrukarane i Sverige og Noreg som saman betalar for ordninga, og dei betalar like mykje kvar uansett kor investeringane hamnar. Grunnen til at investeringane hamnar i Sverige er ulik skatte- og avgiftspraksis. Det er rett og slett mykje meir lønsamt å produsere straum, og spesielt vindkraft, i Sverige.

– Det kan ikkje vere slik at ein mister moglegheita for å investere i dei beste prosjekta i Norge på bakgrunn av at rammevilkåra er betre i Sverige. Då må vi vurdere det og sjå om det er fornuftig å gjere justeringar.

Det seier Terje Aasland (Ap), nestleiar i Energi- og miljøkomiteen på Stortinget, er heilt samd i at noko må gjerast for å få investeringane hit.

– Betre rammevilkår i Sverige

Terje Engvik

VIL HA JUSTERINGAR: Terje Engevik meiner det må justeringar til dersom kraftutbyggarar vel å satse i Sverige før Norge.

Foto: Privat

Og han får støtte frå Terje Engvik som driv eit konsulentfirma for fornybare energiprodusentar.

– I Norge er rammevilkåra og prisar slik no at det er ingen som vil ta avgjersler om vindkraft, seier Engvik.

I tillegg blir sjølve elsertifikatordninga praktisert forskjellig i Norge og Sverige. Fristen for å få støtte gjennom ordninga er i 2020. Då må produksjonen vere i gong. I Noreg er den grensa absolutt, i motsetning til i Sverige.

Det vil seie at dersom du byggjer kraftverk på hausten i 2020 og omstende fører til at produksjonen ikkje kjem i gong før over nyttår i 2021, får du ingen ting. Då kan du gå glipp av eit 10-tals millionar over dei 15 åra ordninga varer. I Sverige er det ikkje slik, du berre mistar støtta for eitt år dersom du ikkje kjem i gang før i 2021.

– Dette er ein heilt uhaldbar forskjellsbehandling, som vi håpar myndigheitene vil gjere noko med. Det er eigentleg naudsynt, for bankane vil jo ikkje finansiere anlegg dersom dei ikkje er sikre på at inntektsstraumen kan kome, seier Engvik.

Meiner det ikkje er grunn til å tvile

I fjor haust var olje- og energiminister Tord Lien kommunikasjonsdirektør i Trønder Energi. Då gav han klar beskjed til den ferske regjeringa, som han etter kvart skulle vise seg å bli ein del av, at dei må slutte med forskjellsbehandlinga av kraftprodusentane i Sverige og Norge.

Til Teknisk Ukeblad sa han dette om elsertifikatordninga: «Intensjonen var opprinnelig at markedet skulle vere likt, og da forventar vi også at det leveres like vilkår».

No har pipa fått ein litt annan lyd.

– No er det slik at vi har forpliktingar ovanfor EU til å auke den fornybare kraftproduksjonen i Norge. Det har vi med, full oppslutning i Stortinget, vald å gjere ved hjelp av den grøne sertifikatsordninga som vi har saman med svenskane. Så å stille spørsmål ved om ordninga er ein suksess, når målet er å få til å meir fornybar kraftproduksjon, er ikkje rimeleg grunn til, seier Lien.

Open for endring av praktisering

– Når vi har ein felles kraftmarknad der kraftkundane betalar for ordninga, ønskjer vi ikkje då at investeringane skal skje i Norge?

– Sjølvsagt gjer vi det, men samstundes har eg lyst å seie at norske kraftkundar nyt allereie godt av lågare kraftpris, som resultat av den auka produksjonen vi har sett i den norsk-svenske kraftmarknaden.

Men når det kjem til den ulike praktiseringa i den felles kraftmarknaden med nabolandet, er statsråden open for endringar.

– Det er ein av dei tinga vi kjem til å vurdere fram til vi skal ha ei midtvegs evaluering neste sommar, seier han.