Hopp til innhold

Stod innanfor sperringane då breen kalva: – Eg var heldig som ikkje vart treft

NIGARDSBREEN (NRK): Sergio de Gracia (22) var innanfor sperringane og hamna midt i dramaet på Nigardsbreen i går. Han seier han har fått større respekt for naturkreftene.

Nigardsbreen før ras

NIGARDSBREEN: Slik såg det ut like før raset.

Foto: Sergio de Gracia

Fleire personar hadde teke seg forbi sperringane ved Nigardsbreenein 38 år gamal austerriksk turist omkom i går. Ein av dei var Sergio de Gracia frå Spania. Han fortel at han, saman med 10–15 andre, var framme ved brefronten for å sjå og ta bilete då det rasa frå breen.

– Eg stod med ryggen til då eg høyrde folk skrike. Eg snudde meg og såg ei stor isblokk rase frå breen, og ei stor bølgje frå elva. Det var heilt kaos. Folk vart tekne av elva og trefte av bitar frå isblokka. Eg var heldig som ikkje vart treft av noko, seier han.

Sergio de Gracia

VAR HELDIG: Sergio de Gracia seier han var heldig som ikkje vart treft då breen kalva. Her før raset som gjorde at ein 38 år gamal austerriksk turist omkom i går.

Foto: privat

Den spanske turisten fortel at han ikkje var klar over farane med å krysse sperringane ved breen.

– Det var stadar der sperringane var opne, i alle fall slik eg forstod det. Eg såg fleire som gjekk forbi sperringane, og trudde det var greitt, seier de Gracia, som heller ikkje oppfatta fareskilta som er sett opp.

de Gracia fortel at han har fått større respekt for naturkreftene etter ulukka.

– Ting som dette skjer kanskje ikkje så ofte, men det kan skje. Det er viktigare enn folk trur å følgje reglane når ein besøker nye stadar, og ein kan ikkje tru ein er mektigare enn naturen, seier han.

Sperringar ved Nigardsbreen

SPERRINGAR: Slik var sperringane ved breen før raset.

Foto: Sergio de Gracia

– Ikkje overraska

Anne Rudsengen frå Statens naturoppsyn seier at ho ikkje er overraska over at det no har skjedd ei ny ulukke ved breen.

– Det er mange folk her, og fleire som ikkje respekterer sperringane og dermed utset seg sjølv for fare. I går var det fleire som hadde kryssa sperringane, og var på feil side, seier Rudsengen, som trur folk undervurderer kor farleg breen kan vere.

– Eg trur mange vil ha nærkontakt med breen. Dei ser at breen ser roleg og fin ut, og trur dei kan ta ein sjanse. Som regel går det bra, men diverre gjekk det forferdeleg gale i går.

Rudsengen fortel at Naturoppsynet, saman med Luster kommune, politiet og reiselivsaktørar, har ei turnusliste for å sjekke sperringane ved breen. Etter kvart som breen smeltar om sommaren flyttar dei også desse.

– Eg trur sperringane stod på heilt rett stad i går. No har vi sett på litt meir kjetting for å gjere den enda tydelegare nokre stadar.

Heller ikkje breførar Steinar Bruheim er overraska. Fleire gonger i sommar har dei sett personar som kryssar sperringane.

– Vi prøver å vinke dei tilbake til trygg plass, men det verkar nyttelaust i mange tilfelle, seier han.

Steinar Bruheim - dagleg leiar jostedalen breførarlag

NYTTELAUST: Steinar Bruheim er breførar og ser stadig personar som har gått forbi sperringane. Han seier folk truleg satsar på at det går bra akkurat når dei er dei, og at folk veit kva risiko dei tek. (Bilete er tatt i ei anna anledning)

Foto: Vidar Gudvangen / NRK