Hopp til innhold

Stal med seg poeng frå Mjøndalen, men fryktar langtidsskade på stopparkjempen

Florø vart pressa gjennom heile kampen, men klarte å ta med seg eitt poeng frå bortekampen mot Mjøndalen. Likevel gav ein skade grunn til bekymring i etterkant.

Terje Rognsø, Florø-trenar

NØGD?: Uavgjort borte mot Mjøndalen i serieopninga er eit resultat Florø-trenar Terje Rognsø kan vera godt nøgd med. Han har framleis til gode å tapa for Vegard Hansen og Mjøndalen.

Foto: Truls Kleiven

Laster innhold, vennligst vent..

– Det er eit godt resultat i ein kamp som var svak av oss på fleire måtar. Det vi gjer med ballen sjølv og i angrep er ikkje godt, men gutane viser ein enorm karakter og innsats. Vi må ta med oss det, seier Florø-trenar Terje Rognsø til NRK.

Kampen enda 1–1 som er eit sterkt resultat for Florø, borte mot eit lag som er venta å kjempa heilt i toppen i år.

Men det er med bekymring laget reiser tilbake til Florø, etter at forsvarskjempa Runar Hove måtte ut med skade etter 60 minutt.

Fryktar langtidsskade

Rett før kampuret viste ein time på klokka sette midtstoppar Runar Hove seg ned og det vart tidleg klart at han ikkje kunne spela vidare.

– Han har slite med ein avriven muskel på framsida av låret. Han har vore ute i eit halvt år, men har ikkje kjent noko til det den siste månaden. Vi reiser frå Mjøndalen med bekymring, seier Rognsø.

Runar Hove

UTE: Runar Hove er ute med skade på ubestemt tid.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Fryktar du heile sesongen ryk?

– Eg har aldri tidlegare sett ein slik skade så eg veit ikkje, men eg trur han må under kniven. Eg er ganske sikker på at han ikkje spelar meir før ferien i alle fall, seier Rognsø.

Kjempetabbe

Det skulle gå 22 minutt før kampen fekk si første scoring. Etter at Mjøndalen hadde dominert i opninga var det bortelaget som tok leiinga. Kristoffer Ryland dribla seg innover på kanten og fekk lagt inn langs bakke. Mjøndalen-keeper Lukas Jonsson verka å ha full kontroll, men klarte å rota ballen i eige mål.

Kristoffer Ryland

HELDIG: Kristoffer Ryland hadde innlegget som sende Florø i leiinga, men målet vert nok ståande som eit sjølvmål frå Mjøndalen sin keeper.

Foto: TRULS KLEIVEN

Ryland var skadeplaga i fjor fekk berre 295 minutt for Florø i fjor. Det vart berre tre kampar frå start.

Men Florø var berre i paradis i dryge ti minutt. Bruntrøyene frå Mjøndalen heldt fram med det dominerande banespelet og etter 35 minutt fekk Ylldren Ibrahimaj laga balanse i rekneskapen. Nicklas Frenderup fekk fingrane på avslutninga, men ikkje nok til å avverja utlikninga. Det stod 1–1 til pause.

Etter kvilen var også heimelaget best og skapte fleire sjansar utan at det gav nettkjenning.

Eit skår i gleda for Florø er at midtstoppar Runar Hove måtte ut med skade etter ein dryg time av kampen.

God statistikk for Florø

Florø overbeviste mange i fjor med sin åttandeplass etter at dei fleste ekspertane hadde tippa dei nord og ned. Før årets sesong har spelarar som Endre Kupen, Erlend Hove og Monir Benmoussa forsvunne frå laget.

Mjøndalen på si side hamna på ein tredjeplass i fjor, men vart slått ut i play-off til eliteserien. I fjor tapte bruntrøyene berre to heimekampar – ein av dei mot Florø. Også i Florø vart det siger til laget frå kystbyen, som vann heile 5–0.

Laster innhold, vennligst vent..