Hopp til innhold

Startar sin første kamp etter fingerbrotet

SOGNDAL (NRK): Mathias Dyngeland er tilbake mellom stengene når Sogndal tek imot Bryne på Fosshaugane. Samstundes er begge nysigneringane på benken.

Mathias Dyngeland reddar på trening
Foto: Rune Fossum / NRK

– Stefan har vore bra sidan han kom hit, men eg føler han treng ein pause no. Og Mathias har vore veldig god på trening. Dessutan er det bra med konkurranse, seier Eirik Bakke.

Mathias Dyngeland er med andre ord tilbake i mål for Sogndal for første gong sidan nedrykket frå eliteserien sist haus. 19-åringen fekk i april eit brot i fingeren, og det enda med operasjon og ei metallplate i handa.

No overtek han plassen frå Stefan Hagerup, som vart henta inn då Dyngeland og Christian Sukke var ute med skade og sjukdom.

Bakke lar nysigneringane varme benken

Slik startar Sogndal mot Bryne: Dyngeland - Teniste, Utvik, Psyché, Grodås - Strand, Bolseth, Sarr, Kjemhus - Otoo, Opseth.

Trenar Bakke lar dermed nysigneringane Osita Henry Chikere og Thomas Drage starte på benken.

– Dei startar ikkje, men vi får sikkert sjå dei i løpet av kampen. Det er mange kampar den kommande veka, og vi treng alle, seier Bakke.

Hannu Patronen spelte med sjukdom sist kamp, og blir no spart med tanke på kampane mot Fredrikstad og Brann.

Du kan følgje kampen i livesenteret her:

Laster innhold, vennligst vent..

– Det svir å miste poeng heilt mot slutten

Sogndal har spelt tre uavgjorte og tapt éin kamp dei fire siste serierundane i førstedivisjon. Poengfangsten har med andre ord berre blitt tre poeng på fire kampar - og den suverene leiinga i divisjonen har krympa inn.

– Vi går for tre poeng. Det er på tide å vise oss frå ei betre side, seier Bakke.

– Kva har motgangen gjort med stemninga i spelargruppa?

– Det har ikkje vore noko problem. Men det siste tapet var tungt, og det svir når vi mistar poeng heilt på slutten. Så vi må prøve å avgjere kampane før, seier trenaren.

– Vi må få orden på det defensive, og komme mange hakk opp frå sist kamp.