Hopp til innhold

Her vart estaren stogga for andre gong på to dagar med for dårleg dekk

LÆRDAL (NRK): – Det viser at nokre framleis prøver å lure oss. Det er ikkje akseptabelt, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Estar stogga med dårleg dekk for andre gang på to dagar

IGNORERTE: Estaren fekk køyreforbod og påbod om å skifte dekk under kontrollen på Ørje. Likevel køyrde han over Hemsedalsfjellet og vart stogga med same dekk på Håbakken i Lærdal.

Foto: Statens vegvesen

Under kontrollen på Håbakken fekk estlendaren for andre gong på to dagar gebyr på 750 kroner eitt dårleg dekk.

Samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp) meiner dette viser kor viktig det med kontrollar over heile landet, og ikkje berre på grensa.

– At vi har storstila aksjonar gjer at vi får tatt desse kjeltringane, seier han.

Skjerpar kontrollane

Kvart år skaper utanlandske vogntog trøbbel og ulukker på norske vegar. Statens vegvesen har sett i sving ein landsomfattande storkontroll for å stoppe trafikkfarlege vogntog.

Jon Georg Dale, Jan Geir Solheim og Geir A. Mo

KONTROLL: Samferdsleminister Jon Georg Dale i diskusjon med administrerande direktør Geir A. Mo i Lastebileigarforbundet under storkontrollen i Lærdal.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Samferdsleministeren vitjar ulike kontrollstasjonar for å høyre erfaringane ein gjer seg med 24 timars kontrollar. Onsdag var turen komen til Lærdal.

– Svært mange av køyretøya som dei slepper forbi her, er heldigvis rett skodde. Andre har feil og manglar som ein får avdekka. Å få sett fast dei som ikkje har noko på vegen å gjere er årsaka til at vi skjerpar kontrollverksemda, seier Dale.

Gebyr for 10.000 kroner

I løpet av 24 timar svinga over 900 tunge køyretøy innom kontrollplassen. Av desse vart 226 plukka ut til utvida kontroll av hovudsakleg vinterutrustning.

Kontrollørane skreiv 13 gebyr på 750 kroner kvar for dekk med under fem millimeter mønsterdjupn. 60 køyretøy hadde dekk som ikkje var eigna for snø- og isføre.

– Det er mykje bra køyretøy langs vegane, men vi høyrer alltid om dei som ikkje er så bra. Vi stogga også nokre med for dårlege dekk for å køyre på snø- og isføre. Dei må skifte til eigna dekk eller bruke kjetting, seier Bjarte Frækaland, faggruppeleiar for utekontrollen i Sogn og Fjordane.

Møtte gjengangar

Estar stogga med dårleg dekk for andre gang på to dagar

DÅRLEG: Mønsterdjupna på dekket til estaren var godt under minimumsgrensa på fem millimeter. Dei andre dekka på vogntoget var over minimumsgrensa, men likevel ikkje godt eigna for køyring på snø- og isføre.

Foto: Statens vegvesen

Eitt av vogntoga var altså ein estisk førar som på Håbakken ikkje fekk høve til å ignorere køyreforbod og påbod om å skifte dekk.

– Ikkje minst måtte han også legge om dekka sine her. Det viser at dei kontrollane som vi gjennomførte i går, gav nyttig informasjon som gjorde at vi kunne kontrollere dei same igjen i dag, seier Dale.

Regjeringa gjer fleire tiltak for å kome problemet med farlege vogntog til livs.

– Vi strammar og inn regelverket for vinterdekk og skjerpar moglegheita Statens vegvesen har til å pålegge køyreforbod og halde igjen bilar og om naudsynt sette hjullås på køyretøya.

Strengare sanksjonar

Dag Rykkje kontrollerer vogntog i Lærdal

FANN FEIL OG MANGLAR: Dag Rykkje i Statens vegvesen kontrollerer eit vogntog på Håbakken i Lærdal.

Foto: Raymond Lidal / NRK

Framover blir det også vurdert strengare sanksjonar mot dei som bryt regelverket.

Sjølv om det blir stogga mange store bilar med feil og manglar, meiner samferdsleministeren det er trygt på norske vegar.

– Ja, det er heldigvis slik at talet på ulukker også for tunge køyretøy går ned, men det er framleis nokre som ikkje har noko på vegane å gjere. Dei skal desse kontrollane få has på slik at dei få skikkeleg utstyr eller at dei ikkje slepp ut på vegen, seier Dale.