Hopp til innhold

Florø braut Mjøndalen si sigersrekke

4–2 enda kampen mellom Florø og Mjøndalen. Det skulle vore enda fleire mål, seier Endre Kupen.

Endre Kupen

TO MÅL: Endre Kupen er tilbake og varta opp med to mål på bortebane mot Mjøndalen.

Foto: TRULS KLEIVEN

Laster innhold, vennligst vent..

Han stod sjølv for dei to første måla til Florø.

– Eg hadde fleire sjansar. Dei skulle også vore mål, seier Endre Kupen.

Han har slite mykje med skade tidlegare i sesongen, men var tilbake og fekk to mål på 70 minuttar mot Mjøndalen.

– Det vanvettig herleg å bryte sigersrekkja til Mjøndalen på heimebane. Dei tok nok litt lett på oss, vi som nettopp har rykka opp, seier Kupen.

Har nesten to år utan tap på heimebane

Bussturane frå aust til vest er kjekkare når dei har siger i bagasjen, melder Florø-trenar Terje Rognsø frå lagbussen på veg heim til Florø.

– Vi hadde ein forferdeleg start på 2. omgang, med eit frispark som blir mål etter mykje klabb og babb. Så tek gutane tak og snur til 2–1 og er klart best. Så rotar vi det til att, og det blir 2–2 når det er ti minuttar igjen. Då tenkte eg here we go again, seier Rognsø.

Men Florø klarte å snu kampen igjen, og dei siste ti minuttane kom det tok mål til frå dei blåkledde.

Det er ein prestasjon trenaren er stolt av.

– Det er kanskje det som imponerer meg mest. Vi klarer å smelle til mot eit lag som ikkje hat tapt på bortebane på to år, vi kjem tilbake og vinn kampen. Heilt fortent, meiner eg.

Terje Rognsø

TRENAR: Terje Rognsø er nøgd med å hanke inn ein siger på bortebane mot Mjøndalen. No ventar Ranheim neste helg, før spelarane får i overkant av ei veke fri.

Foto: Truls Kleiven

Mange skadde spelarar

Florø rykka opp til OBOS-ligaen etter fjorårets sesong. Sesongen har vore prega av mange skada spelarar.

Endre Kupen er blant dei som no er på veg tilbake.

– Det byrjar å kome seg, Men eg håpar eg held lengre neste kamp. Det er bere føtene mine som byrjar å bli gamle. Men dei heng no på enda, spøker han.

Neste helg ventar Ranheim i Trøndelag.

– Eg håpar dei skal få sjå litt av det same vi synte i dag, avsluttar Endre Kupen.

Laster innhold, vennligst vent..