Hopp til innhold

Sogn og Fjordane ute av fotball-NM

For første gang sidan 2012 er ikkje Sogn og Fjordane representert i 3. runde av NM-cupen i fotball. – Eg må berre beklage til alle som tok turen til Bergen, seier Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Jubel i Fyllingsdalen

JUBELSCENER: Det var liten tvil om at heimepublikumet fryda seg over å sjå 3. divisjonslaget Fyllingsdalen ta skalpen på Sogndal i andre runde av NM-cupen i fotball.

Foto: Elise Angell / NRK

Laster innhold, vennligst vent..

Sogndal takka for seg mot 3. divisjonslaget Fyllingsdalen, medan 2. divisjonslaget Hødd tok ein fortent Florø-skalp då cupavansement stod på spel onsdag kveld.

– Dette var ikkje noko kjekt i det heile. Det er trist å ikkje vere med på karusellen og stå att utan lag på veg til Ullevaal, seier leiar Robert Endestad i Sogn og Fjordane fotballkrins.

Sogndal skuffa mest

Robert Endestad

LOSNAR: Trass vaklande start i serien og tidleg cupexit, trur leiar Robert Endestad i fotballkrinsen at både Florø og Sogndal får det til i 1. divisjon. – No får ein ha fokus på serien og komme sterkare tilbake, sier han.

Foto: Bård Siem / NRK

For ein må mange år attende for å finne sist Sogn og Fjordane ikkje hadde noko lag i tredje runde av NM-cupen. Sist det skjedde var i 2012.

Då vann Florø 3-0 heime mot Sogndal, før dei vart feia av bana med 1-6 heime mot Brann.

– Sogndal er nok det laget som skuffa mest i kveld. Dei har hatt ein god drive i serien i det siste og møtte eit 3. divisjonslag. Eg hadde trudd at dei stod opp og ville ta det, seier Endestad og legg til:

– Det kan hende dei tok litt lett på det.

Undervurderte ikkje

Eliteserien fotball: Sogndal - Sarpsborg 08, (3-3.)

SKUFFA: Eirik Bakke var ikkje nøgd med å sjå Sogndal bli slått ut av Fyllingsdalen. – Vi veit at sjølv om det ikkje skal skje, så kan slikt skje i cupen, seier han.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Nei det gjorde vi ikkje. Vi var godt budde og hadde sett på kva Fyllingsdalen var gode på. Det er eit godt lag, så det har ingenting med det å gjere. Dei ville det nok meir enn oss, svarer Sogndal-trenar Eirik Bakke.

Ein av mange skuffa passasjerar på Sogndal-bussen opp att frå Bergen. For Sogndal hadde fleire sjansar til å avgjerde kampen sjølve.

I staden var det Eirik Kampenes som avgjorde cupkampen på Varden Amfi.

– Ni av ti gonger slår vi Fyllingsdalen, men det gjorde vi ikkje i dag. Når så mange ikkje har dagen, så kan oskeladden slå betre lag, seier Bakke.

God

Medan Eirik Birkelund scora målet for Sogndal, makta ikkje Florø å score i Ulsteinvik. Gjennom 118 minuttar heldt ein veldig god keeper Jacob Storevik kystlaget inne i kampen.

Terje Rognsø

HAR TRUA: Florø slit i serien og enda cupeventyret mot 2. divisjonslaget Hødd. – Det er ikkje stor sjanse for at vi hadde kome i cupfinalen uansett, men vi får slå tilbake på søndag. Det er det einaste vi får gjort noko med, seier trenar Terje Rognsø.

Foto: Truls Kleiven

Så vart han overlista av Hødds Bendik Rise. Trenar Terje Rognsø klarer ikkje heilt forklare kvifor cup-eventyret enda mot Hødd.

– Utfordringa er at vi spelemessig gjer ein frykteleg svak kamp, men vi møtte eit godt lag. Du sat heile tida med ei kjensle av at dei var det beste laget. Dei vann fullt fortent, seier han.

Håpar på damene

– No er det serien som står att. Då er det om å gjere for Sogndal å kapre opprykksplass og Florø å berge plassen. Det trur eg dei klarer om dei går i kjellaren og jobbar godt som eit lag framover, seier Endestad og legg til:

– Så får vi satse på at Kaupanger-damene tek vegen heilt inn i cupen.

Laster innhold, vennligst vent..