– Vi meiner det er noko fundamentalt feil med systemet når Miljødirektoratet ikkje har som hovudrolle å beskytte naturen, men også andre må ta samfunnsansvar, seier leiar i Naturvernforbundet, Lars Haltbrekken.
- Les også:
Fredag sa regjeringa ja til utbygging av gruvedrift i Vevring i Naustdal. Nordic Mining skal vinne ut mineralet rutil. Selskapet skal investere kring to milliardar kroner i det som er det største planlagde mineralprosjektet i Noreg.
Kritisk til Miljødirektoratet si rolle
Miljødirektoratet skreiv i november ei tilråding som gjekk imot deponering av gruveavfall i Førdefjorden. Men fredag leverte direktoratet ei tilråding der dei gir ei samla vurdering av fordelar og ulemper med ei slik gruvedrift.
– Når såg ein Helsedirektoratet stoppe ei røykereklame av omsyn til arbeidsplassane i tobakksindustrien? Det skjer berre ikkje. Helsedirektoratet tar helseomsyn og gir råd ut frå det, seier Haltbrekken.
- Les også:
- Les også:
Vurderte samfunnsnytten
Naturvernforbundet meiner det er oppsiktsvekkande og feil at det er Miljødirektoratet som skal vekte samfunnsinteressene opp mot naturvernet.
Direktoratet viser mellom anna til fleire samfunnsinteresser som er viktige:
- Verdi av prosjektet er anslått til 3,9 milliardar kroner
- Verdiskaping til BNP er på 430 millionar kroner årleg
- Skatteinngangen i Naustdal kommune aukar
- Sysselsette 170 personar per år i driftsperioden
- Totalt vil 500 personar bli sysselsette som følgje av drifta
- Etterspurnaden internasjonalt etter rutil er stor og jamn
Naturvernforbundet meiner direktoratet først og fremst skal vere miljøets vaktar.
– Miljødirektoratet burde vore naturen fremste forsvarar og dermed komme med sine råd ut frå det, seier Haltbrekken.
Politikarane må ta ansvar
Han meiner det er politikarane si rolle å løfte blikket og sjå alle samfunnsinteressene under eitt.
– Det er politikarane si rolle. Vi meiner politikarane har svikta i denne saka og vi meiner Regjeringa har svikta når dei gjer om ein rik og rein fjord til ei søppelplass. Det kan ikkje vere miljødirektoratet, som er miljøets advokat, å ta samfunnsomsyn. Det er det våre folkevalde som skal gjere, seier Haltbrekken.
- Les også:
Vedtaket vil bli tatt så langt det lar seg gjere for å få det stoppa. ESA blir klageinstans.
– Vi kjem til å klage saka inn for ESA. Vi vil påpeike at dette er eit brot på internasjonale avtale om å få reinare fjordar og elvar. Dette er det motsette, det er å øydelegge ein frisk og rein fjord.