– Sogn har 200 tusen fleire gjestedøgn per år enn Hardanger. Og Sogn og Fjordane er eit stort turistreisemål med 1,3 millionar gjestedøgn, så omsynet til reiselivet er argument for velja vegen over Hemsedalsfjellet, seier ordførar Noralv Distad (H) i Aurland (sjå faktaboks).
Distad prøver med det å slå kronargumenet til forkjemparane for Hardangervidda som hovudveg mellom Aust- og Vestlandet til bakken.
- Les òg:
- Les òg:
90 politikarar og veglobbyistar
90 politikarar og veglobbyistar møttest i dag på Gol for å leggja fram synspunkt og fakta om kva veg som bør veljast som den nordlege aust-vest-hovudtraséen.
Møtet blei skipa til av Statens vegvesen. Fagetaten har starta ei omfattande utgreiing, som innan 1. september skal munna ut i ei fagleg tilråding om kva av dei to alternativa Regjeringa bør gå for.
Samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) peika før jul ut Haukeli-vegen som den sørlege aust-vest-traseen. Avgjerda om kva som skal bli den nordlege, utsette Solvik-Olsen:
– Hemsedalsfjellet er ønska av lastebilnæringa, medan turistnæringa ser store fordelar med Hardangervidda, sa Solvik-Olsen 18. desember.
- Les òg:
Stengd veg skremmer turistar
Nettopp denne utsegna til samferdsleministeren har ført til at reiselivsargumentet har sigla opp som vesentleg i vegkampen: Kva veg tener turismen best?
– Det er gjort store investeringar som kjølnar, fordi trafikken stoppar opp. Mange av turistane kjem frå utanfor Europa, og desse vil gjerne koma over Hardangervidda. Når vegen er vinterstengd, finn dei andre reisemål, som Finland og Canada. Er det meininga? spurde direktør Edmund Utne ved Hotell Ullensvang retorisk, og kom sjølv med svaret:
– Få Hardangervidda på plass som ny hovudveg.
Hotell på rekkje og rad
Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane trekte derimot fram Hemsedalsfjellet som innfallsporten til det ho omtalte som «indrefileten i reiselivet».
Ordførar Distad i kommunen som husar dei store attraksjonane Flåmsbana og Nærøyfjorden, følgde opp:
– Dei mange turistane som kjem til landet via Oslo, vil sjå fjord og fjell. Vegen over Hemsedalsfjellet vil vera den kortaste for dei.
– Men i Hallingdal og Hardanger er det gjort store reiselivsinvesteringar allereie. Bør ikkje vegvalet støtta opp om dette?
– Det er ikkje mindre behov for å utnytta ledig kapasitet i Sogn og Fjordane enn det er i Hallingdal og Hardanger. I Sogn og Fjordane ligg hotella og attraksjonane på rekke og rad. Også der må me sikra inntening, seier Distad.
- Les òg: