Bli med på å rydde Sogn og Fjordane

Ingen kan ta alt, men alle kan ta litt! Vi inviterer nettopp deg til å bli med på den store ryddedugnaden i Sogn og Fjordane torsdag 3. mai.

Ryddedugnad i NRK

LITT ER BETRE ENN INGENTING: Dette er søppelhaugen vi i NRK samla i hop etter ti minuttar med søppeldugnad i nærmiljøet. No håpar vi du blir med på ein skikkeleg ryddedugnad i heile Sogn og Fjordane.

Foto: Anders Martin Helle / NRK

– Denne søppelhaugen plukka vi på berre ti minutt dugnad. Tenk kor mykje vi kan rydde saman dersom alle i heile fylket blir med. Vi i NRK Sogn og Fjordane inviterer einskildpersonar og lag og foreiningar til små og store dugnadar i fylket i aksjonen «Heile Sogn og Fjordane ryddar», seier distriktsredaktør i NRK Sogn og Fjordane, Terje Gilleshammer.

Dette er del av ein nasjonal dugnad kalla «Heile Noreg ryddar», i regi av NRK.

– Viss alle berre ryddar bitte litt, så vil det utgjere ein stor forskjell. Sogn og Fjordane er eit fylke som er godt kjend for den ihuga dugnadsånda. Dette er ei gyllen moglegheit til å gjere noko som ikkje berre er bra for miljøet, men som også gjer Sogn og Fjordane til ein betre stad å vere – for alle, seier Gilleshammer.

Alle distriktskontora til NRK er med på ryddedugnaden torsdag 3. mai. Du kan sjølvsagt, på eige initiativ rydde når og kor du vil.

Slik blir du med på ryddinga

Vel du å rydde under NRK sin aksjon, så er det to måtar å gjere dette på, slik at vi er sikre på at ikkje innsamla søppel vert liggjande der det ikkje skal.

Rydding i strandsona vert gjort i samarbeid med aksjonen til den ideelle foreininga Hold Norge Rent. Portalen deira finn du her. Der kan du bli med på aksjonar som allereie er planlagde eller opprette ein sjølv dersom du ønskjer å rydde på ei strand, ved ei elv eller rundt vatn og innsjøar.

Du kan også velje å rydde lokalt der du er. Då må du anten leggje boset i din eigen bosstamp, eller du kan levere på den miljøstasjonen du høyrer til når dei har ope.

Unnataka finn du under. Nokre av miljøverka og kommunane har nemleg opplegg i tida før og etter 3. mai, som gjer at du kan levere boss på gitte stadar.

Simas:

  • Sogndal: Har ryddeaksjon 3. mai. Bossekker skal setjast utanfor rådhuset.
  • Lærdal: Har sin eigen «Hald grøne Lærdal rein» 26. april. Det vil stå containerar ved klubbhuset til Lærdal idrettslag på Lærdalsøyri, ved Ljosheim ungdomshus på Ljøsne og ved Borgund samfunnshus på Borgund.

Sunnfjord Miljøverk:

Nomil:

  • Har alle gjenbruksstasjonane sine opne torsdag 3. mai. Stasjonane følgjer vanlege opningstider, og lista over stasjonane finn du her. Gjenbruksstasjonen i Smørhamn har ekstra opningsdag denne dagen.
  • I Hornindal kan ein levere avfallet tysdag 8. mai.

Flora:

  • Det står konteinar på Fugleskjærskaia. I samband med strandryddedagen 5. mai så er det mogleg å bestille konteinar ved behov.
  • I Florø prøver dei å gå til ein byryddedag 2. mai i samband med at NRK Norge Nå har sending derifrå den dagen.

NGIR:

  • Solund: Her står det konteinar ute på fiskerikaia Lundøy, i Valen ved Hardbakke båtlag og på kaia i Hersvik.
  • Gulen: konteinarar vert sette ut på fredag. Ein skal stå i Eivindvik på prestekaia og ein i Mjånes ferjekai. I Ytre Gulen skal det stå konteinar på Sildetjønna på Byrknes. I tillegg skal det vere lagerplass for big bags. Dei kan hentast ut hjå Martin E. Birknes, og det vert liggjande big bags hjå Linda Tunsberg Børnes på Ånneland. Det vert også ståande ein konteinar på gamle Brekke ferjekai og på Fonnes i Austreim kommune. Strandryddesekker og eingongshanskar får du ved Joker Brekke, Joker Byrknes og i ekspedisjonen i kommunehuset i Eivindvik.

NB! Vi vil også gjerne vite om alle ryddeaksjonar som skjer torsdag 3. mai. Stort eller smått! Send nokre linjer på e-post til sf@nrk.no

Har du plukka bos og plast? Merk bileta dine på sosiale medium med #nrksf og #nrkplast.