Hopp til innhold

NHO-direktør krev kraftlinearbeid sett i gang att

– Det er ein skandale om ikkje arbeidet på Ørskog-Fardal-lina snarast kjem i gang att, seier NHO-direktør Jan Atle Stang i Sogn og Fjordane.

Myklebustdalen kraftlinje

STRID: Industrien, utbyggjarar og NHO vil ha snarleg oppstart att på anleggsarbeidet med den nye kraftlina gjennom Myklebustdalen.

Foto: Ivar Andreas Myklebust

Arbeidet med lina gjennom Myklebustdalen var godt i gang då lagmannsretten stogga utbygginga i juni.

Nær 80 personar hadde i lengre tid vore i arbeid og eit stort område sprengt ut. Mellom 75 og 100 millionar kroner var brukt på arbeidet med å få den viktige kraftlina gjennom Bremanger.

– Med dei store følgjene denne stoggen får, så ventar eg lynrask behandling og at ein kjem i gang att, seier NHO-direktør i Sogn og Fjordane, Jan Atle Stang.

Omstridd line

Kraftlina har vore tema for strid og motstand heilt frå første stund, noko som også har eskalert etter at traseen frå Fardal i Sogn til Ørskog på Sunnmøre vart klar.

Noko betre vart det ikkje då dåverande olje- og energiminister Ola Borten Moe overkøyrde faglege råd og la lina gjennom naturreservatet i Bremanger . Trass rettslege prosessar har arbeidet gått sin gang.

Jan Atle Stang

SKANDALE: Jan Atle Stang meiner arbeidet med kraftlina gjennom Myklebustdalen må kome i gang att.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Sjølv om lagmannsretten viser til at trasévalet er gjort på sviktande grunnlag, meiner NHO-direktør Stang det vil vere feil å flytte lina til eit anna område.

– Det blir veldig merkeleg og nærast ein skandale om ein trekkjer alt tilbake, seier han.

Advokaten til grunneigarane i Myklebustdalen, Magne Revheim, meiner Stang bør rette skuldingane mot Statnett.

– No er det slik at verken staten eller private kan byggje etter ulovlege, eller ugyldige, vedtak, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen)

I løpet av få veker skal Statnett vere ute av Myklebustdalen i Bremanger, etter at dei tapte rettssaka mot grunneigarane.

TV-SAK: Vestlandsrevyen laga i byrjinga av juli TV-sak om grunneigarane i Myklebustdalen som har fått tilbake dalen sin.

Prosjekt står i fare

Både i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane har industrien eit skrikande behov for den nye kraftlina. I tillegg står ei rekkje vasskraftprosjekt på Nordvestlandet i fare for å bli skrinlagde dersom lina ikkje blir ferdigstilt.

Produksjonsdirektør i Sogn og Fjordane Energi, Ola Lingås, seier utbyggingar for opp mot ein milliard kroner står i fare.

– Vi jobbar med fem-seks prosjekt i Nordfjord som soknar til denne lina, og i dag er det ikkje mogleg å få inn ny kraft, seier han.

– Skaper uvisse

Statssekretær Kåre Fostervold (Frp) i Olje- og energidepartementet påpeikar at kraftlina står heilt sentralt for å sikre kraftforsyninga på Nordvestlandet og Midt-Norge.

Kåre Fostervold blir statssekretær

UVISSE: Kåre Fostervold (Frp) seier situasjonen med kraftlina skaper uvisse.

Foto: Eirik Haugen / NRK

– For at heile kraftlina frå Ørskog til Fardal skal kome på plass så raskt som mogleg, må ein vere sikker på at ein har det rettslege grunnlaget som må til, seier han.

– Dette er ein situasjon i Olje- og energidepartementet tek på største alvor. Forseinkinga skaper uvisse både for industri og kraftutbygging på Nordvestlandet og i Trøndelag, seier han.

Advokat Revheim meiner reaksjonane frå NHO og Sogn og Fjordane Energi minner om ei krisemaksimering.

– Dersom linene blir lagt i ein ny trasé, som til dømes Førdedalen, så vil truleg lina vere bygt innan fristen som Statnett opphavleg sette, altså 2016, seier han.