Tre personar fall i vatnet – ein person omkom

Ein 38-åring frå Austerrike er stadfesta omkommen etter å ha hamna i vatnet ved Nigardsbreen i Luster kommune.

Nigardsbreen

ISBLOKK LOSNA: Ein 38-åring frå Austerrike omkom då ei isblokk losna her.

Foto: Marthe Gjerde

Politiet stadfestar måndag morgon at det var ein turist frå Austerrike som omkom ved Nigardsbreen søndag ettermiddag. Dei pårørande er varsla, men namnet er førebels ikkje gjort offentleg.

Første melding om ulukka kom til politiet klokka 17:09 om at det var to personar i vatnet.

– Breen har kalva og ei isblokk har falle i vatnet ved breen, seier operasjonsleiar Helge Blindheim ved Vest politidistrikt.

Like etter fekk politiet beskjed om at det var tre personar, og at to av dei hadde kome seg på land.

Naudetatane blei varsla og politi, ambulanse og brannvesen blei sende til staden. I tillegg blei redningshelikopter frå Florø, ambulansehelikopter frå Førde og redningsdykkarar frå Bergen kalla ut.

– Ein av dei som har kome seg på land har fått isblokka på seg. Personen skal ha fått mindre skader i hovudet, opplyser politiet.

Henta opp av helikopter

Ulukke ved Nigardsbreen
Foto: Marthe Gjerde

Ein person blei observert livlaus i vatnet.

– Mannskapet kunne ikkje ta seg bort til han. Dei hadde ikkje eigna utstyr, og det er veldig kaldt i vatnet. Breen har nettopp kalva og det er fare med å ta seg bort dit.

Då redningshelikopteret frå Florø kom fram, klarte dei å få personen opp av vatnet og det blei utført livredning.

Klokka 19:20 melder politiet at mannen er stadfesta død av lege på staden.

Får hjelp av kriseteam

Blindheim seier det tre utanlandske turistane ikkje var med på nokon organisert tur ved breen.

– Dei har vore på tur på eiga hand i området, seier han.

– Har dei gått forbi sperringane i området?

– Det har eg ikkje fått stadfesta. Det er sperreband og varselskilt som seier at det er fare ved å ta seg forbi og at det er forbode.

Dei to som kom seg opp av vatnet, får no hjelp av kriseteamet i kommunen.

– Politiet etterforskar saka og snakkar med vitne.

Det er ikkje første gongen at turistar har omkome ved breen. I august 2014 omkom eit tysk ektepar då breen kalva.

Laster Twitter-innhold
Laster kart, vennligst vent...