Hopp til innhold

Næringslivet taper store pengar på anleggsstogg

Tomme hotellrom, arbeidsledige anleggsarbeidarar og anleggsmaskiner som står. Lokalt næringsliv taper stort på at arbeidet med Ørskog Fardal-lina stogga opp i Bremanger.

Anleggsplass i Myklebustdalen

FULL STOGG: Det er ikkje berre Statnett som kan ha tapt store beløp på anleggsstarten i Myklebustdalen.

Foto: Silje Bråstad / NRK

Statnett tapte i slutten av juni ankesaka mot grunneigarane og måtte stogge alt arbeid på linebygginga gjennom Myklebustdalen.

Det har slått uheldig ut for lokalt næringsliv.

Svelgen Hotell

TAPER: Svelgen hotell har sagt nei til gjester fordi dei var førespegla fullt hus.

Foto: OttarStarheim / NRK

– Vi taper ein del i år sidan vi var førespegla fullt hus med anleggsarbeidarar ut hausten. Berre i august kan det vere snakk om 450.000 kroner, seier Jostein Eimhjellen ved Svelgen hotell.

Sa nei til andre gjester

Statnett hadde sjølve brukt mellom 75 og 100 millionar kroner då Gulating lagmannsrett omgjorde tidlegare Olje- og energiminister Ola Borten Moe sitt omstridde vedtak om å la Statnett starte arbeidet med kraftlina gjennom naturreservatet.

Medan linebyggaren har fram til september på å anke, står arbeidet og dei kroatiske arbeidarane er borte frå hotellet i Svelgen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I løpet av få veker skal Statnett vere ute av Myklebustdalen i Bremanger, etter at dei tapte rettssaka mot grunneigarane.

SJÅ TV-SAK: Vestlandsrevyen laga denne saka i samband med ankesaka i lagmannsretten.

– Vi har hatt mellom 20 og 40 mann i vår og fram mot sommaren, og var berekna ein topp med folk i august. Problemet er at vi har sagt nei til andre gjester sidan vi var førespegla fullt hus, seier Eimhjellen.

Flytta mann og maskin

Entreprenørverksemda K.A. Aurstad fekk store ekstrakostnader då dei måtte flytte maskiner og mellom 20 og 30 arbeidarar frå dalen. Kor mykje som er tapt er uvisst.

Tor Olav Halse

TAPER: Tor Olav Halse hos Maskinentreprenør 1 seier dei taper pengar på anleggsstoggen.

Foto: Privat

Hos Maskinentreprenør 1 seier dagleg leiar Tor Olav Halse at dei allereie er i dialog med Statnett om kompensasjon. For dei manglar arbeid til ni tilsette.

– Nær halve arbeidsstokken vår var sysselsett på linja, og det vart ein veldig brå stogg. I samband med ferien har vi ikkje moglegheit til å gje dei anna arbeid, så per i dag står nær halve maskinparken medan vi ventar på at noko skal skje, seier Hals.

Investerte millionar

Airlift-hovudkvarteret på Bringeland

STÅR: Helikopterverksemda Airlift hadde eitt helikopter som skulle jobbe med kraftlina.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

I Florø investerte DK Ferdigbetong millionar i bilar og materiell for å levere betong til arbeidet i Myklebustdalen. Men også her kan det vere tynt med arbeid når folk kjem att frå ferien.

Administrerande direktør i helikopterselskapet Airlift, Kurt Opseth, seier dei også taper pengar på anleggsstoppen.

(Artikkelen held fram under TV-saka)

I Bremanger starta Statnett måndag mastebygginga i eit naturreservat, før saka er ferdigbehandla i rettssystemet.
Grunneigarane rasar og føler seg rettslause.

SJÅ TV-SAK: Vestlandsrevyen laga denne saka i samband med anleggsstarten i Myklebustdalen.

– Eg vil ikkje spekulere i kor store følgjer det får, men eitt av våre 16 helikopter skulle vere på anlegget ut sesongen. På så kort varsel er det sjølvsagt ikkje lett å finne anna arbeid til helikopteret, seier Opseth.

Ventar spent

Så medan Statnett avgjer om dei skal anke lagmannsretten si avgjerd til Høgsterett, og Olje- og energiminister Tord Lien avgjer kvar lina skal gå, ventar mange spent på om det tek månader eller år før arbeidet startar opp att.

Ein av desse er hotelleigar Eimhjellen. Som elles ikkje vil blande seg inn i trasédebatten.

– Sjølvsagt håpar vi at dei kjem raskast mogleg i gang att, men dei jobbar ikkje om vinteren så eg er veldig i tvil på om dei kjem att til hausten. Det tek vel litt tid før avgjerda kjem, seier han.