NRK Meny
Normal

Står fast på omstridd kraftline

Statnett kan starte oppatt arbeidet med den omstridde kraftlina gjennom Bremanger. Olje- og energidepartementet står fast på trasévalet.

Myklebustdalen

STOGG: Arbeidet vart stogga etter vedtaket i Gulating lagmannsrett. No får arbeidet starte opp att.

Foto: NRK

Gulating lagmannsrett fann i juni at departementet sitt konsesjonsvedtak for Ørskog-Fardal-lina var basert på feil faktisk grunnlag.

Vedtaket vart difor sett på som ugyldig og arbeidet sett på vent . No held departementet vedtaket oppe.

– Kraftlinja Ørskog–Sogndal er viktig av omsyn til kraftforsyninga i Midt-Norge og på Nordvestlandet. Leidningen er også naudsynt for å få nye småkraftverk i Sogn og Fjordane på nettet, seier olje- og energiminister Tord Lien (Frp).

Korrekt vedtak

olje og energiminister Tord Lien besøker Trysil

MINISTER: Tord Lien (Frp) er Olje- og energiminister.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / Lars Erik Skrefsrud

Rettsavgjerda i lagmannsretten 27. juni førte til at Statnett vart nekta å ta over grunnen og rettane i Myklebustdalen. Lina har vore omstridd då grunneigarane har sett seg steilt mot linebygginga.

Tidlegare olje- og energiminister Ola Borten Moe (Sp) såg også vekk frå faglege tilrådingar då han la lina gjennom naturreservatet Myklebustdalen framfor Førdedalen.

– Det har vore motstand mot alle traséalternativa gjennom Bremanger. Eg har kome til at konsesjonsvedtaket frå 2011 er basert på korrekt faktisk grunnlag, og at det difor skal haldast oppe, seier Lien.

Ikkje part i rettssak

Departementet var ikkje part i saka i lagmannsretten, og var heller ikkje representert under lagmannsrettens behandling.

Difor har departementet på nytt handsama grunnlaget som rettsavgjerda byggjer på.

Alle grunneigarane langs dei aktuelle traséalternativa er blitt førehandsvarsla, og det er gjennomført ei høyring om det lagmannsretten skildra som feil i det faktiske avgjerdsgrunnlaget og moglege følgjer dette kunne ha for trasévalet i Bremanger.

– Ikkje grunnlag for å gjere om konsesjonsvedtaket

Olje- og energiminister Tord Lien seier til NRK at dei meiner retten ikkje hadde grunnlag for å kjenne konsesjonsvedtaket ugyldig.

– Vi har no vurdert alle forholda retten si avgjerd byggjer på, og kome til at det ikkje er grunnlag for å gjere om konsesjonsvedtaket frå 2011, seier Lien til NRK.

– Men de set til side ei rettsavgjerd frå Gulating lagmannsrett?

– Nei, det er ikkje riktig. Departementet var ikkje part i denne saka, og vi har gått grundig gjennom innvendingane frå lagmannsretten. Vi har også førehandsvarsla grunneigarane langs alle traséalternativa og hatt spørsmåla frå Gulating på høyring, og kome fram til at det ikkje er grunn til å gjere om konsesjonsvedtaket.

Lien seier det etter avklaringa frå departementet er fritt fram for Statnett å starte opp att arbeidet.

– Med den avklaringa departementet no har kome med har vi lagt til rette for at arbeidet med leidninga kan fortsetje. Korleis det i praksis vil verte gjennomført må du spørje Statnett om, seier Lien.

Statnett vil i gang att med arbeidet

Statnett måtte stogge alt arbeid i Myklebustdalen etter at lagmannsretten i juni avgjorde at vedtaket om bygging var ugyldig.

No ynskjer Statnett å kome i gang att med arbeidet så snart som mogleg.

– På bakgrunn av avgjerda til Olje- og energidepartementet vil Statnett no umiddelbart starte prosessen for å komme vidare med bygginga i Bremanger, seier kommunikasjonsansvarleg for Statnett region Vest, Martha Hagerup Nilson.

– Kva tid vil de starte arbeidet?

– Vi må få på plass ein ryddig og god prosess fram mot byggestart i Bremanger, slik at vi kan jobbe vidare med Ørskog-Fardal-prosjektet. Vi håpar vi får tilgang til eigedommane gjennom avtale med grunneigarane. Dersom grunneigarane motset seg oppstarten må Statnett gå via namsmyndigheitene for å få tilgang til eigedomane.

– Ventar eller fryktar de motstand frå grunneigarane?

– Statnett har sidan konsesjonsprosessen starta hatt ein veldig god dialog med grunneigarane, og vi håpar å fortsetje med det, seier Hagerup Nilson.

(Artikkelen held fram under biletet)

Myklebustdalen

OMSTRIDD KRAFTLINJE: Rettsavgjerda i lagmannsretten 27. juni førte til at Statnett vart nekta å ta over grunnen og rettane i Myklebustdalen.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

– Ikkje vanleg i vårt demokrati

– Vi er overraska.

Det seier advokaten til grunneigarane i Myklebustdalen, Magne Revheim.

– Vi konstaterer at departementet har gjort ei overprøving av Gulating lagmannsrett. Det er sjeldan. Det er uvanleg at eit departement går inn og overprøver ein domstol der betydelege fakta er presentert. Vi berre konstaterer at det gjer OED i dette tilfellet.

– Kan dei gjere det?

– Det er ingen teoretiske forbod mot at ein kan meine kva ein vil om eit rettsavgjerd. Men det er nok vanleg for vårt demokrati at forvaltninga legg til grunn den avgjerda ein domstol har teke.

– Olje- og energiministeren seier at arbeidet kan starte, og Statnett seier dei vil starte arbeidet så raskt som mogleg: Kva seier de til det?

– Det er vi tvilande til. Men det må vi vurdere nærmare, papiret vedtaket vart skrive på er framleis varmt.

– Så de er tvilande til at dei faktisk kan starte arbeidet?

– Ja, det er vi, seier Revheim.

Vil nekte Statnett tilgang til eigedomane

Magne Revheim seier at alt tyder på at grunneigarane vil nekte Statnett tilgang til eigedomane for å arbeide med kraftlinja.

– Så langt vi har kunne avklare med grunneigarane vil dei det. Det er deira valrett. Sjølve vedtaket føler dei er provoserande.

Advokaten oppmodar Statnett om å ta kontakt med grunneigarane for ein dialog, men stadfestar at signala frå grunneigarane er at dei framleis vil nekte Statnett tilgang til eigedomane.

– Trist avgjerd

Leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken, har dette å seie til avgjerda:

– Ikkje eingong ein avgjerd frå domstolane hindrar olje- og energiministeren i å leggje kraftlina gjennom eit naturreservat. Kor er det vorte av respekten for verna natur, spør Haltbrekken.

– Den borgarlege regjeringa hadde ei eineståande moglegheit til å rette opp fadesen frå dei raudgrøne. Det er trist at dei ikkje gjorde det, men i staden satsar vidare på maktarrogansen, seier Haltbrekken.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå