Dermed ser det ut til å gå mot eit endeleg punktum i saka som i fleire år har splitta det politiske miljø og innbyggjarane i Naustdal kommune.
- Les også: Skuldar kvarandre for feilinformasjon
Regjeringa har handsama planane, og i dag fall dei siste brikkene på plass.
– Engebøprosjektet skal hente ut verdifulle mineral, som brukast i alt frå tannkrem til måling og som metall i fly og sportsutstyr. Engebø vil medverke til auka aktivitet og nye arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland (H).
Ja til sjødeponi
NØGD: Ivar Fossum i Nordic Mining er svært nøgd med at dei endeleg får lov til å starte arbeidet med å vinne ut rutil i Engebøfjellet.
Foto: Eldgrim Fossheim / NRKModerniseringsdepartementet har i dag stadfesta reguleringsplanen, medan Klima- og miljødepartementet har gjeve løyve til eit svært omstridd sjødeponi i Førdefjorden.
- Les også: Gjekk fakkeltog mot sjødeponi
Nordic Mining vil investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Norge. Gruvedrifta kan bety 170 arbeidsplassar knytt til gruvedrifta, ytterlegare 300 arbeidsplassar lokalt i Sunnfjord, og Mæland viser i ei pressemelding til at den kan bety 500 arbeidsplassar på landsbasis.
PROTESTERTE: Gruvemotstandarane viste tydeleg si haldning då dåverande miljøvernminister Erik Solheim (SV) vitja Vevring i 2011.
Foto: Vidar Gudvangen / NRK– Det har vore ein lang veg å gå, så dette er ein stor dag. Vi er glad for at det endeleg blir sett punktum i saka, seier administrerande direktør i Nordic Mining, Ivar Fossum til NRK.
Oppstart om fire år
Verksemda har funne kring 250 millionar tonn rutilmalm i Engebøfjellet. Noric Mining har sidan 2007 eigd rettane til ressursane. Kommunestyra i Askvoll og Naustdal har godkjent planane.
- Les også: Klagar gruvesaka til ESA
– Det er mykje som skal gjerast no, og det vil ta kring fire år før vi kan starte opp, held Fossum fram.
Deponering av 140 millionar kubikkmeter restmasse i Førdefjorden har vore spesielt omstridd. Regjeringa presiserer at ein føresetnad til løyvet er at det marine miljøet må ivaretakast på ein tilfredsstillande måte.
Stiller strenge krav
SEIER JA: Næringsminister Monica Mæland (H) har velsigna Nordic Mining sine planar om gruvedrift i Naustdal.
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpixDet blir stilt strenge krav til overvaking og dokumentasjon av utsleppa. Det er første gong det blir stilt krav i eit utsleppsløyve om å dokumentere at sjømaten er trygg.
– Engebøprosjektet er det største planlagde mineralprosjekt i Norge, seier Mæland.
– Skal Norge ha framtidas arbeidsplassar og velferd, må vi ha konkurransedyktige verksemder. Mineralnæringa kan vere ein motor for auka aktivitet og fleire arbeidsplassar i distrikta, legg næringsministeren til.