Folk på filippinene etter tyfon - BIDRA: behovet for hjelp er enorm på Filippinane. Du kan bidra ved å donere til ein eller fleire norske organisasjonar som bidreg med naudhjelp. - Foto: Praveen Agrawal / Afp

BIDRA: behovet for hjelp er enorm på Filippinane. Du kan bidra ved å donere til ein eller fleire norske organisasjonar som bidreg med naudhjelp.

Foto: Praveen Agrawal / Afp

Filippinane: Slik kan du hjelpe

Fleire norske organisasjoner jobbar på spreng for å hjelpe til på Filippinane etter tyfonen Haiyan. Her kan du lese korleis du kan bidra.

Etter at tyfonen Haiyan slo innover Filippinane med enormt øydeleggjande kraft når stadig meir naudhjelp fram til desperate Filippinarar.

Fryktar storming av naudhjelpsleveransar

Fleire hjelpeorganisasjonar og nyheitsbyrå melder at folk er desperate etter mat og vatn, og lastebilar med naudrasjonar blir vakta av regjeringssoldatar av frykt for opptøyar.

Det er kome meldingar om plyndringar i områda som er råka, og at dei som har båtar krev store summar for å frakte folk ut av katastrofeområda. Hjelpearbeidarar i den vêrutsette øynasjonen seier dei aldri har opplevd noko så ille.

Både store og små organisasjonar frå heile verda mobiliserer for å hjelpe til. Også fleire norske organisasjonar jobbar for å samle inn pengar, og tilbyr fleire måtar du kan donere pengar til arbeidet deira på.

Her kan du lese korleis du kan hjelpe dei forskjellige organisasjonane sitt arbeid for dei som er råka av tyfonen.

TAIWAN-PHILIPPINES-WEATHER-TYPHOON-AID - NAUDHJELP: Frivillige i Røde Kors i Taiwan lempar naudhjelp som skal fraktast til Filippinane. - Foto: Red Cross Society of Taiwan / Afp

NAUDHJELP: Frivillige i Røde Kors i Taiwan lempar naudhjelp som skal fraktast til Filippinane.

Foto: Red Cross Society of Taiwan / Afp
Røde Kors

Røde Kors i Noreg var klar til å sende feltsjukehus og helsepersonell på kort varsel.

Dei sende sist måndag ein ekspert på vatn og sanitærforhold, og har meldt inn til hovudorganisasjonen at dei kan sende 20 til 30 helsearbeidarar på eitt til to dagars varsel ved behov.

Her kan du gi pengar til Røde Kors sitt arbeid i det katastroferamma landet.

Leger utan grenser

15 hjelpearbeidarar frå Leger utan grenser landa sist veke på Cebu. Dei sender 50 hjelpearbeidarar til, og tre transportfly med 329 tonn forsyningar. Dei arbeider i første omgang i Leyte-provinsen.

Les her korleis du kan donere pengar til Leger utan grenser sitt arbeid.

Redd Barna

Over 3,9 millionar born er råka av katastrofen. Redd Barna tilbød sist veke moderorganisasjonen å sende tre norske hjelpearbeidarar, to av dei ekspertar på utdanning og beskyttelse av born.

Redd Barna Norge gir 3 millionar kroner av eigne midlar og søker UD om ytterlegare 5 millionar.

For å donere ein valfri sum til Redd Barna sitt arbeid på Filippinane kan du gå hit.

Filippinske soldatar lastar naudhjelp. - HJELP PÅ VEG Filippinske soldatar lastar naudhjelp på flyplassen i Tacloban måndag. - Foto: Bullit Marquez / Ap

HJELP PÅ VEG Filippinske soldatar lastar naudhjelp på flyplassen i Tacloban måndag.

Foto: Bullit Marquez / Ap
Plan Norge

3000 born på Filippinane har norske fadrar, dei aller fleste av desse bur i område som er råka av katastrofen.

Plan var tidleg på plass i Filippinane, og er i gang med å dele ut vassrensepakkar, presenningar, telt og teppe til fleire tusen menneske.

Les meir om å bli katastrofefadder eller donere ein eingongssum til Plan Norge på denne sida.

UNICEF

Unicef er verdas største naudhjelpsorganisasjon for born, som også er i gang med naudhjelpsarbeidet.

UNICEF fokuserer først på livreddande naudhjelp som reint vatn, ly, medisinar, helse- og hygieneutstyr, ernæring og beskyttelse av born.

For å støtte UNICEF sitt arbeid på Filippinane, gå inn på givarsida deira.

Norsk Folkehjelp

Norsk Folkehjelp har også starta ein innsamlingsaksjon for dei som er råka av tyfonen på Filippinane, og har slik som fleire andre gjort det mogleg for folk å donere pengar via SMS eller telefon til arbeidet på Filippinane.

Norsk Folkehjelp samarbeider med Olof Palme-senteret og den filippinske stiftelsen Active Citizenship Foundation.

Hjelpearbediere fra Mammoth Medical Mission i California - STILLER OPP: Fleire små og store organisasjonar stiller opp med både materiell og personell. Her er medlemar av Mammoth Medical Mission frå California klare til å bli sendt ut for å hjelpe. - Foto: JAY DIRECTO / Afp

STILLER OPP: Fleire små og store organisasjonar stiller opp med både materiell og personell. Her er medlemar av Mammoth Medical Mission frå California klare til å bli sendt ut for å hjelpe.

Foto: JAY DIRECTO / Afp

Flyktninghjelpa

Flyktninghjelpa sender ekspertar til kriseområda for å hjelpe FN-organisasjonar som Unicef og Verdas matvareprogram.

I første rekkje gjeld dette logistikarar og ekspertar innan vatn, sanitær og hygiene.

Her kan du gi ditt bidrag til Flyktninghjelpa.

Kirkens Nødhjelp

Kirkens Nødhjelp går inn i områda med utstyr som i første omgang skal sikre reint vatn til 25.000 menneske. Medarbeidarar i organisasjonen er i gang med naudhjelp i dei hardast råka områda.

Også dei gjer det mogleg å gi pengar via nettsida deira, eller på SMS.

CARE

Organisasjonen CARE er også i gang med å distribuere naudhjelp til dei som er hardast råka av tyfonen.

Dei ber det norske folk om hjelp via både givartelefon, SMS eller naudhjelpskonto. Les meir her.

Caritas

Caritas opplyser at deira filippinske organisasjon i samarbeid med Catholic Relief Service sender telt, presenningar og pledd til hardt råka område.

Dette skal gi 7000 familiar (om lag 30.000 personar) ein mellombels stad å sove.

Arbeidet til Caritas kan du lese meir om, og støtte, ved å gå hit.

Streetlight

Den norske organisasjonen Streetlight driv ein barneheim i Tacloban på Filippinene.

Ifølgje informasjon frå barneheimen er det overhengande fare for at mat- og vassrasjonane tek slutt. Barneheimen må og byggjast opp frå grunnen.

For å støtte Streetlight sitt arbeid, klikk her.

Making Change

Den nyoppstarta organisasjonen Making Change består av tre norske veteranar med bakgrunn frå Afghanistan, Irak og Balkan.

Dei er på bakken i Manila for å drive hjelpearbeid og tek imot økonomisk hjelp frå publikum her.

Frelsesarmeen

Frelsesarmeen er også representert i Filippinane. Du kan lese meir om korleis du kan støtte Frelsesarmeen sitt arbeid for dei tyfonramma i Filippinane ved å gå på denne sida .

Brobyggerstiftelsen

Ein mindre organisasjon med base i Sandnessjøen som driv barneheim og tiltak retta inn mot born og unge. Les om korleis du kan støtte dei her.

Misjonsalliansen

Misjonsalliansen har vore på FIlippinane sidan syttitalet, og er ikkje ein naudhjelpsorganisasjon, men skriv at dei støttar offera for tyfonen gjennom eit samarbeid med ein lokal organisasjon.

Her kan du lese om å gi pengar til Misjonsalliansen.

Utvalgte dokumentarer

Israelsk dokumentar fra 1998. Filmen handler om den israelske staten fra den ble dannet i 1948, med de viktigste hendelsene og milepælene, og er satt sammen av nyhetsklipp, dokumentarfilmer og utdrag fra spillefilmer. Enkeltpersoner deler sine egne minner og refleksjoner som borgere av det nye landet. (Tkuma - The first 50 Years)
Br. dokumentar fra 2013. Den arabiske våren har satt igang en rekke endringer i Midtøsten. Iran har fortsatt som mål å skaffe seg atomvåpen, og Israel står overfor en rekke trusler, både utenfra og innenfra. BBC-journalisten John Ware rapporterer. (Facing the Future)
Br. dokumentar. Unge afghanske jenter blir utnyttet på det grusomste av narkotikabander knyttet til Taliban. Bøndene dyrker opium mot å få lån av bandene til avlingene sine. Når myndighetene brenner ned plantene, kommer bøndene i en tvangssituasjon. De må selge døtrene sine for å betale gjelden til bandene. (Opium Brides)