Hopp til innhold

Gloppen årets musikkommune

SANDANE (NRK): Norsk musikkråd har kåra Gloppen til årets musikkommune for 2017. – Fantastisk gledeleg, seier kultursjef Jan Kjetil Øygard.

Musikarar Gloppen

Tidlegare elevar ved musikklina ved Firda vidaregåande skule er sentrale i musikkmiljøet i Gloppen. Her øver dei inn eit folkemusikkstykke som deri skal presentere under Gloppen musikkfest.

Foto: Bård Siem / NRK

Folketonar frå Hallingdal, hektisk aktivitet og god stemning var det som møtte NRK sin utsende på Firda vidaregåande skule tidlegare i dag. Her var festivalkontoret for Gloppen musikkfest og her var det breie musikkmiljøet ved musikklina på skulen.

Alle var oppglødde over at Gloppen hadde vorte kåra til årets musikkommune og stemninga var hektisk fordi den tradisjonsrike musikkfesten skulle opnast i kveld. Den fine musikken kom frå eit klasserom der det var hektisk innøving av eit folketone-stykke frå Hallingdal.

– Det er fantastisk at Gloppen har fått denne prisen. Eg blir så glad, sa ei smilande Hanne B. Oftedal, festivalsjef for Gloppen musikkfest.

Festivalsjef for Gloppen musikkfest, Hanne B. Oftedal.

Festivalsjef for Gloppen musikkfest, Hanne B. Oftedal, er overlukkeleg over at Gloppen er kåra til årets musikkommune.

Foto: Bård Siem / NRK

Prisen er på 50.000 kroner og vart delt ut under opninga av musikkfesten på Sandane no i kveld. Prispengane skal gå til eit musikktiltak i kommunen.

Stolt kultursjef

Kultursjef Jan Kjetil Øygard smilte frå øyre til øyre då NRK vitja han på kontoret tidlegare i dag.

– Vi er kjempeglade for denne kåringa. Vi har eit veldig breitt musikkliv med masse festivalar og gode arenaer for framføring. I tillegg har vi ein god kombinasjon mellom amatørar og profesjonelle musikarar, seier han.

Øygard peikar på det tette samarbeidet mellom kommunen, lokale musikarar og musikklina på Firda vidaregåande skule som ein suksessfaktor. – Her har vi ein nettverksmodell som forpliktar partane. Dette har vore heilt avgjerande for musikkmiljøet i Gloppen, seier han.

Gloppen musikkfest

Dei tidlegare elevane ved musikklina på Firda vidaregåande, Maria Ose og Per Håkon Oftedal, er begge stolte over at Gloppen er kåra til årets musikkommune. Saman øver dei til ein konsert under Gloppen musikkfest som opnar no i kveld.

Foto: Bård Siem / NRK

Skryt frå jurien

I grunngjevinga for å gje Gloppen prisen heiter det mellom anna: «Gloppen er eit godt døme på ein liten kommune som brukar ressursane sine godt. Det har ført til eit variert og aktivt musikkliv, med godt samarbeid mellom det offentlege og det frivillige. Kommunen har i mange år prioritert musikk høgt i kulturbudsjettet. Gloppen har eit mangfald av kor og korps, i tillegg til kammermusikarar, rytmiske utøvarar, kyrkjemusikarar og folkemusikarar. Kommunen kan vise til stor aktivitet i alle aldersgrupper, og prioriterer eigna lokale til utøvarane».