– På ei øy lengre ute er 90 prosent av alle hus øydelagde, seier kystvakt Anthony Culina.
Foto: Kristian Aanense / NRKDet var få båtar som klarte seg gjennom uvêret. NRK var åleine ute på havet på veg over til Bantayan.
Foto: Kristian Aanensen / NRKJosephine Maderazo Caste vart heimlaus og enke på same tid då tyfonen kom inn over Bantayan på fredag.
Foto: Kristian Aanensen / NRKEin av mange lyktestolpar som datt i bakken under tyfonen. Då NRK reiste frå øya var det mørkt, veldig mørkt.
Foto: Kristian Aanensen / NRKNokre få av dei overlevande løfter på nokre stammer, og kutter ned nokre av trea som har falt over ende. Men dei fleste veit ikkje heilt kva dei skal ta seg til. Dei manglar vatn og dei manglar mat. To livsnødvendige ressursar som brått vart tatt frå dei då uvêret kom inn over Filippinane fredag.
NRK har fått bli med på tur med ein av veldig få båtar som kan sjåast på havet nord for Cebu. Målet for reisa er øya Bantayan. Her er øydeleggingane store. Fleire er omkomne, og hus er knust til pinneved. Lenger ut i havet er det endå verre.
– På ei øy lengre ute er 99 prosent av alle hus øydelagde, og mange er omkomne, fortel Anthony Culina, som er kystvakt på Cebu.
– Dei har problem med mattilgangen, og grunnleggande behov som vatn og husvere. Den filippinske marinen og sivile har sendt varer, men dei kan ikkje få levert nok mat, fortel han vidare.
Vart enke då huset raste saman
Ei av dei som NRK møter er Josephine Maderazo Caste. På fredag vart ho enke, då mannen døydde av at huset falt saman over han.
– Eg var på kjøkkenet då huset kollapsa. Den eine veggen blåste ned og over mannen min som låg på golvet, fortel kvinna.
Mannen var sjuk og lam frå før av, og då huset kollapsa over han var det ikkje noko Caste kunne gjere for å redde han. Ho vart sjølv slått ut av neste vindkast, og vart liggjande i ein halvtime etterpå. Då ho kom til seg sjølv fann ho mannen død i stova.
Caste har dei siste dagane fått bu hos nokre slektningar, men det er ikkje mykje til anna hjelp ho har fått. Litt ris frå ein lokal hjelpeorganisasjon er det heile.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Artikkelen fortsetter under videoen.
Store ødeleggelser på veiene nord for Cebu.
Nedjusterte dødstal
Blant ruinane sit folk med eit apatisk uttrykk i ansiktet, og ventar på hjelpa som framleis ikkje har kome. For her ute på Bantayan har styresmaktene ikkje ein gong vist seg. Øydeleggingane på dei større øyene er meir enn det Filippinane kan handtere, og folket på dei små øyene hamnar lengst bak i naudhjelpskøen.
I kveld kom likevel ei lita gladmelding midt oppi alt det vonde. Presidenten på Filippinane kunne redusere talet på omkomne frå 10.000 til 2.500. Framleis eit høgt tal, men på langt nær så ille som frykta.
Meir uvêr i vente
Mørket er på ny i ferd med å senke seg over Bantayan. Lyset frå gatelyktene er borte, lysa frå husa er få. Nokre få har framleis ein heim, andre bur i blikkskur. Utanfor regnar det nok ei gong, men denne gongen utan dei kraftige vindkasta.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
I dagane som kjem er det venta meir uvêr over desse delane av Filippinane. Men det skal ikkje bli like ille som det var førre fredag, då den verste tyfonen nokosinne raste inn over Filippinane.
Kor mange som mista livet i tyfonen Haiyan er det ingen som veit, men krisa er heller ikkje over endå. Kjem det ikkje snart vatn og mat til Bantayan og dei andre stadane der tyfonen ramma mest, så vil epidemiar spreie seg og fleire liv gå tapt.
Ferieøya Bantayan ligg nordvest for Cebu.
Foto: Google maps