For kyrkja i Florø og Human-Etisk Forbund har samarbeidd om ein strandryddeaksjon på øya Hovden utanfor Florø.
– Det er heilt nytt i Flora, og eg trur ikkje det så vanleg andre stader heller. Miljøet er ein fellesnemnar og det trefte bra, seier Jostein Bildøy som er konfirmantansvarleg i Flora kommune.
22 konfirmantar, i tillegg til leiarar og nokre foreldre, brukte laurdagen ute i finvêret.
– Dette var kjempekjekt og ein flott dag. Det var ei fantastisk stemning, fortel han.
Ser nytten av å vere ute
Bildøy seier at kyrkja har eit miljøfokus og at det er difor dei engasjerer seg.
– Eit tema i konfirmantundervisninga er å ta vare på skaparverket; jorda, samfunnet og miljøet. Vi ønskjer å gjere undervisninga alternativ ved ikkje berre vere inn, men også ute i naturen som vi har eit felles ansvar for.
Og innsatsen dei gjorde visste godt igjen. Etter to og ein halv time var ein konteinar heilt full. Oppi låg det 105 sekkar med søppel.
– Eg trur dei unge ser verdien i å gjere dette, og vi fann mykje meir søppel enn dei hadde trudd. Vi fann vanleg plass, masse tau, flasker og oppløyst plast. Vi fann også hard plast i beiteområde, noko som ikkje er bra for dyra i området.
Håper å halde fram samarbeidet
Det var Human-Etisk Forbund som tok kontakt med kyrkja då dei fekk nyss i aksjonen. Leiar Bjarne Melvær Berge seier han mange gonger har tenkt at dei og kyrkja burde ha eit samarbeid.
– Miljøet er ein arena der vi kan møtast sjølv med forskjellige religion og livssyn. Det handlar om kommunikasjon, respekt og toleranse.
No skal ryddedagen evaluerast og målet er eit obligatorisk opplegg for alle konfirmantane i kommunen neste år. Berge håper å kunne halde fram med samarbeidet. Det same gjere Jostein Bildøy.
– Miljøet er eit felles ansvar. Til kvardags er vi same sorten menneske, berre med forskjellig trusretning. Vi treng ikkje fokusere på det som er forskjellig og vanskeleg, men det som gjer det godt å vere engasjert, seier han.
- Les også:
- Les også: