Hopp til innhold

Krev at jervegrensa vert flytta lenger aust

På eit rovviltmøte onsdag fekk Noralv Distad nok ein gong setje fram kravet om at jervegrensa må flyttast lenger vekk frå grensa til Sogn og Fjordane.

Jervedrepe lam

STORE TAP: Bønder i indre Sogn har opplevd store tap av sauer til jerv i år. Nok ein gong krev dei at grensa for ynglande jerv vert flytta lenger aust. Dette biletet er teke i Luster. (Arkivfoto).

Foto: privat

– Det viktigaste vi tok opp var behovet for ei buffersone mellom oss og Oppland. Jervegrensa bør eigentleg følgje Ottadalsføret, seier Distad, som er leiar for rovviltnemnda i region 1.

Då rovviltnemnda for region 3, altså Oppland, endra forvaltningsplanen i 2012, flytta dei sona for fire ynglande jerv vestover, nærmare grensa til Sogn og Fjordane. Det er den grensa Distad vil flytte tilbake austover.

– Jerven kjenner ikkje grenser. Han går inn i Sogn og Fjordane og gjer skadar. Det er ein heilt uhaldbar situasjon, som ikkje kan halde fram.

I år har sauebøndene i indre Sogn opplevd svært store tap. Spesielt Naddvik beitelag mellom Årdal og Lærdal er hardt råka.

– Må følgje opp rovviltforliket

Ordførar i Aurland, Noralv Distad.

NORALV DISTAD: Ordførar i Aurland kommune, og leiar i Rovviltnemnda region 1.

Foto: Bård Siem / NRK

Distad nytta møtet på onsdag til å påpeike dei store tapa i indre Sogn. Rovviltnemnda meiner det var for mange jervar i Sogn og Fjordane i vinter og ved beitestart, og seier det var ein umogleg situasjon.

– Forvaltningsplanen for Sogn og Fjordane og fylka sør for oss er klar på at det ikkje skal vere rovdyr som kan gjere skade. Men forvaltningsplanen på austsida, i Oppland, tillèt jerv heilt inn mot grensa til Sogn og Fjordane, seier Distad.

– Skal ein oppfylle rovviltforliket frå Stortinget må det gjerast tiltak som reduserer jervebestanden i Sogn og Fjordane og grenseområdet, seier han.

Fryktar mange vil gje seg

Distad fryktar at tapa av sau i år vil gjere at mange vil vurdere om dei kan fortsetje i næringa.

– Det vil vere heilt katastrofalt. Sauenæringa er utruleg viktig i Sogn og Fjordane og veldig viktig i indre Sogn. Beitenæringa skal ha prioritet. Då må me ha ei forvaltning som oppfyller det Stortinget har bestemt, seier han.