- Småkrafteigarar må ofre livsverket sitt om det ikkje skjer noko med dei grøne sertifikata

Fleire eigarar av småkraftverk slit med låge kraftprisar og dårleg produksjon. Leiar i Småkraftforeninga Knut Olav Tveit, meiner situasjonen er spesielt ille for dei som ikkje er ein del av ordninga med grøne sertifikat.

Småkraftverk

MÅ SELJE: Fleire eigarar av småkraftverk blir tvinga til å selje.

Foto: Eva Sleire / NRK

– Jobben som dagleg leiar i Småkraftforeninga har gått frå at ein er ein pådrivar for å bygge ut kraft, til at ein tek i mot telefoner frå folk som opplever at dei er i ferd med å miste livsverket sitt, seier leiar i Tveit.

Leiaren er uroa over den økonomiske situasjonen småkrafteigarar er i no, og påpeikar at dei fleste som slit er dei som ikkje er del av ordninga med grøne sertifikat.

– Dei trudde dei skulle få inntekter frå dei grøne sertifikata. Mangelen på desse, samt låge kraftprisar gjer situasjonen svært vanskeleg, seier han.

– Kjøpar sin marknad

Dagleg leiar i Krafthuset Melbye, Finn Lundstedt, driv med rådgjeving og kjøp og sal av småkraftverk. Han meiner marknaden for kjøp og sal av småkraftverk har endra seg det siste halve året.

– Det er mange småkraftverk til sals, så no er det kjøpar som fastset prisen, seier Lundstedt.

Den daglege leiaren merkar seg at dei fleste som kontaktar han om sal no, ikkje gjer dette fordi dei har lyst.

– Dei fleste sel fordi dei må, og har blitt bedd om å selje av banken fordi dei ikkje klarar å betene låna sine, seier han.

Lundstedt meiner det er fleire årsaker til at småkraftseigarar no må selje verka sine.

– Dårlegare produksjon, lågare kraftprisar og litt dårlegare sertfikatprisar, for dei som har det, gjer at utgiftene til mange kraftverkseigarar er større enn inntektene, fortel han.

Ei hovudpine

Leiar i Småkraftforeninga, Knut Olav Tveit, merkar seg at det blir seld småkraftverk jamt og trutt, og han trur fleire titals verk kan måtte seljast i løpet at eitt år.

– Mange småkraftverkseigarar har lånt frå 20 millionar og opp mot 60 millionar kroner for å byggje kraftverk, medan dei trudde dei skulle få inntekter frå grøne sertifikat. Når eigarane ikkje får det går verdien på kraftverka ned, gjelda held seg konstant sidan folk ikkje har pengar til å betale avdrag og dei får negativ eigenkapital, seier leiaren.

Situasjonen blir då meir og meir uoverkommeleg for småkraftseigarane.

– Småkraftverka har blitt ei hovudpine som eigarane ikkje veit kva dei skal gjere med, fortel han.

Har ein vore for optimistiske?

– Så lenge det kom signal frå den raudgrøne-regjeringa på at her var det berre å byggje, så får du grøne sertifikat. Då må ein kunne stole på det, men ein må tole dei dårlege periodane også, seier Tveit.

Skal drøfte endringar

Innan utgangen av 2015 skal norske og svenske myndigheiter gjennomføre ein kontrollstasjon. Dette inneber drøftingar mellom Noreg og Sverige om behov for endringar eller justeringar i relverket om elsertifikat.

I ein e-post til NRK skriv Olje- og energidepartementet at dei vil utarbeide eit forslag til lovendringar som vil bli sendt på høyring mot slutten av året.