– Då er den klar til å bli heisa opp i masta, seier energimontør Tore Ola Sundal i nettselskapet Linja.
I hendene held han ein sensor som snart skal setjast på plass i ei kraftlinje ved Bryggja i Nordfjord.
Sensoren les mellom anna av informasjon om temperatur på linjene, straumen som går på linja og vinkelen på linja.
MONTERING: Det er første gong energimontør Tore Ola Sundal i Linja sett opp ein slik sensor.
Foto: Benedikte Grov / NRKMonteringa av tre slike sensorar på Bryggja er del av eit større forskingsprosjekt.
Med informasjonen frå sensorane kan nettselskapa få innsikt i den faktiske kapasitet i linjenettet.
– Sensorane kan bidra til å utnytte det eksisterande nettet betre enn i dag, fortel Therese Åsheim i selskapet Heimdall Power, som har utvikla sensorane.
Kan spare utbyggingar
Etterspurnaden har i løpet av få år auka så mykje at nettselskapa slit med å levere nok kapasitet i straumnettet.
I dag blir kapasiteten i nettet berekna ut frå modellar.
Men den tilgjengelege kapasiteten i straumlinja blir ikkje avgrensa av ei statisk sett straumgrense, men av vêr, vind, kjøling og varme på linjene, forklarer Åsheim.
Viss det er kaldt og bles mykje, er det meir kapasitet i linjene enn når det er varmt og sol.
På stader som Bryggja, der det gjerne bles og er kaldt, kan det derfor vere meir kapasitet å gå på.
MONTERING: Jakob Guddal Hansen i Bryggja monterer den første sensoren ved Bryggja i Nordfjord.
Foto: Benedikte Grov / NRK– Det er ei raskare og billegare løysing enn å gjere det tradisjonelle, som er å bygge større linjer med større kapasitet.
Nettselskapet Linja er saman med Heimdall Power, Statnett og fleire andre nettselskap med i forskingsprosjektet.
– Samfunnet generelt kan spare på at ein veit meir om nettet. Då kan ein spare utbyggingar eller velje dei rette utbyggingane basert på den kunnskapen vi no får, seier Christin Aare i Linja.
MED I FORSKINGSPROSJEKT: Linja og fleire andre nettselskap er med i forskingsprosjektet. Christin Aare seier dei er spente på kva data dei får frå målingane.
Foto: Benedikte Grov / NRKKundane kan merke effekt
Men også kundane vil kunne merke effekten.
Dersom nettselskapa kan unngå eller utsette investeringar vil ein òg kunne unngå at nettleiga ut til kundane blir høgare, seier Åsheim.
Dessutan får selskapa moglegheit til å overvake flaskehalsane mellom prisområda så det blir mogleg å jamne ut prisane mellom områda, legg ho til.
Direktør Kristin H. Lind i Energi Norge synest forskingsprosjektet er spennande.
– Det er openbert at det å kunne ha ein direkte sanntidsinformasjon frå straumnettet om kor mykje kapasitet som er tilgjengeleg i pressa situasjonar vil vere veldig verdifullt, seier Lind.
– Då kan ein tørre å belaste nettet noko meir enn ein kanskje har gjort før utan at ein risikerer å få avbrot, og at det då blir straumbrot.
Åsheim seier det er gjort studiar som viser at digitalisering av straumnettet med intelligente sensorar kan gi typisk 25 prosent auka kapasitet i nettet.
– Men på installasjonar vi har hatt så langt, har vi i nokre tilfelle sett at det er dobbelt så høg kapasitet som det ein bruker i dag.