Sogn og Fjordane kan få 200 nye vasskraftverk dei neste fem åra

Ei enorm kraftutbygging ventar dei neste fem åra. Sogn og Fjordane kan få 200 nye vasskraftverk innan 2020.

Jon Kvåle

BERRE EIN AV MANGE: I Høyanger har Statkraft og Jon Kvåle nettopp starta produksjonen på Eiriksdal kraftverk. 700 meter inne i fjellet ligg det nye kraftverket, eit maskineri til 700 millionar kroner.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Det som er litt spesielt no er at veldig mange av anlegga er små, det er småkraftverk. Vi kan nærme oss eit par hundre småkraftverk i Sogn og Fjordane, seier professor Erling Holden.

Han skal leda eit 25-millionars forskingsprosjekt om fornybar energi og samfunnsverknader som startar til hausten på Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Grunnen til den enorme kraftutbygginga er at Norge har forplikta seg ovanfor EU til å auka energiproduksjonen med om lag 15 prosent innan 2020. Energiproduksjonen skal aukast med rundt 15 Terrawatt-timar, omtrent det alle privathushaldningane på heile Vestlandet brukar i dag.

Og om fem år skal 20 prosent av energiforsyninga til unionen skal vera frå fornybar energi.

Ein femtedel av alle nye vasskraftverk

Fredrik Behrens

FEM NYE: Sunnfjord Energi vil byggje mykje nytt, og byggje ut mykje gamalt dei nærmaste åra.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

For å nå måla Noreg har sett, må det byggast fleire vasskraftverk. Mange fleire.

Og ingen får fleire enn Sogn og Fjordane, der ein femtedel av alle nye vasskraftverk kjem til å bli bygd.

– Det er mykje energi, det er mange anlegg, seier Holden.

Fem av dei vil Sunnfjord Energi bygge. Det fortel dagleg leiar Fredrik Behrens.

– Ja, vi har først og fremst ei utviding av Stakaldefossen kraftstasjon i Jølstra på planen. Det er ei nokså stor utbygging. Så har vi ombygging og fornying av Øvre Svultingen, som gir ein liten auke fordi det har kome restriksjonar i reguleringa, seier han.

Men dei har også planar om fleire småkraftverk.

– Vi har prosjekt saman med småkraftutbyggjarar, mellom anna to i Bygstad som er under utvikling, seier Behrens.

(Artikkelen held fram under biletet)

Erling Holden

OVERRASKA: Professor Erling Holden meiner folk vil verte overraska over kor mykje areal som må til for utbyggingane.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK

– Folk vil verte overraska

Professor Holden trur det kan bli reaksjonar når det går opp for folk kor intensiv og omfattande kraftutbygginga kjem til å vere dei neste åra.

– Eg trur veldig mange vil verte overraska dersom dei skjønar kor mykje areal som no må brukast for å byggje fornybar energi framover.

Han seier vasskraft ikkje er noko nytt, sidan Noreg har nytta vasskraft i 100 år.

– Mange som bur på Vestlandet er vel kjent med korleis eit vasskraftverk ser ut, og korleis det påverkar ein dal. Mange bur nære eit nett også, så vi er kjent med dette, seier Holden.

Men den enorme kraftutbygginga vil merkast.

– Vi må nytte naturen til å produsere straum. Vi må kanskje demme opp nokre nye dalar, byggje ut nye elvar og byggje transformatorstasjonar for transport av straum. Vi må bruke mykje av arealet vårt, mykje av naturen vår må gå til energiproduksjon.

– Om vi vil det, om folk vil det, står att å sjå, seier Holden.

Eiriksdal kraftverk

EIRIKSDAL: Det nye kraftverket er berre starten på ei enorm utbygging av kraftverk dei komande åra.

Foto: Torbjørn Selseng / NRK