Hopp til innhold

Milliardkrangelen i Vestland held fram

BERGEN (NRK): Det er framleis full splid mellom Sogn og Fjordane og Hordaland om kva som skjer med kraftmilliardane når fylka blir eitt.

Jenny Følling. Møte i fellesnemda for Vestland fylke, Scandic hotel på Kokstad i Bergen

STRID: Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, og resten av representantane i Fellesnemnda for nye Vestland fylke er framleis ikkje einige om korleis kraftmilliardane til Sogn og Fjordane skal nyttast i det nye fylket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

I dag møttes Fellesnemnda for nye Vestland fylke i Bergen for å diskutera blant anna kva som skjer med kraftmilliardane til Sogn og Fjordane når dei slår seg saman med Hordaland frå 1. januar 2020.

Fellesnemnda, som skal bestemme korleis det nye Vestland fylke skal organiserast, har 24 medlemmer. 15 frå Hordaland og 9 frå Sogn og Fjordane.

Lang strid

Kva som skjer med kraftmilliardane til Sogn og Fjordane etter samanslåing med Hordaland frå 1. januar 2020 har skapt splid og krangel mellom dei to fylka i fleire månadar.

Til dagens møte var det to forslag til vedtak, eitt frå Hordaland og eitt frå Sogn og Fjordane:

Sogn og Fjordane meiner at det er dei som skal bestemme korleis kraftverdiane deira skal styrast, men hordalendingane i fellesnemnda fekk fleirtal for at også dei skal ha ei hand med på rattet. I staden for at fylkesrådmannen og fylkestinget i Sogn og Fjordane legg premissane, skal det no setjast ned ei ny felles arbeidsgruppe som skal bestemme korleis kraftfondet til fjordfylket skal bli forvalta. Arbeidsgruppa blir også oppmoda til å søkje hjelp utanfrå om dei treng det.

– Fellesnemnda ønsker å fortsette prosessen og det er vi med på, men vi skal ha nødvendig avklaring frå fylkestinget først, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling, sjølv om alle representantane frå Sogn og Fjordane stemte mot Hordaland sitt forslag.

– Vi har blitt einige om ekteskap og då er det kanskje ikkje det smartaste å gjera å dele ut verdiane ein sitt på til nokon andre før ein går inn i ekteskapet, seier Terje Søviknes i Hordaland Frp.

Hordaland meiner Sogn og Fjordane kan halde på maksimalt 1,5 milliardar av verdiane medan Sogn og Fjordane meiner at det er bokførte verdiar som skal gjelde. Den summen er langt høgare enn 1,5 milliardar.

Kva som skjer med aksjane til SFE, som fylkeskommunen i Sogn og Fjordane eig nær 50 prosent av, skal opp i fylkestinget i Sogn og Fjordane i starten av desember.

Terje Søviknes. Møte i fellesnemda for Vestland fylke, Scandic hotel på Kokstad i Bergen

KRITSIK: Terje Søviknes i Hordaland Frp.

Foto: Leif Rune Løland / NRK