NRK Meny
Normal

Solberg: – Arbeidsplassar veg tyngst

GARDERMOEN (NRK): På landsmøtet til Høgre i dag tala statsminister Erna Solberg varmt om behovet for grøne arbeidsplassar. Det berre ei veke etter at regjeringa sa ja til den omstridde gruvedrifta i Engebøfjellet.

Erna Solberg

STØTTAR GRUVEDRIFT: Statsminister Erna Solberg meiner miljøkonsekvensane av gruvedrift i Engebøfjellet er så små, at behovet for arbeidsplassar veg tyngre.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Eg vil peike på tre omgrep som må prege vårt nærings- og arbeidsliv i framtida: grønt, smart og nyskapande, sa Solberg frå talarstolen under landsmøtet til Høgre i dag.

Utsegnet står i sterk kontrast til motstanden frå miljørørsla, som har vekst stadig sterkare etter at regjeringa gav grønt lys til å starte storstilt gruvedrift i Vevring i Sogn og Fjordane.

Vanskeleg val, men...

Avgjerda kom førre fredag. Regjeringa gav Nordic Mining løyve til å dumpe 250 million tonn gruveavfall i Førdefjorden i samband med den planlagde gruvedrifta.

Det er eit vedtak som har vekt sterke reaksjonar frå miljøforkjemparar, men som òg vil kunne bety hundrevis av nye arbeidsplassar til Sogn og Fjordane.

Solberg vedgår at det er vanskeleg å vege miljøomsyn og arbeidsplassar opp mot kvarandre. Men...

– Når vi har gått igjennom undersøkingane og sett krav til utsleppsløyva, så er miljørisikoen liten nok til at desse arbeidsplassane bør realiserast, seier ho til NRK.

Miljørørsla mobiliserer

I veka som har gått har deponimotstandarane mobilisert seg. Over tusen har skreve under på at dei vil lenkje seg fast i protest mot vedtaket.

– Kva inntrykk gjer motstanden, òg blant ungdom, mot prosjektet?

– Det gjer alltid inntrykk. Samstundes har vi gått grundig igjennom desse rapportane. Dei miljømessige konsekvensane er ikkje så store, viss ein følgjer utsleppskrava, seier ho.

– Treng metall og mineral

Klima- og miljøminister Tine Sundtoft meiner gruveavgjerda ikkje kolliderer med statsminister Solberg og regjeringa sitt mål om eit «grønt skifte» i politikken.

Ho meiner tvert imot det er naudsynt å utvinne mineral og metall, for å kunne skape miljøvenlege arbeidsplassar i framtida.

Sundtoft om gruvedrift

NAUDSYNT AVGJERD: Klima- og miljøminister Tine Sundtoft meiner utvinning av mineral og metall er naudsynt for å kunne skape grøne arbeidsplassar i framtida.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Men då er det viktig at det blir stilt strenge miljøkrav. Dette er ei sak som det er brukt lang tid på og det har vore mange utgreiingar. Difor kjenner eg meg trygg på, når vi stiller så strenge miljøkrav, at dette er ei riktig avgjerd, seier ho.

– Men korleis passar gruvedrift og sjødeponi med målet om eit slikt grønt skifte?

– Også i det grøne skiftet vil ein trenge metall og mineral. Rutil trengst for å lage titanmetall som brukast i elbilar og produkt som vi treng i det framtidige samfunnet, seier ho.

Vegopning på Bergum i Førde kommune