Hopp til innhold

Statsråden forstår jervefrustrasjonen - men har få lovnadar til sauebøndene

ÅRDAL (NRK): Klima- og miljøminister Tine Sundtoft vil effektivisere lisensjakta på jerv. Men ho vil ikkje blande seg inn i flytting av regiongrenser for rovdyr.

Tine Sundtoft kjem til garden til Per Bjørkum

INNTRYKK: Miljøminister Tine Sundtoft fekk eit klart inntrykk av korleis sauebøndene i indre Sogn har følt jervens herjingar på kroppen.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Miljøministeren møtte i dag bønder i indre Sogn, samt at ho var med på ein helikoptertur i fjellområda der jerven herja i fjor sommar.

Ho la ikkje skjul på at helikopterturen i indre Sogn gav henne innblikk i dei utfordringane sauebøndene i området strir med i beitesesongen.

– Det er enorme område, og vi veit at jerven flyttar seg raskt. Det har vore spora ein jerv i dette området som kom heilt frå Tana i Finnmark. Når ein kjenner den enorme radiusen jerven har, så er dette komplisert, seier Sundtoft.

Vil det skal gjerast meir

Bøndene fekk med eigne ord forklare frustrasjonen dei ber på, etter beitesesongen i fjor der rekordmange sauer måtte bøte med livet i møte med jerven.

– Eg har stor forståing for at dei er frustrerte over å miste så mange beitedyr i eit område der beitedyra skal ha førsteprioritet, seier Sundtoft.

Ho legg til at regjeringa ønskjer at det skal gjerast meir gjennom lisensfelling av rovdyr i området.

– Vi varslar no nye tiltak for å få meir effektiv lisensfelling. Eg er oppteken av openheit rundt rovdyrjakta, og å gje det legitimitet. Det skal vere ei ordinær jakt, og eg vil gje fleire verkemiddel for å auke effektiviteten, seier Sundtoft.

Vil ikkje gjere noko med grensene før evalueringa

Ein av sauebøndene som har lidd svært store tap, Per Bjørkum, var kritisk til beskjeden frå Sundtoft, og trur ikkje dette er nok.

Han meiner ei løysing kan vere å flytte regiongrensene tilbake til slik dei var tidlegare, lengre aust.

– Vi har gitt dei regionale rovviltnemndene ansvar for å sjå på korleis dei fordeler beitedyr og rovdyr innanfor sine grenser. Eg håpar dei kan verte samde også om denne type soneforvaltning. Viss det ikkje skjer, må vi ta det som ein del av evalueringa av arbeidet, som skal skje våren 2016, seier Sundtoft.

– Bjørkum peikar på at det er for mykje byråkrati og detaljstyring, men ikkje nok nærvær når noko skjer. Kva seier du til det?

– Eg meiner vi har gjort ganske mykje ved å gje ganske klare styringssignal både til fylkesmennene og miljødirektoratet og Statens naturoppsyn. Vi har ganske god oversikt over kvar rovdyra er, seier Sundtoft.

Skal ha beiteprioritet

Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, peikar på at deira beitelag har hatt problem med jerven både i 2001, 2006 og i fjor.

– Slik kan vi ikkje ha det. Vi har eit rovdyrforlik som seier at vi skal ha beiteprioritet i våre område. Det var det ikkje i fjor. Sundtoft må ta tak i direktoratet for naturforvaltning og syte for at jerven vert teken ut, seier Hovland.

Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland

TRENG HJELP: Leiar i Naddvik beitelag, Ole Bjarne Hovland, fryktar årets beitesesong kan bli like ille som fjorårets.

Foto: Gunnhild Årdal / NRK

Han er ikkje tilfreds med at Sundtoft meiner direktoratet har kontroll.

– Vi kan ikkje slå oss til ro med at dei seier dei har god kontroll. Det sa dei også i fjor, men det har dei ikkje, seier Hovland.

Hovland har 133 vinterfôra sauer, og ventar å sleppe nær 450 sauer på beite i sommar.

Hovland legg ikkje skjul på at han er spent på kor mange av dei som kjem til å overleve beitesesongen.

– Vi sette oss ned i haust og prøvde å gjere lisensjakta enklare ved å få køyre jegerar inn med snøskuter og overvake jervebåsane våre elektronisk. Det er ute på høyring no, seier Hovland.

Set sin lit til Statens naturoppsyn

Beitelaget fekk også eit skadefellingsløyve i vinter, men det resulterte ikkje i noko.

– No må vi berre setje lit til Statens naturoppsyn, seier Hovland.

Oppsynet har jobba med sporing og registrering i vinter, og har sett omfattande sporaktivitet.

– Vi set vår lit til at dei får ut jerv når vêret tillèt det, seier Hovland.

Han peikar på at rovviltgrensa går tett opp til Sogn og Fjordane.

– Region 1 i Oppland skal ha jerveyngling, og dei vil ha jervegrensa så tett inntil oss som mogleg. Difor går grensa på fylkesgrensa, midt på Sogn og Fjordane. Men det fører til at ein har jerveyngling tett inn mot vårt fylke, seier Hovland.

Vil ha flytta grensa

Han peikar på at jervetispene og kvelpane då tek turen over grensa og inn i Sogn og Fjordane.

– Viss vi får flytta grensa tilbake i Ottadalsvassdraget, vil det bli ei buffersone, som gjer at vi ikkje får så mange jervar inn i vårt område, seier Hovland.

Han peikar på at det er lokal forvaltning som gjeld.

– Region 1 og region 3 står mot kvarandre i denne saka. Så slik saka er no, er ho fastlåst. Då er det berre ministeren som kan løyse det, seier Hovland.