Sogn og Fjordane vann milliardkamp

Sogn og Fjordane kan behalde kraftmilliardane sine sjølv når dei går inn i det nye fylket Vestland. Generalforsamlinga i Sogn og Fjordane Energi (SFE) har òg sagt nei til å gå saman med BKK og Hydro om eit nytt, felles selskap for kraftproduksjon på Vestlandet.

Kraftlinjer i fjellet mellom Årdal og Luster

VIL HALDE PÅ KRAFTMILLIARDANE: Fylkeskommunen har fått medhald i Sogn og Fjordane tingrett. No kan dei føre over verdiane frå fylkeskommunen til kommunane utan at BKK kan hevde at dei har forkjøpsrett.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Sogn og Fjordane tingrett kom i dag fram til at fylkeskommunen kan overdra aksjar i Sogn og Fjordane Energi (SFE) til kommunane i fylket utan at dette vil utløyse forkjøpsrett for BKK.

– Vi er tilfreds med at vi har fått full medhald i tingretten og at dommen er klar, og at BKK må betale sakskostnadene, seier Jenny Følling, fylkesordførar i Sogn og Fjordane.

– Kvifor betyr denne saka så mykje for dykk?

– Det betyr veldig mykje å få avklart eventuell forkjøpsrett til BKK fordi vi vil ikkje gjere noko som vil utløyse den. Dette er med på å avklare handlingsalternativa som vi må vurdere for å behalde verdiane i SFE til folket i Sogn og Fjordane, seier ho.

Kor sikkert er det at dykk vil gje aksjane til kommunane?

– Vi vurderer fleire handlingsalternativ. Vi må sjå kva som blir best. Men det er viktig å ha dette klarlagt slik at vi står fritt til å velje seinare, seier Følling.

BKK vurderer å anke dommen, og meiner tingretten har gjort feil.

– Spørsmålet om retten skal kunne avgjere kjøpsrett i ein transaksjon som ikkje har funne stad, er så prinsipielt viktig at på det grunnlaget vurderer vi å anke, seier Tonny Nundal, konserndirektør Kommunikasjon.

– Etter mi meining så er dommen feil på fleire grunnlag. For det første skulle saka ha vore avvist, at dei ikkje skulle ha teke sjølve kjøpsspørsmålet opp til vurdering, seier Filip Truyen, BKK sin advokat.

I tillegg påpeikar Truyen at dommen tek for seg ein hypotetisk situasjon. Han meiner tingretten skulle ha teke opp saka i fall det fanst ein aktuell tvist.

BKK er dømd til å betale fylkeskommunen sine sakskostnader på 654.961 kroner.

SFE seier nei til fusjon

Etter ei ekstraordinær generalforsamling i dag seier SFE òg nei til å gå saman med BKK og Hydro om eit nytt felles kraftselskap. Tonny Nundal synest det er synd.

– Sånn som me ser det så hadde Vestlandskraft potensial til å bli eit stort og slagkraftig kraftselskap som absolutt kunne ha bidrege til ein auke i industriell verdiskaping i heile regionen og i Sogn og Fjordane spesielt, seier han.

Han fortel at BKK no skal jobbe vidare for å finne andre samarbeidspartnarar.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) meiner det var ei rett avgjerd.

– Det som har vore openbert er at fordelane for SFE er vanskelege å sjå, seier ho.

Ho peikar òg på det faktum at fylkeskommunen, ved ein fusjon, hadde gått frå å vere den største eigaren i SFE, til å bli ein minoritetseigar i eit nytt felles kraftselskap.

– Det ville ikkje ha sikra god nok kontroll og eigarskap til viktige naturressursar, seier Følling.

Same strid i fleire delar av landet

Kva som skjer med kraftmilliardane til Sogn og Fjordane etter samanslåing med Hordaland frå 1. januar 2020 har skapt splid og krangel mellom dei to fylka.

Hordaland meiner Sogn og Fjordane kan halde på maksimalt 1,5 milliardar av verdiane medan Sogn og Fjordane meiner at det er bokførte verdiar som skal gjelde. Den summen er langt høgare enn 1,5 milliardar.

Same typen strid går føre seg på andre stader i landet òg. Akershus, Buskerud og Østfold skal gå saman til nye Viken fylke, og i Østfold er dei ikkje interesserte i å bruke pengar som kjem derfrå i til dømes Buskerud.

– Det er fryktelig umoralsk rett og slett. Dette er arvesølvet vårt - verdier vi har bygd opp gjennom hundre år. Vi kan ikke bruke våre penger til skoler i Buskerud, sier ordfører i Sarpsborg, Sindre Martinsen-Evje (Ap).

Sogn og Fjordane fylkeskommune eig i dag 49,5 prosent av SFE, medan BKK eig 36,8 prosent. Kommunane Flora, Gloppen, Bremanger, Askvoll, Selje, Eid og Naustdal eig til saman 13,7 prosent.