Hopp til innhold

Så mykje plast fann skuleungane på ein og ein halv time

Skular, barnehagar, studentar, verksemder og privatpersonar har alt meldt seg på til å bli med på den store dugnaden «Heile Noreg ryddar» 3. mai.

Plastsamlarar på Vevring skule

RYDDA LANGS FJORDEN: 1- 4. klasse ved Vevring skule rydda stranda i Redalen og på Gryta. Det blei 12 sekker boss på 1,5 time!

Foto: Nadine Ranke

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Her er aksjonar du kan henge deg på, eller du kan komme opp med din eigen.

Skular

  • Vestavinden i Tonning barnehage, som har eigen bussbarnehage, tek turen ut i Stryn sentrum for å plukke det som andre har kasta frå seg
  • Torvmyrane skule i Florø vil vere med og rydde nærområdet 3. mai.
  • Ved Florø barneskole er planen at alle elevane skal rydde i nærområdet. Dei yngste elevane nærmast skulen og dei eldste lengst vekke. Vi har eit stort område som er bumiljøet til elevane.
  • Kaupanger skule skal rydde på Kaupanger
  • Hornindal skule skal plukke søppel rundt skule- og idrettsanlegg, på stranda og i sentrum.
  • Halbrend skule i Førde, ved valfaget innsats for andre, skal rydde rundt kulpen og friområda rundt
  • Halbrend skule ved valfaget «Innsats for andre» i 8. klasse, skal rydde i nærområda til Halbrend skule og mot sentrum
  • Klassane 3mka og 3dea ved Sogndal vidaregåande skule skal teste ut plogging i gymtimen. Dette er ein kombinasjon av jogging og plukking av søppel i sentrum
  • Klasse 5A ved Førde barneskule skal møtast i Klatreparken i Førde 3. mai kl. 18. Dei skal rydde i området der og sentrum i sør.
  • 1 STA ved Eid vidaregåande skule kallar seg «Bosses of the boss». Dei skal plukke søppel i fjæra og sentrum frå kl. 9–11
  • Vi på Stavang skule og barnehage skal ta den årlege ryddeaksjonen før 17. mai på torsdag 3. mai. Eit flott tiltak! Dette har vi gjort kvart år. Borna blir premierte for stordugnaden i bygda med ein sjølvvalt is, på den lokale butikken
  • Studentar og tilsette ved Høgskulen på Vestlandet, campus Førde, skal rydde i nærområdet. Som belønning får alle som deltek betasuppe og saft
  • 1. – 7. klasse ved Selje skule vil hjelpe til i sentrum og ved strender i Selje
  • FAU ved Svelgen oppvekst skal plukke boss, rydde, koste, male og drive litt småsnikkerarbeid ved Svelgen skule og barnehage
  • Småtrinnet ved Solund barne- og ungdomsskule skal drive med strandrydding
  • Elevassistent og elev ved Sygna vidaregåande skule vil rydde i skråningar i nærområdet til skulen
  • 2. klasse ved Bygstad skule skal samle boss rundt skulen
  • 1–10. klasse ved Eikefjord barne- og ungdomsskule vil rydde i strandområda i Eikefjord
  • Feios skule og Feios bygdelag samarbeider om årets ryddeaksjon. – Me vil rydde strendene og vegane i heile bygda. Me håpar på å finne mindre avfall samanlikna med i fjor
  • Sunnfjord Folkehøgskule skal ut med elevene sine for å rydde i området nær skulen i Førde. Vi har morgonsamlig kl. 09.00 og skal rydde mellom kl. 09.30 og 12.00
  • 5.klasse ved velje skule skal rydde på Nabben i Selje sentrum. Elles er dei andre klassene (1.-7.kl) også med. Vi har fordelt oss på ulike postar i Selje
  • 1. klasse ved Nordfjordeid skule skal plukke søppel på og rundt skuleområdet og på skulevegen
  • Kalvåg oppvekst, barnehage og skule, skal rydde i Småvågane i Kalvåg

Barnehagar

  • Flåm Barnehage i Aurland skal plukke søppel langs vegen og på badestranda i Flåm
  • Lavik barnehage skal rydde i fjøra nedom kyrkja i Lavik, og bort mot ferjekaia
  • Solund barnehage på Hardbakke ønskjer å rydde ei fjøre eller to torsdag 3. mai. Ei gruppe skal reise i båt for å rydde ei fjære, ei går til ei strand for å rydde og den tredje gruppa ryddar rundt barnehagen. Også Sulefisk AS blir med på aksjonen denne dagen og skal dra opp deler av ein oppdrettsring som ligg stranda utanfor ei vik på sørsida av Solund mot Sognesjøen.
  • Havreneset barnehage vi vil rydde i nærområde vårt deira, ved Nornes og Havreneståa i Flora kommune
  • Kyrkjebakken barnehage, avd. Sokrates, i Sogndal vil lære 2- og 3-åringane litt om å rydde og vil difor plukke søppel ved barnehagen og kyrkja.
  • Nybø barnehage på Leikanger vil bruke naturvaktarane våre og resten av barnegruppene til å samle boss rundt barnehagen og i stranda ved barnehagen
  • Nærleiken barnehage vil samle foreldre, born og tilsette frå onsdag kl. 17:30 til 18:30. Dei vil rydde i Hafstadparken og kanskje langs elva
  • Avdeling Kanutten i Kyrkjebakken Barnehage i Sogndal skal plukke boss i Sogndal sentrum
  • Olden barnehage – Bamsehus – vil rydde rundt barnehagen. Ei gruppe går oppover til den nye kyrkja i Olden, ei gruppe går mot sentrum og plukkar, og ei gruppe går skogsvegen ved Muri. – Vi har med oss søppelsekkar, og vi samlar søppel og skrot som ligg på marka og i grøftene
  • Småbarnsavdelingen Knerten ved Kyrkjebakken barnehage i Sogndal tek med borna og ryddar i nærmiljøet rundt barnehagen
  • Rones barnehage i Sogndal vil plukke plast, glas, papp og papir i nærområdet. – Tema vårt er berekraftig utvikling
  • Avdeling Aurora ved Kyrkjebakken barnehage i Sogndal vil rydde i nærområdet og ved kyrkja
  • Nepjarhaugen barnehage i Flora vil rydde langs stien ved Lillevatn
  • Lunden barnehage avd. Rosa i Naustdal, skal plukke boss i området rundt barnehagen
  • Solgruppa og stjernegruppa i Olderdalen barnehagen i Høyanger har plukka boss langs med naturstien ved barnehagen og vi vil plukke i nærmiljøet til barnehagen
  • Storavdeling i Stryn Bedriftsbarnehage vil plukke søppel i nærområdet til barnehagen
  • Kjørnes barnehage i Sogndal vil rydde i og rundt barnehagen pluss i nærområdet på Kjørnes
  • Hornindal barnehage skal rydde i nærmiljøet til barnehagen
  • Hjetland barnehage i Høyanger skal plukke søppel i nærområdet til barnehagen, på Hjetland i Høyanger

Familiar/privatpersonar

  • Eskil (5) og Brage (3) Harkjerr Frimanslund vil saman med foreldra plukke søppel langs strender i Sogndal
  • Bodil Garlid Tenden og døtrene stiller opp og vil gå langs vegen i Lodalen og plukke så langt dei klarer
  • I Vik tek Gunn Randi Bjørnevoll med seg bossekkar for å plukke søppel langs ferjekaien på Vangsnes og litt innover vegen mot Feios
  • Familien Bruvik-Krakhellen i Florø vil rydde i nærområdet på Krokane
  • Karine Hatlem Rønneseth i Hyllestad tek med mann og barn (sistnemnde i vogn) og går langs hovudvegen frå Rønset og mot Sørbøvågen. Her vil dei plukke boss i vegkanten som før. Det er stadig «nytt boss» langs vegen dessverre, skriv ho
  • I Gloppen vil ein familie gå ein tur i nærmiljøet for å rydde
  • Privatpersonar i Askvoll tek med seg søppelsekkar og skal rydde langs stranda og vegen
  • I Stryn vil ei dame sykle langs vegen inn frå Lunde og til Stryn sentrum
  • 3 mai skal det gå føre seg rydding frå hovudvegen på Nygård og heilt til slutten av Evja ved Deknepollen, skriv Marisol Eliassen. Her ligg det mykje søppel langs vegen og ved fjøra. Dette er eit populært turområde, difor ønskjer dei å rydde for å halde naturen fin og rein
  • Familien Koren i Gloppen vil plukke boss langs E39 på Sandane
  • Egil Melvær i Florø skal rydde langs Brandsøyvegen og Nybøvegen
  • Geir Ytredal i Gloppen vil plukke søppel langs vegen og vegkanten i Valborgkleiva
  • Ein familie på fem som bur i Dale stiller opp på dugnaden. Kim Frode (32), Julie (31), Sofie (6), Samuel (4) og Isak (7 månader) vil rydde i skogen bak huset og langs stiane i nærområdet
  • Eli Eide i Gloppen skal plukke søppel langs Nordstrandsveien
  • Nokre småbarnsforeldre i Luster vil rydde i området frå Lambhaug til Høgi
  • Anders (28), Øyvind Nicolai (5) og Karl Philip (0) skal plukke søppel i Viksdalen i Gaular
  • Anders Hovland i Aurland vil rydde langs E16 mellom Flenjatunnelen og Gudvangatunnelen og langs elva i Gudvangen
  • Ida Kristine Sagerøy og ein person til i Luster, skal plukke boss langs sjøen
  • Eit ektepar i Gloppen vil rydde i strandsona på Sande
  • Mai-Evy Bakken og ein person til i Sogndal, skal plukke søpple langs turstiar, veg og bekkar
  • Håkon (26) og Anna (24) i Gaular vil plukke boss i nærområdet ved Sygna
  • Kristine Tonning vil plukke søppel langs Stryneelva
  • Ein vennegjeng i Sogndal skal rydde langs gangvegen og i fjøra frå Sjøkanten og ut til badeplassen ved Hagelin. – Me ryddar også badeplassen
  • Mathilde Hjelmeland og Kristine Strøm vil rydde i Nordfjordeid og håper mange andre vil bli med på aksjonen
  • Oddgeir Stølen i Førde vil rydde utover Førdefjorden
  • Metha og Dinna i Lida tek med bossekkar og plukkar i Oliverlægda/Grovene i Førde

Lag og organisasjonar

  • Kaupanger speidargruppe skal rydde på Kaupanger/Eidsgrenda
  • Freidig 4H på Stårheim blir med på aksjonen. Klubben brukar alltid å ha ein ryddedag før 17. mai, og i år blir det rydding for heile bygda, inkludert vårdugnad på kyrkjegarden.
  • Loen Utviklingslag håper mange vil bli med på dugnaden. Dei vil plukke søppel lang vegar og strandlinjer ved Rake, Loen, Breng og Kjenndalen (opp til stova)
  • Kjølsdalsbygda tjuvstarta onsdag 18. mars slik at ikkje graset skulle dekke til den vanskelegaste plasten, men alle både store og små var samstemt i at her må det ryddast meir og gjerne jamt framover. 3. mai også!
  • Kletten Grendalag i Førde arrangerer dugnad for å rydde i nærområdet
  • Ein gjeng i Hundvebakke Burettslag i Førde vil rydde ved elva i Gjelet
  • Pensjonistar i Utdanningsforbundet i Førde vil rydde frå brua over Sagelva, langs vegen fram til tunnelen på fylkesveg 609
  • Høyanger Frivilligsentral bidreg med ein samlingsplass for bosset folk samlar opp i naturen, og dei vil transportere dette vekk til SIMAS i Vadheim gratis
  • Stryn Venstre organiserer ryddeaksjon 3. mai for å bidra til eit reinare og grønare Stryn. Difor oppmodar dei folk om å bidra «Når heile Noreg ryddar». Sekkar og hanskar blir delt ut og det er Nomil som sponsar dette. Fylte sekkar kan leverast på Stryn stadion kl. 18:30, og så skal Stryn Venstre sørgje for å få dei til bossplassen
  • Nordfjordeid Sanitetsforening i Eid stiller opp og vil plukke plast og anna søppel rundt Esso og langs vegen mot Skårhaug
  • Bringebærhagen bufellesskap i Vik vil samlast, både brukarar og personal. – Saman vil me gå rundt i bygda og plukke boss og rydde slik at me får ei rein og fin bygd, skriv dei
  • Velforeininga på Eide i Solund (EideVel) vil rydde i bygda, ved badestranda og på nærliggjande holmar og skjær
  • Stårheim Bygdelag i Eid har oppfordra bygdefolket til å delta. – Vi har delt bygda inn i ryddesoner, og håpa å kome over det meste
  • Erla 4H i Sogndal skal rydde ved badeplassen i Leirviki
  • Sogndal Fotball vil plukke søppel i området rundt Fosshaugane Campus
  • Barnas Turlag på Kyrkjebø i Høyanger vil rydde rundt kyrkja og Sæbøtjørna i Høyanger
  • Årsetbakkane nabolag på Vassenden vil rydde i Årsetbakkane
  • Jølster KFUK-KFUM Speidarar har ryddedugnad/søppelplukking på programmet onsdag 2. mai. Vi skal plukke søppel langs vatnet frå Skei sentrum til Kjøsnes. Vi pleier ha slik rydding på programmet kvart år om våren, i speidartida frå 18 – 19.30
  • 4Hspeider – undergruppe av Vårliv 4H vil rydde langs Haukedalsvatnet og langs vegen
  • Varden 4H og Fjelli ul. i Stryn har plukkedugnad langs alle vegar på Blakset og Fjelli
  • Torsdagsklubben på Vassenden kyrkjesenter (barn frå 4 år og oppover) skal rydde langs vegen
  • Hei og hå 4H skal rydde nærområdet sitt på Bryggja i Vågsøy 2 mai
  • Skrivarløa i Førde vil rydde i nærmiljøet mellom 18.00 og 19.45. Ungdommar som blir med å rydde vil bli belønna med is. Møt opp på Skrivarløa kl 17.45.
  • Hjelmbrekkefeltet Grendalag på Vassenden stiller opp og ryddar i og rundt Hjelmbrekkefeltet, langs veg, i grøfter og hager.

Næringsliv

  • Amfi Sogningen i Sogndal vil ha det fint og ryddig langs kjøpesenter og vil rydde heile eigedommen
  • Sulefisk AS i Solund blir med på aksjonen denne dagen og skal dra opp deler av ein oppdrettsring som ligg stranda utanfor ei vik på sørsida av Solund mot Sognesjøen ved hjelp av ein oppdrettskatamaran.
  • Vest Industrivask AS som er ei reinhaldsbedrift i Måløy vil gjerne vere med å rydde. Dei vil bruke lunsjpausen frå kl. 12 – 13 på torsdag til å rydde frå lokala sine til Verlo sine i gate. 1 i Måløy. – Vi oppfordra samstundes naturlegvis Verlo og andre bedrifter til å fortsette ryddinga vidare gjennom gata.
  • Tilsette ved Quality Hotel Florø og Comfort Hotel Florø går saman og ryddar i byen og nabolaget. Dette er også ein del av Nordic Choice Hotels sitt miljøprogram «We Care» og «The Good Neighbour»
  • Travelnet Fjordane Reisebyrå AS vil plukke søppel rundt Firda Billag i Førde. Dei tilsette på Sandane plukkar søppel rundt Firda Billag på Sandane og ei plukkar i Florø
  • Tilsette ved Osland Havbruk AS i Høyanger vil etter arbeidstid ha ein dugnad på Sørsida i samarbeid med Ungbjørka 4H
  • Sogn vegteneste AS ønskjer å delta på den store ryddedagen i Sogndal fordi dei tykkjer dette er eit flott tiltak som vi vil støtte. – Vi stiller med tilsette og søppelsekkar. Vidare har vi bilar som høver godt til å transportere boss i (til SIMAS Kaupanger).

Kommunar/offentlege etatar

  • I Eid tek ordførar Alfred Bjørlo (V) initiativ til å starte med arbeidet med «Plastfri kommune».
  • Kring 30 tilsette ved Fylkesmannen i Sogn og Fjordane vil rydde i området rundt Statens hus og strandsona Pilavika/Nokkaneset

Bli med du også

Alle distriktskontora til NRK er med på ryddedugnaden torsdag 3. mai. Du kan sjølvsagt, på eige initiativ rydde når og kor du vil.

Vel du å rydde under NRK sin aksjon, så er det to måtar å gjere dette på, slik at vi er sikre på at ikkje innsamla søppel vert liggjande der det ikkje skal.

Rydding i strandsona vert gjort i samarbeid med aksjonen til den ideelle foreininga Hold Norge Rent. Portalen deira finn du her. Der kan du bli med på aksjonar som allereie er planlagde eller opprette ein sjølv dersom du ønskjer å rydde på ei strand, ved ei elv eller rundt vatn og innsjøar.

Du kan også velje å rydde lokalt der du er. Då må du anten leggje boset i din eigen bosstamp, eller du kan levere på den miljøstasjonen du høyrer til når dei har ope.

NB! Vi vil også gjerne vite om alle ryddeaksjonar som skjer torsdag 3. mai. Stort eller smått! Send nokre linjer på e-post til sf@nrk.no.

Har du plukka boss og plast? Merk bileta dine på sosiale medium med #nrksf og #nrkplast.

Ryddedugnad i NRK

LITT ER BETRE ENN INGENTING: Dette er søppelhaugen vi i NRK samla i hop etter ti minuttar med søppeldugnad i nærmiljøet. No håpar vi du blir med på ein skikkeleg ryddedugnad i heile Sogn og Fjordane.

Foto: Anders Martin Helle / NRK