Hopp til innhold

Mellom 75 og 100 millionar kan vere bortkasta

Statnett har lagt ned mellom 75 og 100 millionar kroner i traséarbeidet gjennom Myklebustdalen i Bremanger. Om dei ikkje får starte opp att arbeidet, kan pengane ha vore bortkasta.

Myklebustdalen kraftlinje

LEGG NED ARBEIDET: Mellom 70 og 80 tilsette må omplasserast til andre arbeidsområde i samband med bygging av kraftlinja mellom Ørskog og Fardal. Her i Myklebustdalen er det berre sikringsarbeidet som står att før arbeidsplassen står tom.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

I førre veke gav retten grunneigarane i Myklebustdalen medhald, og Statnett måtte leggje ned arbeidet med det same.

Fram til det tidspunktet hadde Statnett lagt ned mellom 75 og 100 millionar kroner i dalen.

Kraftlinja mellom Ørskog på Sunnmøre og Fardal i Sogn er sentral for å skaffe nok strøm til Midt-Norge i framtida.

Er i ferd med å sikre området

Kristian Pladsen

VIL UNNGÅ PERMITTERINGER: Kommunikasjonsdirektør i Statnett, Kristian Pladsen.

Foto: NRK

Etter rettskjenninga har det framleis vore arbeid i Myklebustdalen, men det handla om å sikre området.

– Det er ganske mykje å gjere, så vi kan ikkje berre sleppe det vi har i hendene. Det er snakk om store anleggsmaskiner og om mange menneske. Alt dette måtte fraktast ut. Og så må vi også sikre området i høve til menneske og dyr, og det må vi gjere på ein grundig måte, så det tar litt tid.

Det seier kommunikasjondirektør i Statnett, Kristian Pladsen til NRK. Dette arbeidet vil halde fram i neste veke.

– Vi er ferdige med å sikre stasjonsområdet på Ålfoten trafostasjon der arbeidet var kome ganske langt, og der veldig mange av millionane låg igjen. Og vi må fortsette ut neste veke med å sikre den leidningstraséen, seier Pladsen.

Men om sikringsarbeidet blir ferdig i neste veke, kan han ikkje svare sikkert på.

– Eg må kome tilbake til det for å forsikre oss om at vi rekk det, men vi må i alle fall halde fram i neste veke, så får vi sjå kor lang tid vi treng. Vi gir oss ikkje før vi har sikra området på ein forsvarleg måte.

Satsar på å unngå permitteringer

Det var rundt 70-80 personar som var i sving då dei måtte avslutte arbeidet. Slik det ser ut no vil ingen av desse bli permitterte.

– Vi vil forsøke å omplassere dei til anna arbeid innanfor det same prosjektet, slik at vi unngår å permittere folk, seier Pladsen.

(Saka held fram under TV-saka)

I løpet av få veker skal Statnett vere ute av Myklebustdalen i Bremanger, etter at dei tapte rettssaka mot grunneigarane.

– Er det gode sjansar for at de har arbeid til alle?

– Innanfor dette store prosjektet er det mykje arbeid som skal gjerast. Mange av dei er jo entreprenørar frå området, det er lokale arbeidsplassar vi i stor grad snakkar om, så vi har godt håp om det. Vi forsøker sjølvsagt å lage gode praktiske løysingar slik at folk kan stå i jobben framleis og gjere nytte for seg ein annan stad.

Ukjent om Statnett vil anke

Når sikringsarbeidet er over er det usikkert kva som vil skje i Myklebustdalen. Først i september går ankefristen ut, og Statnett har førebels ikkje teke stilling til om dei vil anke.

Om rettskjenninga frå Gulating lagmannsrett står ved lag vil millionane som er lagt ned i arbeidet, vere bortkasta. Pladsen vil ikkje utdjupe kva tankar dei gjer seg om dette.

– Det må vi berre sjå på. Vi avventar prosessen og så ser vi kva som kjem ut av det. Vi treng ein gyldig konsesjon for å kunne ta opp att arbeidet, så den prosessen må vi berre avvente.

Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger

VANN FRAM: Grunneigarane i Myklebustdalen i Ålfoten i Bremanger vann fram i retten, og dersom rettskjenningen blir ståande må Statnett ut av dalen for godt.

Foto: Hilde Myklebust