Hopp til innhold

Ludvik flaumråka nok ein gong: – Det er jo nesten litt eksotisk, men det er trist og leitt

VEITASTROND (NRK): Nok ein gong er bygda til Ludvik Kjellevold råka av storflaum. Skulda legg dei som bur der på det lokale kraftselskapet, som igjen skuldar på klimaendringane.

Ludvik Kjellevold med vatn til knea på Veitastrond.

VASSAR VIDARE: Ludvik Kjellevold må innsjå at Veitastrondsvatnet nok ein gong har gått over breiddene sine.

Foto: Bård Siem / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er jo nesten litt eksotisk, men det er trist og leitt, seier Ludvik Kjellevold til NRK.

Lokalt mest kjend som rytmisk einmannsband, no kjempar han mot vassmassane saman med naboane i brebygda Veitastrond i Luster i Sogn.

Nær makteslaust må dei sjå korleis vassmassane trengjer seg ned frå fjellet og utover dyrka mark og hagar.

– Det er berre halvtanna år sidan sist det var flaum her og det er forferdeleg mykje styr. Alt som vi skulle bruke her og gjere i sommar må droppast.

Mange år utan flaumar

Dei gode naboane som bur nesten heilt inne ved Jostedalsbreen er samde om at det er Sognekraft som må ta skulda for at dei nok ein gong blir råka av flaum.

– Vi hadde 33 år utan flaum. Då var det trygt å byggje ute på Langodden der vi er no. Så skjedde det noko frå 2014 der vi har hatt fleire storflaumar som har gjort skade, seier Bjørn Skovly.

Reklamemannen driv verksemda si heime i huset, der han no må bruke båt for å kome seg til og frå. Kontoret står under vatn.

Flaumen er ikkje god reklame for Sognekraft, dei burde ha tappa kraftverket enda meir ned, meiner Skovly.

– Endring i klima

Sognekraft meiner på si side at dei har gjort alt som står i deira makt for å hindre flaum. Det tvilar Skovly og dei andre naboane på.

– Det er litt vanskeleg å tru på dei. Om dei ikkje klarer å tappe anlegget, så er det jo flaks at det var så gode forhold i dei 33 åra før.

Men produksjonssjef i Sognekraft, Jacob Hornnes, hevdar at dei slett ikkje har gjort noko anna dei siste åra. To 50-årsflaumar på like mange år, må forklarast på anna vis.

– Det vi ser er at klimaet er i endring. Det blir varmare, våtare og villare.Vi må rekne med at det kjem flaum på Veitastrond hyppigare enn tidlegare, seier Hornnes.

Bjørn Skovly og Ludvik Kjellevold i båt på dyrka mark på Veitastrond.

OPPGITT: Bjørn Skovly (bakerst) og Ludvik Kjellevold meiner at Sognekraft kunne gjort mykje meir for å hindre nok ein storflaum i bygda under breen.

Foto: Bård Siem / NRK

– Maksimal opning

Kraftselskapet har hatt maksimal opning på lukene i kraftanlegget fram til 18. juni.

Men når varmen kom, så var ikkje det nok til å halde Veitastrondsvatnet vekke frå jorder, hagar og hus.

– Det er ei begrensing på kor mykje vatn vi kan få ut, seier Hornnes.

For innbyggjarane på Veitastrond er det lite trøyst å finne i det Sognekraft seier.

Naboane Ludvik Kjellevold og Bjørn Skovly padlar vidare der det no skulle vore høgt gras, klart til å bli hausta.

– Det er rart å oppleve noko slikt. Det er heilt absurd, seier Kjellevold.

BREBYGD: Veitastrond ligg i Luster, like ved ein av brearmane til Jostedalsbreen.