Hopp til innhold

Stiller spørsmål ved jaget etter lukke

«Den største kultursatsinga i Florø sidan Kinnaspelet hadde premiere i 1985.»
Slik skildrar ein av produsentane det musikalske verket «Requiem for ein tapt verden», som vert urframført i ein verftshall hos Westcon Yards i Florø på laurdag.

Eirik Molnes Husabø

KONSENTRERT: Eirik Molnes Husabø øver før den store konserten på laurdag.

– Dette vert ei heilt spektakulær oppleving med god og spesiell akustikk, seier komponist Eirik Molnes Husabø når han viser rundt NRK i ein diger verftshall hos Westcon Yards i Florø.

Frå taket heng det mange, lange tøystykker. Det er bygd opp stillas i ulike høgder og ei stor scene. Industrielle effektar er ein del av scenografien i det musikalske verket "Requiem for en tapt verden" som har premiere laurdag kveld klokka 23.

Illustrasjon

ILLUSTRASJON: Slik skal det, etter planen, sjå ut inne i verftshallen der konserten skal vere på laurdag.

Foto: Requiem for verden

Dødsmesse for verda

I stykket reflekterast det rundt ei tomheitskjensle forbunde med jag etter ting, status og lykke.

– Eg har teke utgangspunkt i tekstar frå bibelen. Spesielt då tekstar av Salomo som samla seg mykje gull, hadde 1000 koner og hadde alle moglegheiter til å kunne bli lukkeleg. Likevel skreiv han at alt er tomheit og jag etter vind. Og for å ta det til vår tid så er det slik at alt det vi jagar etter som vi trur skal gjere oss lykkelege, anten det er Facebook, kjærastar, porno eller kva elles vi fyller liva våre med, så opplever mange at dei ikkje finn lykka. Stykket stiller på ein måte spørsmål ved kva vi jaktar etter, seier komponist Husabø.

Industrihall hos Westcon Yards i Florø

UTVENDIG: Dette er hallen der det musikalske verket "Requiem for en tap verden" skal bli framført.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Stor satsing

Kring 90 personar er involvert i oppsettinga. 70 musikarar og koristar skal stå på scena og håpet er å fylle hallen med 700 publikumarar.

Barbro Furset

GÅSEHUD: Produsent Barbro Furset fortel at det har vore stor gåsehudfaktor under øvingane på det musikalske verket som skal urframførast laurdag 16. september.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Det er enormt mange som har engasjert seg for at vi skal få dette til i tillegg til dei profesjonelle som er med. Eit lokalt kor har øvd no i to år. Og det kunne vi høyre i går, seier produsent Barbru Furset.

Ho fortel at det var stor gåsehudfaktor under øvinga og at lydmannen mest tok til tårene undervegs.

– Det blir heilt spesielle rammer når vi framfører i denne hallen. I tillegg er det heilt magisk at Eirik endeleg skal få vise fram babyen sin her inne til helga, seier Furset.

Lovar ei god oppleving

Og komponisten er sjølv svært nøgd med å endeleg få framført verket sitt.

Planskisse

PLAN: Slik skal koret vere oppstilt under konserten.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

–Eg synest det er heilt fantastisk at så mange menneske har hatt lyst til å vere med på dette. Eg kjenner meg privilegert og takknemleg, seier Husabø.

Og han er ikkje snauare enn at han lovar følgjande

– Eg lovar at dei som kjem og høyrer på kjem til å like det dei høyrer, seier ein stolt og audmjuk Eirik Molnes Husabø før urpremieren på det musikalske verket «Requiem for en tapt verden.»