Hopp til innhold

Ho er ei av mange fleire som ikkje et kjøt

FØRDE (NRK): Dei siste 20 åra har talet på nordmenn som ikkje et kjøt, meir enn dobla seg. Først no når utvalet har betra seg i butikkane, har Terese Aasen Savland teke steget til å bli veganar.

Terese Savland Osland står i kø til kassa på Spar Amfi Førde.

NØGD VEGANAR: Therese Aasen Savland er nøgd over at utvalet for vegetarianarar og veganar er blitt betra.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Eg har hatt det i tankane og prøvd fleire gongar, men på grunn av dårleg utval varte det aldri så lenge. Ein har jo ikkje lyst å leve på salat resten av livet. Det er jo ikkje det ein veganar er.

Terese Aasen Savland er ein av mange nordmenn som den siste tida har valt å ikkje ete kjøt.

I februar bestemte naustedølingen seg for å bli veganar. Sjølv om ho har vore inne på tanken i fleire år, var det ikkje før utvalet blei større i butikkane at ho tok steget.

Terese Aasen Savland legg varar på handlebandet på matbutikken Spar Amfi Førde.

STORT UTVAL: – Eg må på litt forskjellige butikkar, men eg finn som regel alt eg treng, og butikkane er flinke til å ta inn meir dersom er spør, meiner Therese Aasen Savland.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Vart overraska

Utvalet av matvarer tilpassa vegetarianarar og veganar har blitt større i matbutikkar i heile landet, i samanheng med at fleire har endra dietten sin.

Savland blei overraska over mangfaldet i utvalet då ho flytta tilbake til Naustdal etter å ha budd på Austlandet.

– Sjølv om ein ikkje kan få veganske kebabar, slik ein kanskje kan få i Oslo, så synest eg butikkane her er flinke. Eg finn som regel det eg treng.

Frysedisk med vegetarianske og veganske produkt.

LITT AV KVART: Ifølge Savland finn ein vegetarprodukt i dei fleste butikkar. Her er litt av utvalet på Coop Mega i Førde.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Må utvide

Kristian Årdal, dagleg leiar for Spar Amfi Førde, seier det hos dei går meir og meir av vegetarianske og veganske produkt.

– Nokre varer er bestemt av kjeda at vi tar inn, men vi har og moglegheita til å supplere utover det. I Førde har vi merka at etterspurnaden aukar. Vi tenker at vi etter kvart må til med å utvide fryseavdelinga vår for slike varer, seier han.

Men det er ikkje berre i Førde etterspurnaden aukar.

Dagleg leiar, Kristan Årdal, i fruktavdelinga på Spar Amfi Førde.

VIL TILPASSE SEG: Dagleg leiar ved Spar Amfi Førde, seier etterspurnaden etter vegetarianske og veganske produkt stadig aukar.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Meir enn dobbelt så mange vegetarianarar

Ifølge Norsk Vegetarforeining har talet på vegetarianarar i landet meir enn dobla seg dei siste 20 åra. Dei reknar med at minst 100.000 menneske i landet er vegetarianarar, men meiner talet på folk som vel å kutte ut kjøt heilt eller delvis, stadig aukar.

Informasjonsansvarlig Pål W. Thorbjørnsen i Norsk Vegetarforening

DOBLA TAL: I følge informasjonsansvarleg for norsk vegetar foreining, Pål W. Thorbjørnsen er det minst to prosent av befolkninga som ikkje et kjøt. Dette bilete er teke frå ei tidlegare sak.

Foto: Privat

– Spesielt sidan 2015 har det vore ei stor auke som har gjort at vegetarsaka nesten var vore gjennom eit paradigmeskifte. Før var det å ete vegetariansk noko berre vegetarianarar gjorde, men i dag er det fleire og fleire som prøvar seg på å ete meir vegetarmat, blant anna ved å ha ein kjøtfri måndag, forklarar informasjonsansvarleg for foreininga, Pål W. Thorbjørnsen.

Dette ser ein att i utvalet i butikkane. Savland synest sjølv at det betra utvalet er viktig.

– Det gjer jo det enklare for oss som et vegetarisk eller vegansk. Og det er bra for miljøet, det er bra for dyra, og det er bra for oss.