Hopp til innhold

Superløp av Thingnes Bø - gler seg til jaktstarten søndag

Johannes Thingnes Bø gjorde nok eit superløp i finske Kontiolahti under sprinten i dag og synte verdseliten ryggen. 20-åringen har dermed vunne to verdscupløp på rad, og tok sin fjerde verdscupsiger for sesongen.

Johannes Thingnens Bø tok sin andre strake sprintseier i Kontiolathi.

KJEMPEFORM: Johannes Thingnes Bø hadde nestbeste langrennstid på sprinten laurdag.

– Eg er i flytsona no, seier Thingnes Bø, som tok ut alt i dagens sprint, noko som førte han øvst på pallen.

– Eg var like sliten i dag som eg var på torsdag, men eg var litt meir eksplosiv då. I dag var eg litt seigare, seier Thingnes Bø.

Likevel klarte han å skyte ned alle dei ti blinkane, i tillegg til at han heldt høg fart i sporet. Nesten litt for høg fart, ifølgje han sjølv.

Hadde skjelven på andre skyting

– Eg fann eit par ryggar i dag også. Eg fekk mellom anna heng på Malyshko. Då gjekk eg heilt på grensa av kva eg klarte, seier Thingnes Bø.

Han legg ikkje skjul på at han var nær å få den store skjelven på ståandeskytinga.

– Eg hadde skjelven, men eg tok meg inn, og er nøgd med at eg klarte det, seier Thingnes Bø.

Har nesten ein strafferunde forsprang

Dermed har han vunne to løp på rad i Kontiolahti, og i morgon er det jaktstart.

– Det gjekk bra i Poklujuka, så eg hadde trua på at forma skulle vere god her også, seier Thingnes Bø.

Han ser fram til jaktstarten i morgon, der han får eit godt utgangspukt takka vere innsatsen i løpet i dag.

– Eg får nesten ein strafferunde før nestemann går ut, så det må eg prøve å nytte meg av. Eg får prøve å halde leiinga, seier Thingnes Bø.

Gjekk trått i sommar

Tidlegare i dag røpa Thngnes Bø kva som er hemmelegheita bak årets suksessesong. Han har nemleg trent minst av alle.

– Treninga i sommar gjekk veldig trått etter at eg var skada. Eg kom aldri skikkeleg i gang, og eg trur mange hadde fått sjokk viss dei hadde sett treningsdagboka mi frå i sommar, seier Thingnes Bø.

Torsdag tok 20-åringen sin 3. verdscupsiger, og i dag tok han altså sin 4.

Veslebror Bø trur den dårlege sommaren er noko av årsaka til at han i år har vore blant verdas beste skiskyttarar.

– Eg trente like mange timar på tre månader som det ein på laget vårt gjorde på éin månad, seier han til NRK.no