Hopp til innhold

– Dette er utan tvil ein stor katastrofe for veldig mange

Tarjei Ringdal Myklebust frå Måløy i Sogn og Fjordane er vant med dårleg vêr, men har aldri opplevd makan til uvêret Harvey som no herjar i Houston der han og kona bur.

tarjei og kona houston

TREDJE FLAUMEN PÅ TRE ÅR: Tarjei Ringdal Myklebust og kona Krystle Myklebust bur i millionbyen Houston som er råka av den tredje flaumen på få år.

– Eg hadde ein kollega som måtte bli redda ut av huset sitt. På TV ser vi folk som må kutte seg gjennom loftet og taket for å redde seg sjølv. Det er ganske dramatisk, seier Tarjei Ringdal Myklebust.

I den amerikanske delstaten Texas har stormen «Harvey» herja fritt.

Ringdal Myklebust bur i den hardt råka millionbyen Houston. Han er godt vand med dårleg vêr, men har aldri opplevd liknande.

– Eg kjem jo frå Måløy, og der vi har vår del av vind og storm. I løpet av tre timar regna det 300 millimeter i dette området her i Houston. Til samanlikning, så er rekorden i Noreg 230 millimeter i løpet av eitt døgn.

Her kan du følgje utviklinga til den tropiske stormen.

Uroa for kona

Fleire er meldt omkomne og mange er skadde under ekstremvêret. Vågsøyværingen held seg heime fram til Harvey har blåst seg ferdig. Midt i dramatikken må han likevel uroe seg for kona som må til og frå jobb.

– Ho er sjukepleiar og må på jobb, så det er klart eg er uroa for når ho må køyre til jobb. Det er veldig farleg på vegane, seier Ringdal Myklebust.

Det kraftige regnvêret har ført til store skader og flaumvatnet sperrar mange vegar.

– I natt måtte kona mi sove på hotell etter jobb. Ho kom seg rett og slett ikkje heim.

Flom

GATER FULLE I VATN: I Houston har det kraftige regnvêret fylt opp mange gater med vatn.

Foto: Tarjei Ringdal Myklebust

– Ein stor katastrofe for veldig mange.

I ein halvtime med opplett nytta Ringdal Myklebust sjansen til å ta ein tur ut.

Flaum

BUR I ANDRE ETASJE: Tarjei Rindal Myklebust og kona Krystle Myklebust bur i andre etasje og føler seg trygge.

Foto: Tarjei Ringdal Myklebust

– Eg tok med hunden på ein gåtur i nabolaget for å sjå på skadane. Då kom eg ikkje lenger enn ned eit kvartal før det flauma over, seier han.

Delstaten Texas må rekne med mykje regn og vind dei neste dagane.

– Folk er utruleg flinke til å hjelpe kvarandre. Eg høyrde på nyheitene at naudsentralen hadde 56 000 innringarar ein dag, så då er det greitt med frivillige som kan hjelpe til der naudetatane ikkje kan. Dette er utan tvil ein stor katastrofe for veldig mange.