NRK Meny
Normal

Slik kan du hjelpe dei som er råka av tyfonen

Maria Høisæter og Pamela Fölsche er fortvila over katastrofen som har råka heimlandet Filippinane.

Pamela Fölsche med sonen og Maria Høisæter

KATASTROFE: Pamela Fölsche med sonen og Maria Høisæter er fortvila over katastrofen som har råka heimlandet Filippinane.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK/Romeo Ranoco, Reuters

Fleire tusen er drepne av tyfonen og millionar av menneske har mista alt dei eig. Mange byar er raserte av vinden som herja. Dei humanitære konsekvensane av uvêret er enorme.

Maria Høisæter bur i Førde og har vore i Norge i 11 år. Ho tykkjer det som har skjedd er forferdeleg.

– Familien min har klart seg bra, men dette er veldig tungt. Eg veit ikkje korleis vi skal hjelpe, seier ho.

Djupt fortvila

Venninna hennar Pamela Fölsche er også djupt fortvila over det som har skjedd.

– Eg håper hjelpa kjem fram til alle som treng det. Det er mange som ikkje har fått mat, drikke og anna som trengst, seier ho.

Mange har lyst å hjelpe og betalar inn pengar. Dei to kvinnene håper folk vil gi til dei organisasjonen som driv innsamling.

– Vi seier tusen takk til alle som gir. Det betyr mykje for dei som treng det, seier Høisæter.

Startar bøsseaksjon i Sogn og Fjordane

Odd Erik Loftesnes

SAMLAR INN PENGAR: Distriktsleiar Odd Erik Loftesnes i Sogn og Fjordane Røde Kors oppmodar folk om å gi pengar til den humanitære katastrofen.

Foto: Røde Kors

Ein av organisasjonane som er på plass på Filippinane er Røde Kors. No mobiliserer også Sogn og Fjordane Røde Kors og startar arbeidet med å gjennomføre ein bøsseaksjon i fylket.

– Vi som folk og medmenneske må strekkje ut ei hand og hjelpe, seier distriktsleiar Odd Erik Loftesnes i Sogn og Fjordane Røde Kors.

Mange lokalforeiningar vil gjennomføre sine aksjonar i slutten av denne veka.

– Mi oppmoding til folk i Sogn og Fjordane er at de bidreg til innsamlinga, anten til bøsseberarane eller gjennom våre elektroniske bøsser, seier han.

Oppmodar filippinarar om å ta kontakt

Røde Kors deler ut mat på Filippinane

HJELPEARBEID I GANG: Røde Kors deler ut mat på Filippinane.

Foto: Jarkko Mikkonen/Finnish Red Cros / Jarkko Mikkonen/Finnish Red Cros

Dette er den største naturkatastrofen sidan jordskjelvet på Haiti. Behova i den første akutte fasen er grunnleggande; Vatn, mat, telt, myggnett, sanitærutstyr, medisinar og førstehjelpsutstyr.

Røde Kors i Norge sender ein helseklinikk til landet. Klinikken er ein av tre som blir sendt om få dagar, i tillegg til vatn- og sanitær utstyr og personell som skal sikre reint vatn.

Røde Kors i Sogn og Fjordane har teke kontakt med representantar for det filippinske miljøet i fylket for å invitere dei inn innsamlingsarbeidet.

– Vi oppmodar alle filippinarar i Sogn og Fjordane til å ta kontakt med si næraste Røde Kors-foreining. Saman kan vi skape gode rammer kring innsamlingsarbeidet og inspirere kvarandre til å gjere ein forskjell, seier Loftesnes.

Vi skal starte på Fillippinene i Asia og Tyfoenen som har herja der.
Det voldsommen uveret har tatt mange tusen liv, og nesten en million mennesker har mista heimane sine og alt de eig.
Hjelpeorganisasjonar gjer no det dei kan for å få fram mat, vatn og medisinar.

VANSKELEG: Tårene kjem med ein gong når Nenita Enriquez Santos Birkeflet tenkjer på dei som er ramma av tyfonen på Filippinane. I går fortalde ho på Vestlandsrevyen om tøffe dagar etter at uveret herja heimlandet.

Vegopning på Bergum i Førde kommune