Hopp til innhold

– Skal du ferdast om natta, får du eit alvorleg problem i mange år framover

Dei neste fem-seks åra vil det bli vanskeleg å køyre på Vestlandet om natta. Fleire milliardar skal brukast for å gjere over 200 tunnelar tryggare.

Mykje tunnelarbeid i åra framover

TRONGT OM PLASSEN: Langs hovudvegane på Vestlandet, E39 og E16, vil bilistane merke mykje til arbeidet med tunnelane. Her frå Lindås i Hordaland.

Foto: Statens vegvesen

Vestlandet er gjennomhola av korte, mellomlange og dei lengste vegtunnelane i verda. No set Statens vegvesen inn støyten for å oppgradere alle tunnelar lengre enn 500 meter.

– Mange av desse tunnelane har ikkje vore gjort noko med på fleire tiår, seier prosjektleiar Rune Sandven.

Dei byrja for to-tre år sidan med nokre få tunnelar. Utover i 2019 vil aktiviteten auke år for år fram mot 2025, og kanskje enda lenger. Det gjeld tunnelar både i og utanfor storbyane Stavanger og Bergen.

Lange stengingar

Men for at vegvesenet og deira entreprenørar skal få gjort all jobben, må drastiske tiltak setjast inn. I mange av tunnelane vil det bli kolonnekøyring med lange stengeperiodar om nettene.

– Skal du ferdast på natt, får du eit alvorleg problem i mange år framover. Det er ei viktig oppgåve for oss å prøve å hindre at nokon blir ståande framfor tunnel etter tunnel og berre vente, seier prosjektleiaren.

Mange tunnelar

OMFATTANDE: Over 200 tunnelar skal oppgraderast på Vestlandet dei komande åra.

Foto: Statens vegvesen

Det skal skiftast taklys, ventilasjon, naudstasjonar og evakueringslys. Kort sagt: Tunnelane skal bli mykje tryggare.

– For nokre tunnelar gjeld det også installering av kamera og radar for å få meir kontroll på kva som skjer i tunnelane, fortel Statens vegvesen.

– Alvorleg oppgåve

Det er ingen som veit kor stor sluttsummen for oppgradering av over 200 tunnelar blir. Men det er alt sett av fleire milliardar til prosjekta som er i gang.

– Det er veldig omfattande og ei veldig alvorleg oppgåve. Tunnelar er det mange av og det skal vere like god tryggleik i tunnel som utanfor, forsikrar Sandven.

Det skal jobbast med tunnelar i alle regionane i Noreg. Blant anna er det mange tunnelar nord i Nordland og ikkje minst i Oslo, som har blitt eller skal fiksast.

Slik skal dei jobbe med tunnelane på Vestlandet framover:

Tunnelarbeid i 2019

Sogn og Fjordane

Veg

Tunnel

Oppstart

Når ferdig

Fv 55

Tussvik

2019

2019

Fv 55

Vadheim

2019

2020

Fv 55

Røneid

2019

Fv 55

Råum

2019

Fv 55

Otta

2019

Fv 53

Steiggja

2019

Rv 15

Grasdal

2019

2019

Rv 15

Ospeli

2019

2019

E16

Gudvanga

2020

E16

Flenja

2020

Hordaland

E16

Boge

2019

2019

E16

Langhelle

2018

2019

E16

Beitla

2018

2019

E16

Arnanipa

2019

2021

E16

Bjørkhaug

2021

E16

Sætre

2021

E16/E39

Munkebotn

2019

2020

E16/E39

Eidsvåg

2020

2021

E16/E39

Glaskar

2020

2021

E39

Hop

2019

E39

Nesttun

2019

E39

Eikefet

2019

2021

E39

Masfjord

2017

2019

E39

Matreberg

2018

2020

E39

Trodal

2018

2020

E39

Uføre

2019

E39

Bømlafjord

2018

2019

Fv7

Hagaås

2019

Fv7

Liaros

2019

Fv57

Lyngfjell

2019

2019

Fv544

Halsnøy

2019

Fv7

Haukanes

2019

Rogaland

E39

Håklepp

2019

2020

Fv509

Bergeland

2019

2019

Ekspander/minimer faktaboks