Hopp til innhold

Sogndal har sikra seg to nye spelarar

Sogndal Fotball har i dag skrive kontraktar med Osita Henry Chikere (24) og Thomas Drage (23). Spelarane vil slutte seg til klubben umiddelbart.

Montasje fotball

KLARE FOR SOGNDAL: Osita Henru Chikere (24) og Thomas Drage (23) er klare for å spele for Sogndal ut sesongen.

Foto: NTB scanpix, Carina Johansen/Gunnar Grindstein

– Begge to er veldig fine gutar med god innstilling som vil jobbe knallhardt for å kome seg vidare i fotballen. Det er slike typar vi vil ha i gruppa vår, fortel trenar i Sogndal Fotball, Eirik Bakke.

Kantspelaren Drage har sidan 2010 spelt for Tromsø IL, medan spissen Chikere har spelt i Viking sidan 2013.

– På radaren lenge

Bakke trur begge spelarane vil tilføre laget noko nytt.

– Vi har vore på utkikk etter ein kantspelar og Drage er god ein mot ein og ein. Han er ein liten, teknisk spelar. Chikere har vi hatt på radaren lenge, han tilfører trykk og tyngde i boksen, og han er ein annan type enn vi har i laget for tidlegare, seier Bakke.

Bakke legg også vekt på det defensive bidraget Chikere kan gje.

– I OBOS-ligaen er det viktig å vere gode både i eigen boks og motstandaren sin boks, slik vi fekk erfart mot Ranheim. Han vil gje oss ein ekstra styrke der. Det er viktig å finne balansen der ein vinn kampar, samstundes som ein spelar god fotball, fortel trenaren.

Korte kontraktar

Begge spelarane er på utgåande kontraktar med klubben sin, og Sogndal har difor ikkje betalt nokon overgangssum. Spelarane har fått kontrakt med Sogndal ut sesongen.

– Dei får moglegheit til å ta eit val etter sesongen om Sogndal kan vere noko for dei vidare. Eg er open for at dei kan bli lenger om dei fungerer godt i gruppa og på bana, seier Bakke.

Trenaren er no godt nøgd med gruppa han har, og seier dei ikkje vil hente fleire spelarar om ikkje noko spesielt skjer.

– Vi har fått inn to nye og er godt nøgde med det, men vi er alltid på utkikk etter gode spelarar. Ein av suksessfaktorane i vår var at vi hadde mange spelarar tilgjengeleg i eit hektisk kampprogram, og det føler eg at vi har no, fortel Bakke.