Hopp til innhold

Dei håpar på di hjelp til å telje ryper i fjellet

Om du skal på tur i Aurlandsfjella i påska, håpar tre studentar på di hjelp til rypeteljing.

Jacob Poller Marsi og medstudentar som skal telje ryper i påska.

SKAL TELJE: Jacob Poller Marsi skal saman med Ragnhild Friis Tveit og Kristine Mæland telje ryper i Aurlandsfjella denne påska.

Foto: Privat

Saman inviterer dei til crowdsourcing, eller folkedugnad, for rypa.

– Det er spennande å sjå om folk vil vere med. Det er lite eller ingen data for fjellrypebestanden. Det blir gjort teljingar på liryper, og ein trekkjer konklusjonen ut frå denne bestanden, seier Jacob Poller Marsi.

Raudlista i 2015

Saman med to medstudentar var Høgskulen på Vestlandet testar Marsi denne påska ut crowdsourcing som eit verktøy for å telje fjellrypebestanden. Bestanden har siste ti åra gått kraftig ned.

Fjellrypa vart i 2015 vurdert som «Nær trua» og kom på Raudlista .

– Det går utover fjellrypejakta som aktivitet, og sideinntekt for grunneigarar i distriktet, fortel Marsi.

Har utvikla metode

Denne påska er difor studentane i Aurland Statsallmenning for å teste ut metoden. Dei har utvikla mobilappen «FjellrypeObs», som folk kan laste gratis ned og rapportere med.

Informasjonen nyttar studentane til bachelor-oppgåva, som igjen blir overlevert fjellstyret.

– Alternativt så kan ein rapportere via eit papirkart som vi deler ut på parkeringsplassen ved fylkesgrensa, eller ein kan rapportere på nett, seier Marsi og legg til at det så langt har vore langt mellom rypene dei har sett.

– Må rope varsku

– Bestanden varierer naturleg, men at ein ser få fjellryper er eit faresignal i seg sjølv. Då må ein rope varsku og gjere tiltak for å kartlegge bestanden betre enn i dag, seier han.

– Meiner du at ein bør vurdere forbod mot jakt?

– Det gjer ein nok ulike stader allereie, men det er grunneigar sitt ansvar å drive jakta på ein fornuftig og berekraftig måte. Då er det også viktig å vite kor stor bestanden er.