Hopp til innhold

Slik skal Sogn og Fjordane halde milliardane for seg sjølv

LEIKANGER (NRK): Sogn og Fjordane har ein plan. Hordaland likar den ikkje.

Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane

TIL KOMMUNANE: Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane vil gje kraftaksjar som er verdt milliardar til kommunane i fylket, heller enn å ta det med i felleseiget til Hordaland.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

I snart eitt år har Sogn og Fjordane og Hordaland krangla om kva som skal skje med milliardverdiane i Sogn og Fjordane Energi.

No har fylkespolitikarane i Trivselsfylket fått eksperthjelp frå advokatar i Lund & Co. Og dei har lagt ein plan.

Den går ut på å gje inntil 80 prosent av aksjane i SFE til kommunane i fylket.

Samtidig vil dei gjere om eigarselskapet sitt, Sogn og Fjordane Holding AS, til eit fond, slik at dei får behalde kontrollen på det også i ekteskapet med Hordaland.

Men berre om det kjem ein rettskraftig dom om at dette er lovleg.

Saka skal formelt vedtakast i fylkestinget tysdag. Men i fylkesutvalet var alle skjønt einige om at dette var det beste for fylket.

Kritisk start på ekteskapet

I fylkesutvalet sit mellom anna Trude Brosvik for KrF og Gunhild Berge Stang for Venstre. Dei er nominerte til å bli fylkesordførarkandidatar i det nye Vestland fylke.

Men ingen av dei hadde problem med å halde milliardformuen unna det framtidige storfylket.

Bjørn Hollevik frå Høgre var ærleg:

– Sogn og Fjordane Høgre kjem til å støtte dette vedtaket. Og det kjem ikkje Hordaland Høgre til å like.

– Det blir nok ein kinkig situasjon for oss i byrjinga på eit ekteskap. Vi tergar på oss naboane våre. Men det må vi berre løyse.

– Vil bli hugsa i lang tid

I nabofylket Hordaland får planen dårleg mottaking.

– Dette er ein dårleg start for Vestland fylke. Å gje vekk milliardverdiar svekkjer moglegheita vår til å satse på fylket sine kjerneoppgåver, som vidaregåande skule, kollektivtilbod og fylkesvegar, seier Terje Søviknes, gruppeleiar for Framstegspartiet i Hordaland.

Han trur det kan få konsekvensar for samarbeidet.

– Det er ingen tvil om at dette vil bli hugsa i lang tid og vil kunne påverke det nye fylkestinget si vilje til å investere i Sogn og Fjordane.

BKK i ankesak mot SFE

Hordaland har ikkje noko liknande verdiar. Dei var ein gong eigarar i kraftselskapet BKK, men selde seg ut for mange år sidan.

BKK er for øvrig også eigar i SFE, BKK meiner dei har forkjøpsrett på aksjane, om fylkeskommunen prøver å gje dei vekk til kommunane. Fylkeskommunen gjekk til sak mot BKK for å få avklara dette.

BKK tapte i første rettsrunde, men har anka saka vidare til Gulating lagmannsrett.

Diskusjon i fylkesutvalet

SKØNT SAMDE: Alle politikarane i fylkesutvalet var samde i at dette var ei god løysing for Sogn og Fjordane. F.v. Aleksander Øren Heen (Sp), Trude Brosvik (KrF), Gunhild Berge Stang (V) og Bjørn Hollevik (H).

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK